Påskoging som akuttmedisin

Publisert 03.12.2019

Påskoging på kloden kan løyse klimakrisa seier FN's 
klimapanel i august 2019.
Foto: NTB
Påskoging på kloden kan løyse klimakrisa seier FN's klimapanel i august 2019. Foto: NTB

Alle ekspertar fortel om ei klimakrise med påfølgjande nye naturkatastrofer på kloden. Mange mennesker vil difor måtte bøte med livet i åra som kjem. FN’s Klimapanel sa i august dette året at ei definert påskoging på kloden innan 2100 kan løyse klimakrisa.
Det har gått eit halvår, det er snart jul. Kvifor snakkar ingen andre om påskoging på kloden? Kvifor er politikarane våre tause om dette?

Tekst og foto: Helge Kårstad

Ingen snakkar om påskoging
Stort sett alle ekspertar fortel om ei komande klimakrise, – ja vi er der allereie seier dei same. Sterke stormar, flaumar, havstigning, ekstreme temperaturar og brannar er blitt daglegdagse ein eller annan stad på kloden. Aldri har kloden blitt så rask oppvarma. Sjølv i Norge har vi siste åra opplevd store øydeleggingar som ekspertane meiner skuldast klimaendringane.  
Norske politikarar stiller dagleg på dagsnytt18 og fortel at dei vil redusere klimautsleppa, …..men dei har diverre auka siste tiåret. Vi får høyre at vi og har noko olje igjen i Nordsjøen som det hastar noko infernalsk å hente opp, grøn energi kallar mange denne oljen.
Ingen, ja ingen snakkar på dagsnytt18 om skogen si rolle eller rettare sagt påskoging som ei nødvendig, rimeleg og effektiv løysing, ikkje minst ein akutt medisin for å unngå dei største naturkatastrofer dei neste 100 år.

Alle snakkar om reduserte utslepp. Ekspertar omtalar olje og gass som f.eks her ved Kårstø i Rogaland som sentralt i det grøne skiftet. Knapt nokon snakkar om skogen i Norge det grøne skiftet. Kvifor er sitkagrana på same bildet nærast blitt ein fiende i det grøne skiftet?
Naturkatastrofer er blitt vanleg også i Norge, her frå Jølster sist sommar. Kor gale må det bli før vi handlar, – før vi forstår at påskoging kan løyse krimakrisa?

Klimapanelet (aug. 2019) har løysinga på klimakrisa
FN’s Klimapanel (IPPS) snakkar og skriv jamleg frå Geneve, no også om skogen si rolle. I august 2019 dokumenterar dei at dersom vi føretar ei påskoging i verda innan 2100 vil vi kunne halde den gjennomsnittlege auken i temperaturen på jorda under 1,5 grader (temperatur sett i høve til før-industriell tid). Men då må det plantast ny skog på ca. 7,5 millionar km2 (tilsvarande Australia sitt landareal). Norge har i dag ca. 1 promille av verdas CO2 utslepp. Dersom vi føreset at Norge skal følgje klimapanelet sitt framlegg, må vi plante 1 promille av dette eller tilsvarande 7,5 millionar dekar skog. Kor mykje er så dette? Er det muleg å gjere?

Norge har også vurdert klimaskog
Dersom vi trur på FN sitt klimapanel frå Geneve, er det eit faktum at ved å påskoge på 7,5 mill. km2 på kloden innan 2100 vil vi ha i grove trekk ha løyst klimakrisa. Fordi vi då held oss under 1,5 graders målet, – og det hastar sjølvsagt.
Kan vi gjere dette i Norge og har vi tal som kan fortelje noko om dette ? Ja, svaret finn vi i ein fersk rapport frå 2 sentrale direktorat.
Rapporten heiter «Pilotfasen for Planting av skog på nye areal som klimatiltak», er underteikna Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet og avgitt i april 2019. Rapporten er med andre ord avgitt ca. 3 månader før FN’s Klimapanel si tilråding kring same tiltak, – sjølvsagt utan noko som helst kopling.

Direktorata i Norge sitt oppdrag og resultat
Den norske rapporten er ei evaluering av pilotfasen av prosjektet skog på nye areal som klimatiltak og innspel til Klima- og Miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet i arbeidet med oppfølging av Klimameldinga (Meld.St.nr.21, 2011-2012, Norsk klimapolitikk) og Klimaforliket (Innsti.390 S.(2011-12).
Heile rapporten er på over 200 sider, og det er gitt mykje god informasjon, arealstatistikk frå Landskogtakseringa og frå nyare forsking kring skog, miljø og klima i Norge.
Under Sluttrapportering (del1) i rapporten er m.a. omtala potensielt areal for tilplanting (gjengroingsareal). Totalt er det registrert eit potensielt areal for planting på 8. 4 millionar dekar. Areal der gjeldande regelverk ikkje tillet planting er utelate. Sameleis er utelate areal der det var førekomst av MiS-livsmiljø (miljøregistrering i skog) eller det var registreringar som synte at det hadde vore skogbruksaktivitet på arealet tidlegare. Fig. 1 syner ei fylkesvis fordeling av potensielle gjengroingsareal for tilplanting av klimaskog. Fordelinga syner at potensiala er størst på Vestlandet og i Nord-Norge

Fig. 1 Fylkesvis oversikt over eigna areal for planting av klimaskog (Rapport M-1161/2019)

Positive føringar
Rapporten frå dei norske direktorata tek ikkje noko endeleg standpunkt til kor mykje klimaskog ein kan plante i Norge. Men dei legg føringar) som er utvilsomt positive for tiltaket. M.a. seier dei i samanstillinga (del 3) til slutt, punktvis gjengjeve etter uthevelser i rapporten:
Planting av skog som et klimatiltak er ment å rette seg mot restarealer under gjengroing som ikkje lenger er i aktiv bruk.
En framtidig ordning må opne for at de ansvarlige forvaltningsmyndigheter får rom for å utøve skjønn
✓ Tiltaket gir positiv klimanytte for alle boniteter, gjengroingsgrader og hogstidspunkt som har blitt vurdert.

Gran ble benyttet i pilotfasen fordi det har best klimaeffekt
✓ Når trevirket fra skogen brukes til å substituere fossilt råstoff og utslippsintensive produkter vil klimanytten øke ytterligere

Å ta i bruk areal på middels bonitet vil øke det potensielle arealet for tiltaket. Tiltaket vil fortsatt ha positiv klima- og næringsnytte, og det forventes å redusere konflikten med naturmangfold Det synes hensiktsmessig at arealer på svært høy bonitet prioriteres ned av hensyn til naturmangfold og utfordringer med etablering.
Tiltaket har positiv klima- og næringsnytte uavhengig av gjengroingsgrad
✓ Direktoratene vurderer det som fornuftig å opne for å ta i bruk areal på middels bonitet og areal i sen gjengroing ved en videreføring av ordningen

Rogaland var eit av 3 fylker som gjennomførte prosjektet “Planting av skog på nye areal som klimatiltak”, her representert ved skogbruksjef Hans Petter Tønnesen og Ove Østrem. Dei fortel at 1 dekar klimaskog bind gjennomsnittleg like mykje CO2 som ein bensinbil årleg slepp ut ved ei køyrelengde på 20 000 km.

Akutt medisin for klimakrisa er klar; kva ventar vi på ?
Merk at 8,4 mill. da eigna areal for klimaplanting i Norge er om lag same nivå som Klimapanelet legg til grunn, føresett ei fordeling (1 promille) som skissert i avsnittet ovanfor. Med andre ord; rapporten frå begge direktorata har pr. april i år funne areal eigna til skogplanting som samsvarar med klimapanelet sine tal (pr. august 2019) for å løyse klimakrisa på kloden.
Kva ventar vi på? Kvifor gjer vi ingenting ? Kvifor går vi til juleborda som om ingenting har skjedd ? For vi har ei klimakrise og vi har ein akuttmedisin for klimakrisa, utan alvorlege biverknader og den heiter Påskoging !