Trebåtbyggjaren får universitetsstatus

Publisert 20.12.2019

Tilsette ved Oselvarverkstaden framfor ein nybygd seksæring. Ein seksæring (eller tre-roring) har 3 par årar og vart stort sett rodd av 3 voksne karar. Denne båtstorleiken vart mykje nytta som skyssbåt (eks. jordmorskyss) og vanleg fram til ca. 1920.
IL Kvernbit i Meland kommune har bestilt 2 seksæringar som straks er ferdige.
F.v. båtbyggjar Maik Riebort, båtbyggjar Stig Salbu Henneman, båtbyggjar og fagleg leiar ved Oselvarverkstaden Berit Osmundsen, båtbyggjar Leif Harald Amundsen, lærling Ella Mørtsell og lærling Fredrik Meier.
Dagleg leiar Vidar Langeland var ikkje tilstades då biletet vart teke.
Tilsette ved Oselvarverkstaden framfor ein nybygd seksæring. Ein seksæring (eller tre-roring) har 3 par årar og vart stort sett rodd av 3 voksne karar. Denne båtstorleiken vart mykje nytta som skyssbåt (eks. jordmorskyss) og vanleg fram til ca. 1920. IL Kvernbit i Meland kommune har bestilt 2 seksæringar som straks er ferdige. F.v. båtbyggjar Maik Riebort, båtbyggjar Stig Salbu Henneman, båtbyggjar og fagleg leiar ved Oselvarverkstaden Berit Osmundsen, båtbyggjar Leif Harald Amundsen, lærling Ella Mørtsell og lærling Fredrik Meier. Dagleg leiar Vidar Langeland var ikkje tilstades då biletet vart teke.

Universitetet i Tromsø har saman med Forbundet Kysten nyleg teke initiativ til å få utgreidd tradisjonell trebåtbygging som eige universitetsfag.
«Dette er veldig bra, båtbyggeren legger ikke hodet igjen hjemme når han går på jobb, han må kunne teorien bedre enn noen» seier fagleg leiar ved Oselvarverkstaden, Berit Osmundsen.

Tekst og foto: Helge Kårstad

Eit nybrotsarbeid på gang
Forbundet Kysten har lenge arbeidd med å fronte trebåtbygging i Norge, og la for 3 år sidan fram eit forslag om å få etablert eit akademisk studie for bygging av trebåtar i Norge.
1. januar 2019 vart Det kunstfaglege fakultet og Tromsø museum – Universitetsmuseet fusjonert til Norges arktiske universitetsmuseum og akademi for kunstfag (UMAK). UMAK består av 3 institutt, og er ein del av UiT Norges arktiske universitet i Tromsø.
I den samanheng tok rektor Anne Husebekk ved UiT Norges arktiske universitet initiativ til å få utgreidd eit eige universitetsstudium i tradisjonell trebåtbygging. Instituttleiar ved Kunstakademiet/UMAK Kjell Magne Mælen vart gjeve oppgåva som prosjektleiar. Med seg har han ei kjernegruppe på 6 personar. Dei skal legge fram eit forslag til det faglege innhaldet i eit slikt studium vinteren 2020. Mælen seier at det blir avgjort i oktober 2020 om sjølve studiet vil bli oppretta. Om det blir positivt vedtak, vil studiet (bachelor) bli tilgjengeleg frå 2021.
Disse er med i kjernegruppa; Gunnar Eldjarn, Arne-Terje Sæther, Jon Godal, Lisbeth Syltøy Fiske, Einar Borgfjord og Berit Osmundsen.

Kjell Magne Mælen fortel til Kystskogbruket at det også er knytt opp ei referansegruppe på kring 10 personar, herav fleire båtbyggjarar i Norge. Så langt er tanken å lage ein verkstadsbasert modell, der studentane har hovuddelen av undervisninga som utplassert i eksisterande båtbyggjarverkstader i landet. Det skal også kunne leggjast inn ulike mindre kurs knytt direkte opp til verkstadsopplæringa. Til slutt vil det bli tilbod om ulike støttefag, og desse kan takast nettbasert eller samlingsbasert. – «Dette er eit nybrotsarbeid fordi det knapt finns noko liknande nokon stad» avsluttar Mælen.

«Legger ikke hodet igjen»
Berit Osmundsen er båtbyggjar og fagleg leiar ved Oselvarverkstaden i Os ved Bergen, og er med i kjernegruppa. Oselvarverkstaden og oselvarkulturen vart oppført på UNESCO si liste over immateriell kulturarv i 2016, ei anerkjenning som står høgt i kurs.
Berit understrekar at det ligg ei stor teoretisk kompetanse i båtbyggjarfaget. Noko er allereie skrive ned, men mesteparten har over tid blitt overlevert via praktisk læring. Eit slikt studium må difor leggjast opp både praktisk og teoretisk dersom det skal ha livets rett.
På sett og vis er det vel knapt nokon utanfor båtbyggjarmiljøet som er klar over all kompetanse ein trebåtbyggjar må ha. Han må ha kunnskap om kvar ein kan finne dei rette trea, kvar ein kan bruke dei ulike delane av treet i båten, korleis treet må skjerast, tørkast og ikkje minst korleis ein skal lage ein god båt av dette virket. Båtbyggjaren må i tillegg ha kunnskap om korleis sjøen, bølgjene, straumane, vinden og årstidene påvirkar bruken av båten. – «Ja nokken tror kanskje at båtbyggeren legger igjen hodet før han stiger inn døra til verkstedet, og bare klinker båtbordene sammen» seier Berit med eit strengt smil. Ho legg til at slik sett vil dette studiet og statusen det medfører bli viktig for å vidareføre båtbyggjarfaget i Norge.

Berit Osmundsen framfor ein modell (1/4 storleik) av ein åttring. Ein åttring har fem rom og 4 par årar. Neste år skal Berit som stipendiat ved Handverksinstituttet finne fram igjen den gamle kunnskapen med å byggje store Oselvarar. Desse båtane vart bygd på 16- og 1700 talet utan teikningar eller heilt faste mål. Ved neste jul er det stor sjans for at Berit har bygd ein fullskala åttring av ein oselvar. Vi gledar oss !

Mjukare bak enn framme
Berit fortel vidare med stor entusiasme om alt det ein trebåtbyggjar må vite om treet, treslaget og trevirket sine eigeskapar for å kunne velje dei rette emna til ein god trebåt. Ofte er dette tre og treslag som folk flest ikkje ser seg nytte av til anna bruk.
«Når det gjeld Oselvaren, har vi skriftlege kjelder heilt tilbake til 1520» seier Berit. Utviklinga av båttypar har delvis følgd utviklinga elles i samfunnet. På 1600-talet låg mange gardsbruk i fellestun, og dei hadde gjerne større båtar, f.eks. seksringar eller åttringar. Etter kvart som folketalet auka utover 17- og 1800 talet, vart gardane delte og dertil vart båtane noko mindre, ja etter kvart slik at berre eit par personar kunne ro båten. Men etter dagleg bruk, vart trebåten alltid drege på land og lagt under eit tak. Elles ville den verte øydelagt av veir og vind.
Ja tek du tak i ein trebåt og dreg den på land, merkar du fort at den er «bøyeleg». Det er fordi ein god ro- og seglbåt må vere mjukare bak enn framme understrekar Berit. – «Stiv framme for å ta belastninga frå sjøen og mjuk bak for å sleppe sjøen». Mellom anna desse eigenskapane krev dyktige båtbyggjarar, som også kan å finne dei rette kvalitetane til båtborda i skogen.

Berre dei penneføre
Også Gunnar Eldjarn frå Tromsø som er medlem i kjernegruppa, understrekar at dette ikkje må bli eit teoristudium og berre det. Her må teori, praksis og gamalt handverk gå hand i hand.
Gunnar er kanskje ein av landets fremste trebåtbyggarar. Han har i tillegg vore knytt til Tromsø museum sidan 1991. Saman med Arne-Terje Sæther har han eige båtbyggeri på Kvaløya utanfor Tromsø, og produserar nordlandsbåtar mellom 16 og 46 fot. Sidan 1980 er Gunnar Eldjarn ansvarleg for kring 100 bygde tradisjonsbåtar av tre. I tillegg har han skrive fleire bøker og vitskapelege artiklar om båtbygging, mest kjent er 4 binds verket på tilsaman ca. 1000 sider  om Nordlandsbåten og Åfjordsbåten. Desse har han skrive saman med Jon Godal som også sit i kjernegruppa. I innleiinga til bind 1 kan vi lese:
«På mange måtar er det flaut å hefte namnet sitt til bøkene. Dei er ikkje vårt verk. Vi har berre ført pennen for andre. Det er ein kombinasjon av tradisjonsboren kunnskap og forståing frå vår eiga tid som blir presentert. Vi er berre dei penneføre som freistar å få i skriftleg samanheng litt av den kunnskapen som var og er knytt til båtane»

Gunnar Eldjarn framfor ein nordlandsbåt, ein seksæring eller tre-roring av gran. Ein tre-roring skulle kunne roast av 3 godt voksne karar. Den er bygd i Rana i 1889 og er ein framifrå sjøbåt den dag idag.
Farga striper er blitt kjennemerke på nordlandsbåten idag. Likevel er dette noko som var mindre vanleg i eldre tider.
Gunnar har også åttringen RIVAL, ein nordlandsbåt av gran som er bygd kring 1880 i Rana.
Ein trebåt må alltid ligge under tak når den ikkje er i bruk, ja slik har sjøfolk alltid gjort seier Gunnar. Då kan ein trebåt som denne halde seg like god stand i minst hundre år.

Spiren til det nye og innovative
Den skrivne og uskrivne kunnskapen om bygging av trebåtar i Norge er overveldande, mykje meir enn dei fleste av oss er klar over. Det er på tide at dette miljøet blir sterkare kjent og verdsett. Eit tilbod om bachelorgrad for unge studentar ved universitetet i Tromsø vil vere viktig. Dette vil også medverke til at heile den norske skognæringa i større grad blir betre kjent med denne rike kulturen, som på sett og vis har vore grunnlaget for det meste her i dette landet. For det er no slik ein gong at kunnskapen om historia er spiren for dei framtidige innovative løysingane, også i skognæringa.  

Sola, fjellet, sjøen, jorda og treet er viktig for klima og har i tusenvis av år lagt grunnlaget dei fleste næringar her i landet. Slik vil det og bli i framtida.
GOD JUL frå Kvaløysletta i Troms !