Ingen endringar for skogbruket

Publisert 02.05.2020

Koronakrisa har m.a. gitt større statlege løyvingar til skogplanting i 2020. Skogbruksleiar Torgrim Østgård i AT Skog (til venstre) og skogplantar Richard Vassliås i Sunnfjord set pris på satsinga på skogplanting. 
Men årets jordbruksavtale for 2020-21 legg ikkje inn ei krone ekstra til ei næring som av mange blir rekna for det grøne skiftet i praksis.
Foto: Helge Kårstad
Koronakrisa har m.a. gitt større statlege løyvingar til skogplanting i 2020. Skogbruksleiar Torgrim Østgård i AT Skog (til venstre) og skogplantar Richard Vassliås i Sunnfjord set pris på satsinga på skogplanting. Men årets jordbruksavtale for 2020-21 legg ikkje inn ei krone ekstra til ei næring som av mange blir rekna for det grøne skiftet i praksis. Foto: Helge Kårstad

Norges Bondelag, Norges Bonde- og Småbrukarlag og staten v/ Landbruks- og matdepartementet la 30. april fram resultatet av forenkla forhandlingar for ein Jordbruksavtale 2020-2021.
Det vart ikkje føreslege endringar i budsjettmidlar for skogbruket jamført med årets avtale.

Skogbruket i  Jordbruksavtalen 2020-21
Avtalen inneber 350 millionar kroner meir i budsjettstøtte og noko i overkant av 300 millionar kroner i auka målprisar (mjølk, svin, poteter, grønt og korn) totalt til landbruket.
LUF potten (kap. 1150, post 50) som del av jordbruksavtalen, blir auka med 45 millionar kroner. Løyvingsramma er totalt på 1,733 milliardar kroner. Av denne utgjer «skogbruk» 257 millionar kroner, og det er same sum som i inneverande periode (2020). Utover dette er ikkje skogbruk omtala med eit einaste ord i avtalen, etter det vi kan sjå.

Skogbruk i eksisterande avtale
For budsjettperiden 2020 (LUF) vart det i utgangspunktet fordelt 113 millionar kroner til skogsvegbygging og 82 millionar kroner til skogkultur. Av dei andre postane vart det m.a. fordelt 6 millionar kroner til miljøtiltak og 6 millionar kroner til kystskogmidlar.
På grunn av koronakrisa, vart det nyleg trekt inn ca. 40 millionar kroner av årets skogbrukspott og fordelt tilbake til fylka som eit nytt plantetilskot. Av dette vart heile 20 millionar kroner trekt inn frå midlar til skogsveibygging for 2020.

Mykje kan enno skje
Det står igjen å sjå om budsjetthandsaminga på Stortinget til hausten vil gi jord- og skogbruk betre vilkår. I alle fall har Senterpartiet signalisert ei krisepakke i tillegg til landbruksoppgjeret.
Skognæringa Kyst har gitt innspel om trong for auka støtte på fleire poster. Når det gjeld skogsmidlane i jordbruksavtalen 2020-21, er det forhandlingspartane saman med Norskog og Norges Skogeierforbund som fordelar LUF-potten innan «skogbruk», vanlegvis i god tid før årsskiftet.

Kva med flaskehalsar på kommunale vegar?
Her må vi minne om at det venteleg også for 2021 vil bli sett av pengar til skogsvegbygging og tømmerkaiar over kapittel 1149, post 71 på LMD sitt budsjett. Skognæringa Kyst har spelt inn eit ynskje om å øyremerke 20 millionar kroner i denne budsjettposten til å fjerne flaskehalsar for tømmertransport på kommunale vegar der det er venta mykje tømmertransport. Dette er eit tiltak som også vil kunne gi raske resultat, og sikre lokale anleggsentreprenørar arbeid. Denne budsjettposten ligg utanfor jordbruksavtalen, og vil såleis bli gjort kjent samtidig med resten av statsbudsjettet til hausten.

Skognæringa Kyst har spelt inn trong for spleisemidlar til å fjerne flaskehalsar for tømmertransport på kommunale vegar og der tømmermengdene vil bli store framover.
Næringa set si lit til at det blir øyremerka 20 millioar kroner til dette tiltaket over kapittel 1149, post 71 når det ordinære statsbudsjettet blir lagt fram i haust.