Planta skog i 50 år

Publisert 05.06.2020

Sigfred Stusdal har nettopp fylt planteveska med nye planter. Dette har han gjort i 50 år. I dag og i sitt 81 år plantar han fortsatt skog ulike stader i Seim. Ein verdiskapar av dei sjeldne vil vi meine.
Sigfred Stusdal har nettopp fylt planteveska med nye planter. Dette har han gjort i 50 år. I dag og i sitt 81 år plantar han fortsatt skog ulike stader i Seim. Ein verdiskapar av dei sjeldne vil vi meine.

Sigfred har runda 81 år og er denne dagen i gang med skogplanting. I heile 50 år har han planta skog, litt for seg sjølv men også for andre. – «Det er triveleg arbeid» seier den tidlegare bonden Sigfred Stusdal i Alver kommune ved Bergen.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Store verdiar i skogen
Vi møter Sigfred Stusdal ein mild maidag i full gang med årets skogplanting.
Sigfred kjem opphaveleg frå Romarheim i Masfjorden kommune, ein times køyretur frå Seim Lindås, no Alver kommune rett nord for Bergen. Som 28-åring kjøpte han gard i Seim i 1967. Inntil då hadde Sigfred drive med tunnellsprenging, m.a. på E39 i Matre der det idag passerar fleire tusen køyretøy dagleg. Han betalte ein tredjepart av garden med pengar frå den første vinteren i skogen. Det var berre furuskog, og alt gjekk til papirfabrikken Hunsfoss i Vennesla. – «Den gongen var massevirket til papirproduksjon like godt betalt som skurtømmeret» fortel Sigfred. Han smiler når han legg til at naboane i Lindås kunne ikkje kunne forstå at det var så mykje verdi i skogen.

Sigfred står her i starten på ein relativt nybygd skogsbilveg som fører via innmarka på garden i Seim til den produktive skogsmarka der han har planta mykje skog i si tid.

Forstår ikkje at du giddar
I tillegg til mjølkeproduksjon og seinare sauehald tok Sigfred på seg hogst, ungskogpleie og skogplanting  hos naboar i Seim og bygdene ikring. På det meste planta han årleg 30 000 granplanter, den gongen barrotsplanter. – «Kvar eingaste plante vaks opp» seier Sigfred stille.
Sigfred synest skogplanting er svært triveleg arbeid, og synest det er trist at ungdomen no blir sitjande bak ein PC eller mobiltelefon å leve ut draumane sine. Ja han har sjølv høyrt kommentaren om skogplanting: – ” Eg forstår ikkje at du giddar»…..

Her ligg 10 000 granplanter klare for utplanting. På det meste planta Sigfred eit år 30 000 barrotsplanter, 3 ganger så mykje som det ligg her. Det tok noko lenger tid å plante barrotsplanter, – men me fekk omlag 100% tilslag seier Sigfred.

1200 kubikkmeter var mykje
Til han var 70 år (kring 2010) tok Sigfred på seg tilbod med hogst og rydding. På det meste hogg og dreiv han sjølv fram 1200 kubikkmeter gran, hovudsakleg vinterstid. Utstyret den gongen var motorsag, landbrukstraktor og 2-tromla Igland vinsj, eit særdeles godt og effektivt utstyr minnast Sigfred.
Han dreiv også mykje med linjerydding for BKK (Bergens kommunale kraftlag), og vart spesialist på vanskelegstilte tre inntil straumførande linjer. Den dag i dag ringer folk etter hjelp når eit stort eller vanskeleg tre skal fellast. Då stiller Sigfred, – men legg til at han kanskje vil trappe ned denne type krevjande oppdrag.

Vi vil gjerne seie at så vel årleg hogstvolum som tal planter den gongen er imponerande. Ein gjennomsnittleg bonde hogg då årleg 100 – 200 kubikkmeter tømmer i eigen skog. Heiltids hogstentreprenøren som vi kjenner i dag, og som med si hogstmaskin dagleg hogge 200 kubikkmeter tømmer,  vart først vanleg kring århundreskiftet på Vestlandet. Entreprenørskogbruket er effektivt, men den lokale interessa for skogbruk og skognæring har kanskje gått noko tapt.


Resultatet: årleg 25 vogntog
I 2015 vart det bygd ny tømmerkai i Lindås (no Alver kommune), kring 1 mil frå skogen til Sigfred. Totalt har Sigfred planta kring 250 000 planter på desse 50 åra. Desse plantene utgjer idag kring 1000 dekar skog som  årleg og gjennomsnittleg produserar kring 1000 kubikkmeter tømmer, eller årleg kring 25 fullasta vogntog med tømmer. Set du vogntoga etter kvarandre, vil dei årleg nå ein halv kilometer på vegen mellom Seim og Eidsnes.

Det var stor stas då den nye tømmerkaien i Eidsnes (kring ei mil frå Seim) vart opna i september 2016 av dåverande landbruks – og matminister Jon Georg Dale.
F.v. tidlegare fylkesvaraordførar i Hordaland Pål Kårbø, Helge Kårstad, tidlegare leiar i Nord Hordland Skogeigarlag Sigvard Hopland (død 2019), Jon Georg Dale, tidlegare ordførar i Lindås Astrid Aarhus og tidlegare leiar i Skognæringa Kyst Jan Ivar Rødland.

Årleg verdiskaping kring 4 millionar kroner
“Trea i skogen legg på seg sjølve, ein treng ikkje mate dei kvar dag” sa ein kjend skogbrukar til meg ein gong.
Slik er det også med plantene som Sigfred har planta. Dei klarar seg sjølve og produsera trevirke kvart einaste år, både i diameter/ breidde og høgde.
Ein gjennomsnittleg årleg produksjon kring 1000 kubikkmeter tømmer gir ein årleg førstehandsverdi (2020) på kring 350 000 kroner eller ein årleg potensiell verdiskaping i verdikjeden skog  kring 4 millionar kroner.
Dei første plantene til Sigfred er allereie levert som tømmer over den nye tømmerkaien i Eidsnes, kring ei mil frå Seim. Tømmeret går vidare med båt til skogsindustri i Granvin i Hardanger, til Trøndelag og noko til eksport. Resten av tømmeret frå skogen som Sigfred har planta vil kome dei neste 60 åra.
Om vi reknar årleg 4 millionar kroner i 60 år, blir det mykje, ja mykje pengar. Fins det igrunn noko liknande der du sjølv skaper arbeid og verdiar for dei som kjem ein generasjon etter?

Spirer til neste generasjon
Det blir ei imponerande verdiskaping basert på Sigfred sitt arbeid med skogplanting i si tid. I tillegg til å ha drive eige gardsbruk med mjølkeproduksjon og sauehald.
Vi blir imponerte og takksame, ikkje minst fordi Sigfred denne maidagen i 2020 på nytt fyller planteveska med granplanter. Spirer til arbeid og levebrød for neste generasjon.

Hogstmoden, tidlegare planta skog i Bergen kommune