140 på skogdag i bratt terreng
Publisert 04.09.2020

Under strenge koronatiltak samla skogdagen i Øyer kring 140 personar frå heile landet. I samråd med kommunelegen var det påmelding til arrangementet, som vart arrangert i skogterrrenget like ved alpinbakken i Hafjell.
Skogdagen i Øyer med tema bratt terreng samla mykje folk.
– Det moderne driftsutstyret som vart vist fram på skogdagen er eit kvantesprang i utviklinga av skogsdrift i bratt terreng, sa fleire av deltakarane.
– Vi treng eit taubanemiljø i Norge både for å ta ut ressursar og å sikre beredskap, sa adm. dir. i Glommen Mjøsen Skog, Gudmund Nordtun.
Skogdagen 28. august, Øyer i Gudbransdalen var eit arrangement i regi av Norsk Taubanelag, MEF Skog, Glommen Mjøsen Skog og Kystskogbruket.
Kommunikasjonssjef Silje Ludvigsen i Mjøsen Glommen Skog, fagsjef Bjørn Lauritzen i MEF Skog, skogbruksleiar Trond Presrud i Mjøsen Glommen Skog og underteikna har saman med taubaneentreprenørane Torbjørn Frivik og Vidar Rørvik hatt ansvaret for planlegging og gjennomføring av skogdagen.
Vi legg her ut ein bildereportasje frå skogdagen.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Han sa også at det raskt må på plass ein taubanekonsulent/ pådrivar/ fagperson som kan få fart på å utvikle dette sårbare taubanemiljøet i norsk skogbruk.


Ho understreka at regjeringa har satsa stort på utbygging av skogsvegar og tømmerkaier. Også flaskehalser for tømmertransporten på fylkesvegar blir det no løyvd pengar til, det som gjenstår er flaskehalsar for tømmertransport på kommunale vegar, sa Eidsheim.
Ho kommenterte også skogen si viktige rolle som karbonbinder, og det faktum at Norge har betydelige skogressursar. – Den årlige tilveksten er meir enn dobla dei siste 100 åra, og ståande volum av tømmer i norske skogar er tredobla. Om lag 35–40 pst. av tilveksten blir brukt til industrielle føremål pr. år, sa Eidsheim og held fram.
– Norge skal vere ein leiande industri- og teknologinasjon. Høgre vil medverke til at norsk næringsliv og industri har gode rammevilkår.
Ho rosa skognæringa som dyktige til å fortelje om sine utfordringar til politikarar. – Det er også heilt avgjerande for at vi kan gjere ein god jobb på Stortinget, sa Eidsheim til slutt.






Til denne dagen hadde eigaren Torbjørn Frivik henta ein rykande fersk taubane frå Konrad Forstteknikk i Østerrike. – Ja den var så fersk at du kunne kjenne lukta av ny lakk, fortel Torbjørn begeistra.
Dette er bane nr. 4 av same type i entreprenørselskapet til Frivik. – Alt er likt på alle maskinene, det betyr også at vi lettare kan skifte mannskap.
Taubanen består også av ein Liftliner 4000 løpekatt. Saman med ei gravemaskin (Doosan 210) med kvisteaggregat (Woody 60) har dei 4 laga til Torbjørn arbeid i heile Sør Norge, hovudsakleg på Vestlandet og i Innlandet.
I bakgrunnen fakkelmannen frå OL på Lillehammer i 1994.



– Dette skal igrunn ikkje vere muleg vart det sagt mellom interesserte tilskodarar.
Som vi ser er wiren frå T-Winch’en 10.2 hekta på og trekkrafta er 10 tonn.
Torbjørn Frivik meiner at kring 1/3 av det tidlegare definerte taubaneterrenget i Norge no kan hoggast ved hjelp av hjulgåande hogstmaksin, lassberar og t-winch. Eit kvantesprang i norsk skogbruk vil nokon meine.


Sjåfør på hogstmaskina var Kenneth Nyhus og sjåfør for lassberar var Henrik Rønningen

Og Vidar veit kva han snakker om. Den første Owren krana kjøpte han i 1992, i dag har han 2 i drift, begge i Møre og Romsdal. Men den heilt ferske nyvinninga Owren 450 som vart synt fram på skogdagen er vel eit kvantesprang i utvikling samanlikna med forgjengaren. Tårnet er auka frå 12 til 16, 5 meter, trekkrafta auka frå gjenniomsnittleg ca 4 tonn til 6 tonn og rekkevidda er heile 450 meter.
Mest imponert vart vi av farten når vinsjen er brukt som slepebana. Vidar fortel at den går 9m/s på retur og 4,5 m på inntrekk. Når lassa er kring 4 kubikk, seier det seg sjølv at produksjonen blir stor. – I testperioden i Volda nyleg produserte vi 4000 m3 med ein dagleg gjennomsnitt på 83 kubikkmeter, ein vesentleg auke frå tidlegare modellar, seier Vidar.
Owrenkrana kan nyttast både som slepebane og som fallbane, då med berekabel. Men Vidar hevdar at så lenge tilkomstvegane ligg nederst i liane, er det stor trong for slepebaneteknikkken i Norge i mange år framover. Han er heller ikkje avhengig å stå på bilveg sidan bana er bygd på eit lassberarchassis.


