Tømmerkaier 2020 – 44,5 millionar kroner fordelte

Publisert 07.12.2020

Brønnøy Havn og Brønnøy kommune søkte om tilskot første gang allereie i 2015, og nådde endeleg gjennom nålauget i år etter å ha søkt 5 gonger.
Biletet er teke frå hurtigrutekaia i Brønnøysund i mars 2018. Der tømmeret ligg, skal det no byggast ein ny tømmerkai. 
Fra venstre skogbrukssjef Jan Jensen, Ole Bakke fra Allskog, videre leder i Velfjord og Sømna skogeierlag Paul Birger Hansen, hamnesjef Sølvi Helen Kristoffersen, Halvor Asper fra Multiconsult og Geir Sund fra fylkesmannen i Nordland.
Brønnøy Havn og Brønnøy kommune søkte om tilskot første gang allereie i 2015, og nådde endeleg gjennom nålauget i år etter å ha søkt 5 gonger. Biletet er teke frå hurtigrutekaia i Brønnøysund i mars 2018. Der tømmeret ligg, skal det no byggast ein ny tømmerkai. Fra venstre skogbrukssjef Jan Jensen, Ole Bakke fra Allskog, videre leder i Velfjord og Sømna skogeierlag Paul Birger Hansen, hamnesjef Sølvi Helen Kristoffersen, Halvor Asper fra Multiconsult og Geir Sund fra fylkesmannen i Nordland.

Nyleg løyvde Landbruksdirektoratet tilskot til 5 tømmerkaiar.
Siden 2013 er det løyvd 378 millionar kroner i statstilskot til 29 tømmerkaier frå Drammen til Lenvik i Troms. Krav om tinglyste rettar sikrar skogeigarane tilgang til sjø i nær sagt all framtid.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Følgjande tømmerkaiar har fått statstilskot i 2020, totalt 44,5 mill kr.

  • Salten Verk i Sørfold kommune – 16,5 mill. kroner
  • Gårdsøya tømmerkai i Brønnøy kommune – 14,9 mill. kroner
  • Børnes tømmerkai i Kvinnherad kommune – 7,6 mill. kroner
  • Tømmervik tømmerkai i Stord kommune – 4,0 mill. kroner
  • Håhjem tømmerkai i Ålesund kommune (tilleggssøknad) – 1,5 mill. kroner

 

Prioritert bruksrett


Tømmerkaiane er ein avgjerande del av infrastrukturen for skognæringa langs kysten. Kaiene gjer det muleg med utskiping av tømmer til skogsindustri både i Norge og internasjonalt, til akseptable kostnader. Vilkår for eit statstilskot er at kaieigar gir ein tinglyst priortert bruksrett til skogeigarane i dekningsområdet i minst 25 år. Reelt sett vil nok denne prioriterte bruksretten bli ståande så lenge skogeigarane nyttar tømmerkaier til utskiping av tømmer.


Investerar i sjøtilgang for 1 milliard kroner


Tilgang til tømmerkaiar er avgjerande for i det heile å kunne drive eit kommersielt skogbruk i store deler av landet. Biltransport av tømmer frå skog direkte til industri, vil berre vere muleg nokre få stader. Moderne skogsindustri ligg ofte ved sjø, og denne prioriterte tilgangen til tømmerkaiar vil på sikt og i periodar vere ein konkurranseføremon.
Tilskot til tømmerkaiar vart første gong gitt i 2013. Til saman har no 29 tømmerkaier fått statlege tilskot til oppgradering og nybygging med til saman ca. 378 mill. kroner.
Det gjenstår enno nokre prosjekt, og venteleg vil det meste vere gjort innan nokre få år. Totalt kan vi rekne med at det då er investert brutto ein stad mellom 7 og 800 millionar kroner i tømmerkaiutbygging i Norge. I ein del tilfeller vil eigar satse på fleirbruk av tømmerkaien, og eigar investerar gjerne noko ekstra i slike tilfeller. Ved å ta med fleirbruksdelen, vil vi nok snart passere 1 milliard kroner i totale investeringskostnader for alle desse prosjekta tilsaman.

Du kan lese meir om tildelinga under “Siste nytt” på nettsida til Landbruksdirektotet: www.landbruksdirektoratet.no

Det har blitt mange tømmerkaiopninger dei siste åra, her frå Ørsta i 2018.
Dåverande landbruks- og matminister Jon Georg Dale klarte både satse på infrastrukturen i skogbruket og handtere motorsaga.