Kurs og kompetanse om sitkagran
Publisert 25.03.2021
Skognæringa Kyst har teke initiativet til å utvikle ei kurs – og kompetansepakke for sitkagran og lutzgran. Målgruppa er skogeigarar som vil satse på produksjon eller avvikling av desse to treslaga.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Stor trong for kompetanse om sitkagran
Bakgrunnen for initiativet er at det i lengre tid har vore etterpurt meir kompetanse kring sitkagran (Picea sitchensis), både frå dei som produsere treslaget i skogen sin og dei som vil avvikle tidlegare plantingar for godt. Det gjeld også nokre andre utanlandske treslag, særleg hybriden lutzgran (Picea glauca x Picea sitchensis).
Det fins etter kvart ein god del dokumentert kunnskap kring treslaga både i Norge og internasjonalt. Det er også slik at treslaga har ein del spesielle eigenskapar som er viktig å kjenne til, både i samband med produksjon, men også ved avvikling av tidlegare plantingar.
Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet støttar initiativet
Denne våren har Skognæringa Kyst saman med Skogkurs invitert Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet for å diskutere ei eventuell kurs- og kompetansepakke for sitka- og lutzgran. Begge direktorata har uttrykt at det er svært positivt at skognæringa tar initiativ til eit kunnskapsløft for utanlandske treslag, og særleg desse to treslaga.
Skogkurs skal utarbeide prosjektplan
Skognæringa Kyst har i samråd med begge direktorata bede Skogkurs utarbeide ein prosjektplan innan sommaren 2021. Arbeidet med denne prosjektplanen vil bli finansiert av Skognæringna Kyst og Skogkurs. Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet vil gi innspel til planen.
Vi vil kome tilbake med meir informasjon om arbeidet ut på hausten 2021.