Hjelp oss å få slutt på dette
Publisert 21.06.2021
Hjelp oss å få slutt på denne kippkøyringa sa tømmertransportør Hans Arvid Austestad då sjåførar og representantar for AT Skog, Norges Skogeierforbund og Skognæringa Kyst var samla i Vindafjord i Rogaland forrige veke.
Tekst og foto: Helge Kårstad
I skikkeleg sommarveir hadde Jan Ivar Rødland i AT Skog invitert oss til fagdag med tema flaskehalsar på kommune- og fylkesvegar fredag 18. juni. Staden var Vikebygd i Vindafjord kommune og deltakarane var tømmerbilsjåførar i Hordaland, Rogaland og representantar for AT Skog, Norges Skogeierforbund og Skognæringa Kyst.
Kippinga berre aukar
– «Hjelp oss å få slutt på denne kippkøyringa» sa tømmerbiltransportør Hans Arvid Austestad til forsamlinga, og understreka at dette går ikkje lenger. – “Det er dyrt og vi får heller ikkje sjøførar til å drive med denne køyringa att og fram for å fylle ei lass. Ja vi må gi oss med dette, om det ikkje blir betre» sa Austestad med alvor i stemmen.
Logistikksjef vest i AT Skog John Elter slutta seg til bøna frå Austestad, og kunne fortelje at andel kipping hadde auka siste åra, – i dag er den kring 30 %. Etter kvart som vi kjem inn i nye skogreisingsområder der det ikkje har vore hogge før, ventar vi at kippinga fortsatt vil auke noko. – «Det hastar difor med å få skrive opp/ rusta opp vegane no» sa Elter til slutt.
Oreinteringar
Helge Kårstad orienterte om rapporten frå Transportøkonomisk Institutt (TØI), om bakgrunn for analysen, oppbygging og resultat. Han understreka at rapporten kan brukast både politisk og i det daglege arbeidet med å prioritere oppskriving/ opprusting av kommune – og fylkesvegar i Vestland og Rogaland.
Dag Skjølaas frå Norges Skogeierforbund orienterte oss grundig og godt kring bruksklasser, akseltrykk, vogntoglengde og tilpassa vogntogtypar. Spesielt framheva Skjøaas bruk av 4-aksla tømmerbil for å kunne redusere tal kippingar på beresterke vegar men med redusert vogntoglengde (12,4 og 15m). Skjølaas tok til slutt fatt i dei priorterte fylkesvegane med flaskehalser i TØI rapporten for Vindafjord kommune, og konkluderte med at fleire av dei kanskje kunne skrivast opp administrativt.
Takk til Jan Ivar Rødland og AT Skog som tek fatt i tema, – dette er kanskje den største utfordringa vi har i kystskogfylka og som må løysast innan rimeleg tid.
Men det krev også at alle virkeskjøparane samarbeider om tiltak til ein kvar tid, og ikkje undergrev kvarandre med å hogge og transportere tømmer på vegar som let seg skrive opp/ ruste opp på førehand. Då renn pengane ut av lomma!