Takk til Sylvi og FrP
Publisert 29.06.2021
I sommarlege omgjevnader i Mandal takka skogfolket Sylvi Listhaug og FrP for den store jobben ho hittil har gjort for norsk skogbruk. Som Landbruks- og matminister frå 2013 gjorde Listhaug skogsvegbygging og tømmerkaier til eit satsingsområde. Denne sommaren fiksa ho 35.3 millionar friske kroner i revidert statsbudsjett til m.a. skogplanting i Norge.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Ei ny æra
Sist helg var Sylvi Listhaug i Mandal og møtte m.a. skogfolk og fiskarar på Gismerøya, gamlehavna i Mandal.
Helge Kårstad takka på vegne av Skognæringa Kyst Sylvi Listhaug for både pengar i revidert statsbudsjett og positiv omtale om skogbruket i fleire år. Han minna om at før Listhaug inntok sjefstolen i Landbruks- og matdepartementet i 2013, var skogsvegbygging eit «fyord». Til glede for heile skogsnorge auka ho raskt dei statlege tilskota til skogsvegbygging. Samtidig fekk ho tilskotet til skogsvegbygging og tømmerkaiutbygging inn på ei «fast» ordning i ordinært statsbudsjett. Ja mange huskar sikkert også det fortvila «INON-begrepet» som heldigvis vart avvikla som verktøy i arealforvaltninga under Listhaug.
Skaffa friske kroner
Noverande landbruks- og matmininster Olaug Bollestad hadde i årets reviderte statsbudsjett føreslege å hente 35,3 millionar kroner til skogplanting frå årets allereie løyvde midlar til kai- og skogsvegbygging. Saman med framlegg om kutt på 36 millionar kroner til skogtiltak i Jordbruksavtalen for 2022, kan ein jo seie at ministeren frå KrF er i ferd med å «rive ned» den satsinga på skogbruk som FrP ved 3 ulike «skogministrar» hadde opparbeidd under åra i regjering.
– “At Listhaug no kjem inn, utanfor regjeringa, og opprettheld kai- og veipotten for 2021 og med det skaffar 35,3 millionar friske kroner til skogplanting er både gledeleg og beint fram utrurleg bra” sa Kårstad til ei svært så opplagt Sylvi Listhaug. Ho samtykte i at dette var viktig, og at skognæringa i realiteten lever på svært små statlege overføringar samanlikna med andre næringar.
Også takk til Andersen
Kårstad takka også tidlegare ordførar i Mandal Alf Erik Andersen (FrP) fordi han tidleg tok kontakt med Listhaug i denne saka. Han fortalde også at mange kaisøkjarar langs kysten var fortvila etter framlegget til Bollestad, og det vart teke fleire politiske kontakter i mai månad. Men det var berre Alf Erik Andersen i Mandal som fekk gjennomslag. I samråd med finanspolitisk talsmann Hans Andreas Limi i FrP, vart dette ordna i sluttfasen kunne Listhaug fortelje denne flotte søndagen i Mandal. Som vi no veit har dette også resultert i at tømmerkaien i Strømsvika i Mandal er prioritert for statstilskot allereie i 2021.
Even Hedland, styremedlem både i AT Skog og Skognæringa Kyst takka Alf Erik Andersen og Sylvi Listhaug for godt arbeid, og understreka at desse pengane hadde stor betyding for både skogsvegar og kaiutbygging i heile AT Skog sitt område. Han minna også om at Per Skorge i Norges Skogeierforbund hadde jobba aktivt for å få endra framlegget frå Bollestad. – «Eit felles ynskje frå heile skognæringa er viktig, og desto kjekkare er det når våre politikarar tek tak i dette og realiserar det», sa Hedland.
Bjarne Nøding, leiar i Holum og Mandal Skogeierlag understreka den store betydninga for desse midlane lokalt, ikkje minst for å følgje opp den store interessa for skogsvegbygging i distriktet. – «At det no også i 2021 venteleg kjem midlar til ei utviding i Strømsvika er av svært stor betydning både for Lindesnes kommune og kommune ikring. Tømmerterminalen i Strømsvika er blitt stadig viktigare både for flis og tømmer» sa Nøding.