Landbrukssamvirket set fokus på dårlege kommunevegar
Publisert 15.07.2021
Landbruksråd Vestland arrangerar i samarbeid med Kystskogbruket politisk temadag kring dårlege kommune- og fylkesvegar i slutten av august. Staden er Byrkjelo og Voss.
Tekst og foto: Helge Kårstad
«Vi invitere dykk som er kandidatar til Stortingsvalet 2021 til dialog kring ei svært viktig sak for næringslivet i Vestland» heiter det i ei pressemelding frå Landbruksråd Vestland til følgjande: partikontora i Vestland, årets kandidatar til Stortinget, medlemmene i Hovudutval for samferdsel og mobilitet i Vestland Fylkeskommune, Statsforvaltaren landbruk i Vestland, Lastebileigarforbundet, KS, fylkesordførar i Vestland, ordførarane i Gloppen og Voss, alle lokallaga i Bondelaget og representantar for kystskogbruket.
Og legg til:
«Vi ynskjer å synleggjere dei økonomiske og praktiske utfordringane som avgrensingar knytt til vekt og lengde (etter veglista) skapar for transport på kommune- og fylkesvegar. Kva er konsekvensane for bønder, skogeigarar, transportørar og anna næringsliv».
Tid og stad:
Torsdag 19. august klokka 11:00-14:00 på Meieriplassen på Byrkjelo, Meierivegen 1
Tysdag 24. august klokka 11:00-14:00 på Meieriplassen på Voss, Meierivegen 3
Sjå vedlagde program: Byrkjelo og Voss