Dette skal vi løyse – II

Publisert 01.09.2021

Stor oppslutnad frå politikarane i Hordaland på temadagen kring flaskehalser på kommunevegar. F.v. Iril Scau Johansen (H), møteleiar Jan Ivar Rødland (AT Skog), Boris Groth (FrP), Øystein Ormåsen (MDG), Per Jarle Valvatne (AP), Nils T. Bjørke (SP), Stein Ove Hansen (FNB), Terje Kolbotn (Raudt), Marte Hammer (SV), Eigil Knutsen (AP) og Jannicke Bergesen Clarke (AP).
Stor oppslutnad frå politikarane i Hordaland på temadagen kring flaskehalser på kommunevegar. F.v. Iril Scau Johansen (H), møteleiar Jan Ivar Rødland (AT Skog), Boris Groth (FrP), Øystein Ormåsen (MDG), Per Jarle Valvatne (AP), Nils T. Bjørke (SP), Stein Ove Hansen (FNB), Terje Kolbotn (Raudt), Marte Hammer (SV), Eigil Knutsen (AP) og Jannicke Bergesen Clarke (AP).

Heile 10 politikarar frå dei fleste partia i Hordaland stilte på Voss 24. august, den andre temadagen kring flaskehalsar på kommunevegar. Politikarane takka for god og lærerik presentasjon av utfordringa, og lova i samarbeid med næringa å løyse dette.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Etter initiativ frå Landbruksråd Vestland vart kandidatar til Stortinget invitert til dialogmøte på Byrkjelo (sjå reportasje her dagsett 23.08.21) og Voss tysdag 24. august.
TØI rapporten «Samfunnsøkonomisk nytte av å fjerne flaskehalsane på kommunale vegar» vart presentert av Helge Kårstad.

Det var imponerande å oppleve den store interessa for tema frå alle parti. Vi vil takke Landbruksråd Vestland og Vestland Bondelag for initiativet, og håpar vi i samarbeid kan løyse denne utfordringa. Og det hastar.
Som næringa sine transportørar sa det; «Dette må løysast, det kan ikkje fortsetje slik»

Nedanfor er ein bildereportasje frå møtet på Voss.

Leiar i Landbruksråd Vestland Lars Bø frå Voss yngste alle velkommen til temadagen.
Ordførar Hans-Erik Ringkjøb i Voss orienterte om kommunen sitt arbeid med å skrive opp kommunale vegar.
Til høgre dagens dyktige møteleiar Jan Ivar Rødland.
Regionsjef i Norges Lastebileierforbund Jan Ove Halsøy orienterte om kvardagen for sjåførane på dårlege distriktsvegar på Vestlandet.
Halsøy sa m.a. at her er mykje å ta fatt i når det gjeld distriktsvegane våre, og meinte at dei kommunale vegane absolutt trong eit løft for å fjerne prioriterte flaskehalsar.
Lars Bø kunne fortelje at TINE køyrer mil etter mil ekstra fordi vegane er for dårlege. “Og det er bonden som betalar mesteparten av dette” la han til. Biletet syner at på vegklasse BK8/32 som gjeld dei fleste kommunale vegane med flaskehalsar i Vestland, kan han berre fylle 54% på tanken. Verst er det på vegklasse BK6/28 då berre 15% av tanken inneheld mjølk.
Steinar Dale i Vestmar Transport understreka at det er framakselen på lastebilen som røyner vegane mest. Framakselen veg på tom bil kring 7 tonn, og det seier seg sjølv at når nedklassifiserte vegar krev 7 kippturar blir slitasjen på vegnettet 7 ganger større enn om ein kunne lesse fullt lass.
Aksel Hagebø køyrer kraftfor for Felleskjøpet. Han sa m.a. at det blir stadig verre å finne lasteplassar for kipping. Han køyrer kraftfor over heile Vestland , ofte med redusert lass og meinte tilhøva kanskje var verst i kommunane Sunnfjord, Alver og Voss.
Organisasjonssjef Lars Peter Taule i Vestland Bondelag minna forsamlinga om “Landbruksløftet” og sa m.a. at skikkelege vegar er ein del av utfordringa for bonden.
Marte Hammer (t.h.) med mikrofonen representerar SV. Hammer kommenterte at kommunevegane ofte vart ein salderingspost i kommunane og meinte ein eigen statleg spleisepott var vegen å gå.
Eigil Knutsen (t.h.) med mikrofonen representerar AP. Knutsen er idag stortingsrepresentant og medlem av Finanskomiteen på Stortinget. Knutsen sa m.a. at forslaget om ein statleg spleisepott for å fjerne flaskehalsar på viktige vegar var ein god ide. Han understreka at dette var viktig for næringa, og at dokumentasjoenn som var kome fram ville vere nyttig i det vidare arbeidet.
Terje Kolbotn (t.h.) med mikrofonen representerar Raudt. Kolbotn var klinkande klar på at ein statleg spleispott må til dersom kommunane skal få gjort noko med flaskehalsane på vegane sine.
Stein Ove Hansen (til venstre for Kolbotn) representerar bompengepartiet FNB. Hansen synest TØI rapporten var god, og støtta sterkt tanken om ein spleisepott. “Smått er godt” sa Hansen.
Nils T. Bjørke (t.h.) med mikrofonen representerar SP. Bjørke sa m.a. at temadagen var opplysande og god. Eit spleislag til fjerning av flaskehalsar på kommunale vegar meinte Bjørke at partiet ville støtte.
Jannice Clarke (t.h.) med mikrofonen representerar AP. Clarke synest informasjonen ho hadde fått denne dagen var både interessant og viktig.
Ho støtta sin partifelle Eigil Knutsen med at dette burde kunne løysast via ei statleg spleising.
Øystein Ormåsen (t.h) med mikrofonen represneterar MDG. Ormåsen meinte partiet ville støtte mindre vegprosjekt framfor dei store Han sa også at øyremerka pengar til opprusting av kommunale vegar var interessant.
Per Jarle Valvatne (t.h) med mikrofonen representerar AP. Valvatne sa m.a. at ei punktvis utbetring på kommunevegnettet var viktig, og meinte partiet ville støtte ein statleg spleisepott.
Boris Groth (t.h) representerar FrP. Han meinte at tema var viktig og at vi måtte jobbe for å få fjerna flaskehalsane på kommunevegane.
Iril Scau Johansen (t.v) med mikrofonen representerar Høgre og sa m.a. at kommunevegnettet er svært viktig for verdiskapinga i distrikta.
Sjefane under den politiske temadagen på Voss: f.v. Jan Ivar Rødland i AT SKog, rådgjevar Geir Totland i Vestland Bondelag, organisasjonsjef i Vestland Bondelag Lars Peter Taule og leiar i Landbruksråd Vestland Lars Bø.