Tømmerkaier i Nordland og Troms

Publisert 14.09.2021

Her skal den nye tømmerkaia kome, i det nye industriområdet på Børøya i Stokmarknes.
I bakgrunnen Hadselbrua og fine skogområder nordover til Sortland. 

Fra venstre prosjektingeniør i Hadsel kommune Edvarda Lien, seniorrådgiver Per Odd Rygg i Landbruksdirektoratet, Jan Gunnar Eilertsen frå ByggTeam Hadsel og prosjektleder for Hadsel Havn, 
teknisk sjef i Hadsel kommune Robin Tømmerås, prosjektleder i Kystskogbruket Camilla Bersvendsen, trafikkinspektør i Hadsel Havn 
Jann-Inge Jensen, skogansvarleg i Hadsel kommune  Jostein Holmeng
og senior prosjektleder i Egga Utvikling Børge Bentsen.
Her skal den nye tømmerkaia kome, i det nye industriområdet på Børøya i Stokmarknes. I bakgrunnen Hadselbrua og fine skogområder nordover til Sortland. Fra venstre prosjektingeniør i Hadsel kommune Edvarda Lien, seniorrådgiver Per Odd Rygg i Landbruksdirektoratet, Jan Gunnar Eilertsen frå ByggTeam Hadsel og prosjektleder for Hadsel Havn, teknisk sjef i Hadsel kommune Robin Tømmerås, prosjektleder i Kystskogbruket Camilla Bersvendsen, trafikkinspektør i Hadsel Havn Jann-Inge Jensen, skogansvarleg i Hadsel kommune Jostein Holmeng og senior prosjektleder i Egga Utvikling Børge Bentsen.

Nyleg inviterte kystskogbruket til fysiske møter om kaibygging i Nordland og Troms.
Heile 6 prosjekt er under planlegging eller utbygging i næraste framtid.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Mange mindre
Infrastrukturprogrammet (2015) konkluderte m.a. med at det burde byggast relativt mange, noko mindre tømmerkaier i Nordland og Troms. Hovudgrunnen er store avstandar mellom viktige skogområder, sett i høve til kubikkmassen.
Dette har også blitt eit resultat i praksis. Nordland er det fylket som har flest tømmerkaier ferdigbygd, under planlegging eller utbygging i Norge. Dette gjeld Brønnøysund, Sørfold, Steigen, Stokmarknes, i tillegg Mosjøen og Risøyhamn i Andøy som er ferdig utbygd. I Troms er eit prosjekt i Lenvik ferdigbygd, i tillegg er eit anlegg i Kvæfjord og Nordreisa prioritert for statstilskot i 2021.
Nyleg vart det invitert til møter i Sørfold, Steigen og Stokmarknes. Representantar for kommune, fylkeskommune, virkeskjøparane Allskog og SB Skog og Landbruksdirektoratet deltok på møta. Det vart også halde eit møte i Kvæfjord i Troms der også representant for Statsforvaltaren møtte.

I Sørfold er det planer om ein tømmerkai på Elkem sitt område ved kommunesenteret i Straumen. Elkem er i dag kjøpar av massevirke i regionen. På møtet vart det frå Elkem si side opplyst at anlegget vil bli lyst ut i næraste framtid. Anlegget har fått statstilskot og finansieringa er i orden føresett akseptable tilbod. Anlegget vil venteleg stå ferdig 2 halvår 2022. Tømmerkaien vil dekke skog frå kommunane Sørfold, Bodø, Saltdal og Beiarn.

Godt oppmøte på Elkem sitt anlegg, Straumen i Sørfold. På dette området skal den nye tømmerkaia kome og anlegget vil bli lyst ut med det første.
F.v. salgsleder i Allskog Magnus Haugen, fagleder landbruk og vilt i Fauske kommune Hilde Holtan, entrepernør og representant for SB Skog Magne Pedersen, næringssjef i Sørfold kommune Gerd Bente Jakobsen, seniorrådgiver Per Odd Rygg i Landbruksdirektoratet, verksdirektør i Elkem ASA, Salten Verk Ove Sørdal, leder for landbruk i Bodø kommune Thor Arne Nesje, ordfører i Sørfold kommune Gisle Hansen, rådgiver i Nordland fylkeskommune Håkon Renolen, skogbruksrådgiver i Fauske kommune Øyvind Nystadbakk og fagleder skog/utmark/miljø i Beiarn kommune Thomas Olufsen Skrautvol.

I Steigen er det planlagt ein tømmerkai, kommunen er eigar, det er gitt statstilskot, men eigenfinansieringa er enno ikkje klarlagt. Anlegget har fått utsett frist i høve statstilskotet til neste år, og det hastar difor med å kome i gang. Tømmerkaien vil dekke skog frå Steigen kommune. Alternativt må tømmeret køyrast med bil til Drag, og det vil i praksis gjere skogbruk lite lønsamt i kommunen. I møtet vart det skissert ein plan for å prøve finne ei snarleg løysing.

Området i Steigen ligg klart for utbygging av ein ny tømmerkai. Men enno manglar noko pengar for å vere fullfinansiert.
I møtet stilte frå venstre ordfører Aase Refsnes, Per Odd Rygg fra Landbruksdirektoratet, varaordfører Wibeke Aasjord Juul, rådgiver Håkon Renolen fra Nordland fylkeskommunen, leder for planavdelingen i Steigen Andreas Sletten, næringssjef Sølvi Lemstad Hiller og skogbruksjef Gjermund Laxaa.

I Stokmarknes er tomta til tømmerkaien ferdig utbygd i det nye industriområdet på Børøya (jfr. øverste foto). Utbygging av sjølve tømmerkaien blir lyst ut i desse dagar, og vil venteleg står ferdig sommaren 2022.  Det er gitt statstilskot til tømmerkaien. Den totale finansieringa er i orden kunne kommunen opplyse på møtet. Dekningsområdet til denne tømmerkaien er skog frå Lofoten og Vesterålen.
Frist 31.10.22.

I Troms har det nyleg blitt søkt om statstilskot frå kommunane Kvæfjord, Harstad og Nordreisa. Anlegga i Kvæfjord og Nordreisa er prioriterte, men det er enno ikkje avklare om nokon av desse får statstilskot i år. Begge desse anlegga er typiske fleirbrukskaier. Dersom det blir aktuelt med statleg støtte, vil det som vanleg bli definert og tinglyst bruksrettar for utskiping av tømmer.

Dekningsområdet til ein eventuell tømmerkai Kvæfjord er kommunane Kvæfjord, Harstad og Tjeldsund i Troms fylke og deler av Evenes kommune i Nordland fylke.
Dekningsområdet til ein eventuell tømmerkai i Nordreisa er forutan eigen kommune skog frå Kvænangen, Kåfjord og Storfjord kommune.

Som vi veit er det ikkje berre skog i Nordland. Avstandane er store og det kan vere langt mellom viktige skogområder. Som elles i landet er skognæringa avhengig av sjø- eller jernbanetransport for å nå fram til noverande skogsindustri. I Nordland og Troms må det byggast relativt mange mindre tømmerkaier, gjerne fleirbrukskaier.