Verdien av tre i Vestland

Publisert 06.10.2021

20211005_105853
Tysdag 5.oktober vart det gjennomført eit fagseminar om verdien av tre på Vestlandet. Både kommunar, fylkeskommune, statsforvaltarar, politikarar og næringsaktørar var invitert til seminaret som vart halden på Gimmeland gaard på Bontveit. 35 stk hadde tatt turen, blant anna politikarar frå stortinget og fylkestinget.

Tekst og foto: Ruben Bøtun – Sekretær Skognæringsforum Vestland

Ole Bakke frå Kystskogbruket innledet seminaret med å fortelle om samarbeidet mellom folkevalte, statsforvaltarar og næringa. Skogeigar Paul Jone Særvold delte erfaringane med planlegging og bygging av skogsbilveg, samt alle dei positive sidene etter at vegane, før det vart synfaring på vegane og ein såg på skogen som låg ved vegen. Her var det også ein del hogstmoden sitkagran.

 

Etter pausen fortalte Erlend Helge Gjelsvik frå Nedre Jølster Bilelag om deira arbeid og korleis dei nyttar kvalitetsfuru frå skogen på Vestlandet. Dei arbeider mykje med restaurering av gamle bygg, og har då eit ekstra fokus på å bruke det trevirke med høg kvalitet. Han delte sine meiningar og tok opp viktigheita med å lære av erfaringar og bevare kunnskapen ein tilnærma seg. Restaurering av gamle bygg er noko som vil bli gjort i mange år framover, og det er viktig at denne kunnskapen ikkje forsvinn.

Erlend Gjelsvik formidla om korleis Nedre Jølster Bilelag jobba med å finne rett råstoff og korleis dei brukte trea til bl.a. restaurering av stavkyrkjer og andre bygg

Bernt-Håvard Øyen frå Stiftelsen Bryggen var inne på noko av dei same momenta som Gjelsvik, og synte fram det restaureringsarbeidet dei har utført i Bergen. Øyen snakka mykje om kor viktig skogbruket kan bli på Vestlandet, og at det kanskje skulle vore verdsett endå meir, av alle.

Etter ein pause kom Kjell-Rune Vik frå Fiskå Mølle for å fortelje om deira arbeid og planane deira for bruk av skogsmelasse som skal erstatte importert melasse til kraftfôr. Riksdekkande media hadde store oppslag i vår om planane til Fiskå Mølle der dei skal bygge ein fabrikk som tek inn massevirke frå Vestlandet og skal lage trepellets og skogsmelasse til kraftfôr. Til slutt fortalte dagleg leiar Ørjan Kalsaas  frå Moelven Bruk – Gran om framgangen dei har hatt på sagbruket, og at dei har stor tru på grana frå Vestlandet. Spesielt kvaliteten på skogen frå Vestlandet er høg, og ville ha endå meir framsnakking om den hurtigveksande grana vår som vil bli endå meir etterspurt i framtida. Han viste til kommande stor mangel av trevarer i utlandet, og då har Noreg eit stort potensiale til å gjere skogen endå meir lønsam.

 

Me takkar for oppmøte, og satsar på nytt seminar neste år.