35 mill. kroner til 3 tømmerkaiar

Publisert 10.11.2021

Molde og Romsdal Havn fekk 15 millionar kroner i statstilskot til å bygge ut Øran Tømmerkai i Åndalsnes. Den "nye" kaien får ei lengde på 75 meter, og det vil venteleg gå årleg inntil 65 000 kubikkmeter tømmer over kaia. Denne veka var det feiring av tilskotet med Kick Off på Øran i  Åndalsnes. 
F.v. skogbrukssjef Rune Horvli, ordførar Yvonne Wold, havnedirektør Olav Akselvoll i Molde og Romsdal Havn, leiar i Møre og Romsdal Skognæringsforum Håkon Johan Eliassen, prosjektleiar i Molde og Romsdal Havn Christoph Jansen og havnekaptein i Molde og Romsdal Havn Arve Solheim.

I bakgrunnen Store Vengetind og Romsdalshorn.
Molde og Romsdal Havn fekk 15 millionar kroner i statstilskot til å bygge ut Øran Tømmerkai i Åndalsnes. Den "nye" kaien får ei lengde på 75 meter, og det vil venteleg gå årleg inntil 65 000 kubikkmeter tømmer over kaia. Denne veka var det feiring av tilskotet med Kick Off på Øran i Åndalsnes. F.v. skogbrukssjef Rune Horvli, ordførar Yvonne Wold, havnedirektør Olav Akselvoll i Molde og Romsdal Havn, leiar i Møre og Romsdal Skognæringsforum Håkon Johan Eliassen, prosjektleiar i Molde og Romsdal Havn Christoph Jansen og havnekaptein i Molde og Romsdal Havn Arve Solheim. I bakgrunnen Store Vengetind og Romsdalshorn.

Åndalsnes, Mandal og Salten i Sørfold kommune har nyleg fått tilskot til bygging av tømmerkaiar med baklager.
Tekst og foto: Helge Kårstad

– «Tømmerkaier har en betydningsfull rolle for kystskogbruket. Næringen er helt avhengig av å få transportert virket ut i markedet på en kostnadseffektiv måte. Siden ordningen ble etablert i 2012 har 30 kaier fått til sammen 379 mill. kroner i tilskudd» skriv seniorrådgivar Per Odd Rygg i ei pressemelding frå Landbruksdirektoratet. 

Desse har fått endeleg løyving frå Landbruksdirektoratet om statstilskot i 2021:

  • Øran tømmerkai i Åndalsnes, Rauma kommune i Møre og Romsdal har fått tildelt 15 mill. kroner.
  • Strømsvika tømmerkai i Mandal, Lindesnes kommune i Agder har fått tildelt 11,5 mill. kroner
  • Salten Verk i Sørfold kommune i Nordland har fått tildelt 8,5 mill. kroner

Det var fleire gode søkjarar som var prioriterte av Landbruksdirektoratet i første runde i 2021. Desse fekk altså ikkje endeleg løyving i år, men har høve til å søkje på nytt i 2022. Desse er:

  • Sørkjosen i Nordreisa kommune og Gåra i Kvæfjord kommune, begge i Troms fylke
  • Renndal, Heim kommune i Trøndelag
  • Berkvam, Suldal kommune i Rogaland

Det kom i tillegg 3 søknader innan fristen 15. april 2021, dvs. frå Harstad, Gloppen og Stryn. Ingen av desse søknadane vart prioriterte i 2021, – men har høve til å søkje på nytt.

Tregheit ved igangsetjing skapar vanskar for andre
– «
Det har avgjørende betydning for tilskuddstildelingen at man kommer raskt i gang med tømmerkaiprosjektet og at prosjektsøknaden er godt gjennomarbeidet», understrekar Per Odd Rygg og legg til: – «Landbruksdirektoratet har i år en mindre sum tilskudd å tildele som følge av forsinkelser i en del prosjekter som tidligere har blitt tildelt tilskuddsmidler. Koronaen må ta litt av skylden her».
 
Sjå pressemeldinga frå Landbruksdirektoratet her: https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/nyhetsrom/nyhetsarkiv/35-mill.kroner-til-tommerkaier

 

Egersund tømmerkai fekk 19 millionar kroner i statstilskot i 2017. Kaien vart ferdigstilt og deretter opna av dåverande landbruks- og matminister Olaug Bollestad hausten 2019. Investeringa har stor og avgjerande verknad for eit berekraftig og lønsamt skogbruk over tid.