Kappedag med Bakt potet

Publisert 24.01.2022

Bygstad, Sunnfjord i Vestland; Mykje folk var forrige veke samla til skogdag med tema kapping av tømmer ved sjølvhogst. Jomar Bergheim (midt i bildet) frå Gaular Skogeigarlag serverte bakt potet rett frå bålet med bacon og tilbehør.
Bygstad, Sunnfjord i Vestland; Mykje folk var forrige veke samla til skogdag med tema kapping av tømmer ved sjølvhogst. Jomar Bergheim (midt i bildet) frå Gaular Skogeigarlag serverte bakt potet rett frå bålet med bacon og tilbehør.

Aldri før har det vore så stor interesse for skogdagar med tema kapping av tømmer, fortel instruktør Arnt Laukeland. Sjølvhogst er blitt meir og meir populært. Med god mat, godt veir og interesserte deltakarar vart også skogdagen i Bygstad, Sunnfjord i Vestland mykje lenger enn medrekna.
Tekst og foto: Helge Kårstad

 

Dagleg leiar i Sogn og Fjordane Skogselskap Ruben Bøtun fortel at hittil i år har 170 skogeigarar delteke på kappedagar i Vestland. Bøtun fortel at Skogselskapet i samarbeid med lokale skogeigarlag står som arrangør av arrangementa. Skogselskapet har budsjettert med 20 skogdagar med tema kapping av tømmer ved sjølvhogst, informasjon om skogbruk til nye skogeigarar, informasjon om skogfond, PEFC sertifiseringskurs og ikkje minst plantedagar i løpet av 2022. Med den store responsen, berre på kappedagar, reknar Bøtun med at det må arrangerast fleire skogdagar. Vestland Fylkeskommune finansierar det meste av desse skogdagane.
Bøtun er glad for at instruktøren i Aktivt Skogbruk Arnt Laukeland har stor kapasitet, og kan nyttast som instruktør også på desse skogdagane.

Nedanfor følgjer ein bildereportasje frå skogdagen i Bygstad, der tema var kapping av tømmer ved sjølvhogst.

Håvard Korsvoll og Jomar Bergheim frå Gaular Skogeigarlag ynskjer alle velkommen til skogdag i Bygstad.
Instruktør Arnt laukeland fortel at brytekanten må skjerast av i første stokken. Eit normalt felleskår er akseptert, og har ingen verknad på vidare måling av tømmeret.
Arnt Laukeland viser at dersom du ser råte i rota, vil det ofte løne seg med nokre innstikk eller to oppover stammen (inntil ein god meter) for å sjekke om råten er borte. I så fall kan første meteren skjerast bort (bultast) og neste stokk bli ein skurstokk. Dersom råten ikkje blir borte, vil det vere naturleg å først kappe ein 3 meter slipstokk. Innstikka har ingen verknad for målinga av slipstokken.
Skurlengde av prima kvalitet gran er pr. idag 5,1 meter til alle virkeskjøparane (ved sjølvhogst) i denne regionen. Både toppmål og lengde / kvalitet på neste stokk bør sjekkast før ein kappar. Og ikkje minst bør du legge på 5-10 cm i lengda for å sikre at ei eventuell skråskjering ikkje minskar lengdemålet på 5,1 meter.
Arnt Laukeland forklarer her kvifor toppsylindaren må vere gjennomgåande i stokken, og korleis ein måler det.
Slik skal kviststorleiken målast. Det må også seiast at i høve tidlegare tider, er kjøparane ikkje så strenge på kviststorleikar dersom den er frisk. Det meste av det vi finn i bestadnskog av gran på Vestlandet blir akseptert i prima skurtømmer.
Bakt potet med bacon og tilbehør smakte så godt at skogdagen vart utvida med 2 timar. Underteikna har aldri fått så god mat på nokon skogdag.
Torbjørn Frivik er kjent for dei fleste i Skogsnorge. Han har fleire taubaner i sving, også like ved staden der denne skogdagen vart halde. Frivik orienterte om skogsdrift med taubane, vilkår og prisar. Responsen denne dagen syner at det er svært stor interesse fra mange skogeigarar med bratt skogsterreng å nytte taubane.