Risikera 100 000 kroner i bot

Publisert 07.03.2022

Bjarte Frækaland er faggruppeleiar for Utekontrollen i Sogn og Fjordane med kontor i Sogndal. Utekontroll Vest dekkjer fylka Rogaland, Vestland og har avdelingar 8 stader med tilsaman kring 50 tilsette.
Bjarte Frækaland er faggruppeleiar for Utekontrollen i Sogn og Fjordane med kontor i Sogndal. Utekontroll Vest dekkjer fylka Rogaland, Vestland og har avdelingar 8 stader med tilsaman kring 50 tilsette.

Utekontrollen hos Statens Vegvesen sjekkar døgnleg køyretøy på offentlege vegar. Kommunevegar er ikkje prioriterte. Men dersom du køyrer med vogntog på ein vanleg nedklassifisert kommunal veg, risikera du kanskje 100 000 kroner i bot fortel Bjarte Frækaland, faggruppeleiar utekontroll i Sogn og Fjordane.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Kring 50 tilsette i Vestland og Rogaland
Vi har nyleg besøkt Bjarte Frækaland i Sogndal,  sjefen for Utekontrollen i Sogn og Fjordane. Med korona på kraftig retur, vart me godt mottekne og fekk ei god orientering om korleis denne avdelinga i vegvesenet jobbar.
Organisasjonsmessig ligg Utekontrollen ved Statens Vegvesen under divisjon Trafikant og kjøretøy som igjen ligg under Vegdirektøren på toppen i organisasjonen.
Utekontroll Vest gjeld fylka Rogaland og Vestland og er plassert i Eid, Førde, Sogndal, Voss, Bergen, Odda, Haugesund og Stavanger. Tilsaman jobbar kring 50 personar ved desse avdelingane i vest. I resten av landet fins Utekontroll Nord, Utekontroll Midt, Utekontroll Øst og Utekontroll Sør.

Prioritera riks- og fylkesvegar
Bjarte Frækaland fortel at kontrollane stort sett er prioriterte på riks- og fylkesvegar. Dette føregår oftast ved faste kontrollstader som f. eks. Håbakken i Lærdal. Men det blir også føreteke noko stikkprøver langs vegane. Trafikksikkerheit, like konkurransevilkår og vurderingar kring sosial dumping er dei tema som kontrollane stort sett dreiar seg om. Oppgåvene til Utekontrollen kjem ved årlege tildelingsbrev frå Storting og departement, i dette tilfelle stort sett Samferdselsdepartementet.

Utekontrollen priorterar riks- og fylkesvegar ved fleire faste kontrollstader kring i landet, her Håbakken i Lærdal.

Berre tips kan føre til utrykking på kommunevegar
Som kjent er det Veglistene som ligg til grunn for kva som er lovleg last på ein offentleg veg.
Transportøkonomisk Institutt (TØI) har nyleg utarbeidd ein samfunnsøkonomisk nytteanalyse over kommune- og fylkesvegar med flaskehalsar for tømmertransport i Vestland og Rogaland. Resultata syner at kring 50% av vegar med flaskehalsar for tømmertransport er registrert så lågt at det ikkje er tillate å bruke tilhengar og knapt lesse noko på enkel bil (maksimalt 4 tonn eller 10 tømmerstokkar). Dette fører til ca. 7 kippeturar fram og tilbake mellom skog og plassert tilhengar for å få fullt lass.
Bjarte Frækaland opplyser at kontrollar på kommunale vegar ikkje er prioritert. Det blir berre føreteke utrykking og kontroll etter tips frå publikum eller vegeigar (kommunen). Difor er nok sjansen for å bli stoppa i kontroll på ein kommunal veg liten, meiner Frækaland. Men det er jo alltid ein sjans dersom nokon tipsar eller vegeigar ber om det. Og det har skjedd ved fleire høver dei siste åra i desse 2 fylka.

Førelegg og sviande bøter
Kva skjer om nokon køyrer inn på ein slik veg (BK8, totalvekt 32 tonn og lengde 12,4 meter) med bil og tilhengar (vogntoglengde 19,5 meter) med fullt tømmerlass (totalvekt 50 tonn),  dvs. 18 tonn overlast.
Samferdselsdepartementet har utarbeidd føreskrifter om gebyrsatsar for overlasting.
I dette tilfelle vil førar først bli meld til politiet og vil då få eit førelegg fordi lengdeavgrensing på 12, 4 meter er brote. I tillegg vil det bli rekna gebyr for overlasting. For dei første 10 tonn overlast er satsen 450 kroner pr. 100 kg. For dei neste 8 tonn overlast er satsen 700 kr pr. 100 kg. Bota blir totalt 101 000 kroner. Det seier seg sjølv at tømmerbilsjåførar ikkje tek slike sjansar og kipping er då einaste utvegen. Som vi har vore inne på før, er dette ei tapssak både for skogeigar, transportør og vegeigar. Unødig slitasje på kommunale vegar er også eit resultat av kippinga som stadig aukar i mange kommunar i kystskogfylka. Det gjeld tømmer til virkeskjøparar og det gjeld ikkje minst transport utført av Felleskjøpet, Nortura og Tine.

Transportøkonomisk Institutt si utgreiing i 2021 synte at 51% av kommunevegane med flaskehalsar for tømmertransport i Vestland og Rogaland utgjer veglasse BK8 tonn, totalvekt 32 tonn og tillate lengde 12,4 meter. På desse vegane (kring 500 i talet) er det bere tillate å lesse ca. 4 tonn eller kring 10 tømmerstokkar som biletet syner. Her må det til 7 kippeturar for å få fullt lass på vogntoget.
Blir ein tømmerbilsjåfør stoppa med fullasta 19,5 meter vogntog på ein slik veg, vil det koste både politanmeldelse, førelegg og ei bot kring 100 000 kroner.