Tilgangen til sjøtransport kom i grevens tid

Publisert 23.03.2022

Med utsikt over Sørfjorden til skogane på Grimo, Jåstad og Hauso ligg Kyrkjeneset tømmerkai strategisk plassert i Kinsarvik. Dei siste åra er det årleg hogge kring 30 000 m3 tømmer i dei frodige liane under Folgefonna og langs Sørfjorden. 
Kyrkjeneset tømmerkai dekkjer Voss kommune og austsida av Sørfjorden i Ullensvang kommune.
Tømmerkaien vart bygd kring 2000, og har saman med Moelven Granvin Bruk vore heilt avgjerande for utviklinga i skognæringa i Hardanger. Ein bergnabbe i sjøen utanfor kaien må sprengast, og det vil bli søkt om statstilskot til detter arbeidet i 2022. Det er Indre Hardanger Skogeigarlag som eig denne kaien.
F.v. Rolf Erling Loe, skogbrukssjef i Ullensvang og Kvam kommunar, Torleif Skage frå Statsforvaltaren i Vestland, Sjur Ove Svartveit frå Indre Hardanger Skogeigarlag 
Per Odd Rygg frå Landbruksdirektoratet og John Elter frå AT Skog.
Med utsikt over Sørfjorden til skogane på Grimo, Jåstad og Hauso ligg Kyrkjeneset tømmerkai strategisk plassert i Kinsarvik. Dei siste åra er det årleg hogge kring 30 000 m3 tømmer i dei frodige liane under Folgefonna og langs Sørfjorden. Kyrkjeneset tømmerkai dekkjer Voss kommune og austsida av Sørfjorden i Ullensvang kommune. Tømmerkaien vart bygd kring 2000, og har saman med Moelven Granvin Bruk vore heilt avgjerande for utviklinga i skognæringa i Hardanger. Ein bergnabbe i sjøen utanfor kaien må sprengast, og det vil bli søkt om statstilskot til detter arbeidet i 2022. Det er Indre Hardanger Skogeigarlag som eig denne kaien. F.v. Rolf Erling Loe, skogbrukssjef i Ullensvang og Kvam kommunar, Torleif Skage frå Statsforvaltaren i Vestland, Sjur Ove Svartveit frå Indre Hardanger Skogeigarlag Per Odd Rygg frå Landbruksdirektoratet og John Elter frå AT Skog.

Sidan vikingtid har tømmer vore transportert sjøvegen. Men det er først dei siste 10 åra at mange tusen skogeigarar i landet har fått ein tinglyst rett til dette. Kring 30 tømmerkaier er bygd ut eller under utbygging i denne periode. I grevens tid seier skogfolk. Førre veke vart nye og gamle tømmerkaier i Hordaland synfart.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Staten har satsa nærare ein halv milliard
Pr. i dag er det gitt statstilskot til 30 anlegg og det er løyvd tilsaman 413 millionar statlege kroner sidan starten i 2013. Det gjenstår enno ein del gode prosjekt, og det er ny søknadsfrist 15. april. Staten sitt krav har vore at det skal tinglysast ein prioritert bruksrett i minst 25 år for skogeigarar i definerte kommunar (dekningsområdet for tømmerkaien). Det er gitt inntil 80% statstilskot av skogdelen på dei ulike kaiane. Nokon er fleirbrukskaier, men dei fleste er nok stort sett reine tømmerkaier.

I grevens tid
Denne satsinga på tømmerkaiar i Norge har blitt sett stor pris på i skognæringa. Mange har rosa førre regjering under statsrådane Listhaug og Dale. Ja satsinga kom nok i grevens tid vil mange seie. Det er fordi skogreisinga etter krigen har vore ein suksess, og det har følgjeleg vore ein sterk auke i hoggande skog etter 2010. Dei fleste stader i kystskogfylka manglar samtidig skogsindustri. Tømmerkaier og transport sjøvegen til norsk og utanlandsk skogsindustri har difor vore einaste moglegheit for å drive eit rasjonelt og økonomisk skogbruk dei fleste stader.

Førre veke vart både gamle og nye tømmerkaiprosjekt i Hordaland synfart i møte med kaieigar og lokal skogforvaltning. Med på synfaringa var Per Odd Rygg frå Landbruksdirektoratet, John Elter frå AT Skog, Torleif Skage frå Statsforvaltaren i Vestland og Helge Kårstad frå Kystskogbruket.
Vi tek med nokre bilete med noko tekst frå kvart besøk.


Eidsnes tømmerkai like nord for Bergen er sentral for kommunane Osterøy, Bergen (nord), Alver, Masfjorden og Modalen. Det var Bergen og Hordaland Skogselskap som på slutten av 1960-talet kjøpte eit ca. 60 dekar stort areal på Eidsnes. Kring 1980 overtok Nordhordland Skogeigarlag arealet og bygde ein liten tømmerkai. Dei er også eigar av både areal og tømmerkai i dag. Kaien har vore utvida fleire gongen, og er i dag største tømmerkaien på Vestlandet. Fram til 2015 låg utskipingskvantumet kring 20 000 m3. Etter det har kvantumet jamt vore aukande og i 2021 vart det skipa ut ca. 85 000 m3 over Eidsnes tømmerkai til norsk og utanlandsk skogsindustri.
F.v. tidlegare skogbruksjef i Lindås (no Alver kommune) Nils Kaalaas som har vore sentral ved dei siste utbyggingane av Eidsnes tømmerkai.


Det blei også¨tid til eit besøk ved Vestlandets einaste sagruk av noko størrelse. Hans Velken (t.v.) ved Moelven Granvin Bruk i Voss kommune kunne fortelje oss om ei god utvikling på sagbruket i Granvin. Skurkvantumet har jamt stige siste åra, og budsjettal for 2021 syner trong for innkjøp av 91000 m3. skurtømmer. Ein aukande del av dette tømmeret kjem i dag sjøvegen.
I tillegg til Kyrkjeneset tømmerkai går det også ein del massevirke ut over kaia ved Granvin Bruk. Siste åra er det tilrettelagt for eit areal for lagring av massevirke ved sagbruket. Men Hans Velken understreka den store trongen for areal ved sagbruket, om ein ser noko inn i framtida.   

Utne tømmerkai vart bygd kring 1980 og er såleis ein av dei eldste tømmerkaiane i landet. Årleg går det i dag kring 25 000 kubikkmeter tømmer over kaia. Den dekkjer skogområde i Ullensvang kommune, på vestsida av Sørfjorden og bygdene langs Hardangerfjorden i retning Jondal.
Det er Indre Hardanger Skogeigarlag som eig denne kaien.
Laget ynskjer no å legge fast dekke på kaien + bakarealet og vil søkje staten om noko tilskot til dette.
Vi vart godt motekne av både kommune og skogeigarlag i Kvinnherad.
Børnes kai i Kvinnherad kommune består av to gards- og bruksnummer. Kvinnherad kommune eig 134/34 (33 meter kai) og Søre Kvinnherad skogeigarlag eig 134/79 (40 meter kai). Dette vil vere uendra etter gjennomført oppgradering som no er i gang. Det vart løyvd eit statstilskot på 7,6 millionar kroner i 2020 til denne tømmerkaien. Den kommunale delen av kaien skal rivast og byggast nytt. Prosjektet vil medføra at skogbruket får prioritert tilgang til ein 73 meter lang kai med moglegheit for sluttlasting av båtar. I dag er det berre 40 meter som kan brukast for tømmerutskiping, og det er også for grunt til å sluttlaste.
Arbeidet er venta å vere ferdig i løpet av 2022.


Tømmervik kai på Stord (bilde) er eigd av Stord Skogeigarlag og dei søkte i 2020 om statstilskot for utviding av kaien med 20 meter (frå 40 til 60 meter). Totalkostnad var stipulert til ca. 5 millionar kroner. Skogeigarlaget fekk same året ei løyving på 4 millionar kroner. Arbeidet kom diverre ikkje i gang, og frist for tilskotet er 31.10.22. Eigar av tømmerkaien er Stord Skogeigarlag, men grunnen er festa av eigaren som i dag heiter Timberbay AS. Det føreligg ein tinglyst avtale i 50 år frå 1990. Denne avtalen går såleis ut om 18 år
I ettertid har det oppstått ein situasjon der Timberbay AS no planlegg eit stort industriområde med føremål monteringsbase for vindturbinar. Dei vil no ikkje tillate å bygge ut tømmerkaien, og vil ha den fjerna så fort som mogeleg.
I samarbeid med Stord kommune arbeider no Stord Skogeigarlag med å finne eit alternativt område for tømmerkai. Det vil venteleg bli søkt om statstilskot.

Under eit kort møte ved ein eksisterande tømmerkai (bilde) i Eikelandsosen, Bjørnafjorden kommune besøkte vi også varaordførar og kommunedirektør i kommunen.
Landbruksdirektoratet tildelte AT Skog i 2019 eit tilskot på inntil  23 millionar kroner utbygging av ny tømmerkai på Samnøy i  Fusa kommune (no Bjørnefjorden kommune). Bakgrunnen var i hovudsak plassmangel ved eksisterande tømmerkai i Eikelandsosen.  Arbeider er ikkje kome i gang.
Det pågår for tida forhandlingar mellom ulike partar i denne saka, og vi tek ikkje med meir om dette i denne omgang.