Triveleg skogeigarlagsmøte på Stord

Publisert 05.04.2022

Eit triveleg årsmøte i Stord Skogeigarlag i elduset på Nedre Litlabø.
Eit triveleg årsmøte i Stord Skogeigarlag i elduset på Nedre Litlabø.

Stord Skogeigarlag held årsmøte i eldhuset på Litlabø, Leirvik på Stord i går.
Etter nokre vanskelege år i laget, opplevde vi eit engasjert årsmøte med stor tru på framtida i næringa.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Det var eit svært triveleg skogmøte og årsmøte i Stord Skogeigarlag hos Sigvor og Håkon Østerhus på Nedre Litlabø på Stord i går. Eit flott restaurert eldhus, kraftige langbord i tre med god mat skapte ein stemning som skogfolket sette stor pris på.

Tømmervik kai
Eksisterande tømmerkai på Stord (Tømmervik tømmerkai) har oppteke Stord Skogeigarlag mykje siste åra. Utfordringane har vore mange og nyvald leiar Odd Stuve Rommetveit har gjort ein stor jobb siste månadane for å finne ei løysing.
Eigar av Tømmervik kai er Stord Skogeigarlag, men grunnen er festa av eigaren som i dag heiter Timberbay AS. Det føreligg ein tinglyst avtale i 50 år frå 1990. Denne avtalen går såleis ut om 18 år.

Det vart søkt og gitt statstilsot til ei utbygging av Tømmervik i 2020. Same året vart det løyvd 4 millionar kroner, og totalkostnaden var stipulert til 7 millionar kroner. Men igangsetjnga av arbeidet let vente på seg av ulike grunnar. Eigaren av arealet (Timberbay AS) ynskjer no å fjerne tømmerkaien fordi dei planlegg eit stort industriområde med føremål monteringsbase for vindturbinar. Det var ikkje situasjonen i 2020, då søknaden om statstilskot var sendt. Fristen for dette statstilskotet går også ut 31.10.22.

Tømmervik kai på Stord er snart historie. Eigaren av arealet planlegg ein monteringsbase for vindturbiner i området, og vil for ein kvar pris fjerne tømmerkaien.

Muleg ny kai på Sørstokken
Stord Skogeigarlag ved noverande leiar Odd Stuve Rommetveit har saman med Stord kommune gjort ein god jobb siste halve året for å prøve finne ei alternativ løysing. I samarbeid med nabokommunane Fitjar, Bømlo og Sveio blir det no arbeidd med å få etablert ein ny tømmerkai ved eit nytt kommunalt industriområde kalla Sørstokken som ligg like ved flyplassen på Stord. Stord Kommune v/ Arne Bjelland kunne opplyse på årsmøtet at det venteleg innan 15. april vil bli søkt om statstilskot til etablering av ein ny tømmerkai på Sørstokken.

Aren Bjelland frå Stord kommune orienterte årsmøtet om planane for ein ny tømmerkai på Sørstokken.

Skogsvegar og turvegar
I tillegg til tema kring tømmerkai vart det heftig diskutert utfordringar om bruk av skogsvegar til turvegar. Ein konklusjon denne kvelden blei å prøve tilrettelegge med meir informasjon, og samtidig prøve opprette ein dialog med turgrupperingar og kommunen.

Flest damer i styret
Årsmøtet valde følgjande styre: Mari P. Dale, Margaret O. Mjønes, Anne Guri V. Bjørnbakk, Rune Halland og Odd Stuve Rommetveit (leiar). Her registerera vi at det er fleirtal av unge damer i styret.
Som gammal skogeigarlagsmedlem, vart eg imponert over eit svært godt organisert årsmøte med stor tru på framtida i høve skognæringa. Takk for invitasjonen!