7 nye skissesøknader er prioriterte
Publisert 09.07.2022
Nyleg offentleggjorde Landbruksdirektoratet namna på 7 prioriterte skissesøknader om utbygging av tømmerkai. Med løyving og seinare iverksetjing av desse søknadane, ventar vi at det meste er gjort innan eit par år når det gjeld utbygging av tømmerkaiar i kystskogfylka.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Det starta i 2012
Det har vore ei aktiv, effektiv og rask utbygging av tømmerkaier langs kysten. Det heile starta i 2012 då det ved revidert statsbudsjett vart løyvd 25 millionar kroner til utbygging av tømmerkaiar. Ein analyse utarbeidd av SINTEF (2011) la grunnlaget for ei prioritering av dei viktigaste tømmerkaiane som trong utbygging. I dag, 10 år etter nærmar vi oss målstreken for denne utbygginga.
Nyleg offentleggjorde Landbruksdirektoratet namna på 7 tømmerkaiprosjekt som er prioriterte i 2022. Etter ein ny gjennomgang av søknadane både av søkjar og Landbruksdirektorat, vil endeleg løyving skje tidleg i november i år.
Med løyving og seinare iverksetjing av desse søknadane, ventar vi at det meste er gjort innan eit par år når det gjeld utbygging av tømmerkaiar mellom Vest-Agder og Troms. Men tilskotstrongen ved desse søknadane er tilsaman 47 millionar kroner, og det er ikkje venta at alle vil bli tildelt statstilskot i år. Det betyr i så fall at staten ved Landbruks- og matdepartementet venteleg vil setje av noko midlar til utbygging av tømmerkaier også i 2023. Utbygging av dei siste vil i så fall skje i løpet av 2024/25.
Mange er glade og imponerte
SINTEF rapporten «Transport av skogsvirke i kyststrøk» vart overlevert tidlegare Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk 29. november 2011 ved eit arrangement i departementet. Det var vel ingen som då trudde at i løpet av ein god tiårs periode ville utbygging av tømmerkaier i kystskogfylka vere fullført.
Denne raske og effektive utbygginga av tømmerkaier langs kysten har vore avgjerande for at ressursane etter skogreisinga kunne takast i bruk. Og det kom bokstaveleg tala i grevens tid. For dei alle fleste stader langs kysten hadde allereie den gongen mista det meste av skogindustri, og tilgangen til sjøtransport vart ein føresetnad for at ein i det heile kunne drive skogbruk som næring.
Mange er glade og imponerte over det som har skjedd, og ikkje minst imponert over våre politikarar si handlekraft når det gjeld dette tiltaket.
Følgjande tømmerkaiprosjekt er prioriterte i 2022
- Sørkjosen tømmerkai – Nordreisa kommune i Troms
- Renndal tømmerkai – Heim kommune i Trøndelag
- Sørstokken tømmerkai (tilleggssøknad) – Stord kommune i Vestland
- Kyrkjenes tømmerkai – Kinsarvik, Ullensvang kommune i Vestland
- Høyvika tømmerkai – Utne, Ullensvang kommune i Vestland
- Børnes tømmerkai (tilleggssøknad) – Kvinnherad kommune i Vestland
- Utbjoa tømmerkai – Vindafjord kommune i Rogaland