Taubanesamling i Brumunddal

Publisert 05.07.2022

Frå ei skogsdrift og ein skogdag i Sauda, Rogaland sist vinter.
F.v. Torbjørn Frivik og vidare skogeigarane Geir Brustveit og Atle Hølland.
Frå ei skogsdrift og ein skogdag i Sauda, Rogaland sist vinter. F.v. Torbjørn Frivik og vidare skogeigarane Geir Brustveit og Atle Hølland.

Det er mykje bratt skogsterreng i Norge og det vesle taubanemiljøet er bokstaveleg tala ute i hardt veir for tida. Leiar Torbjørn Frivik i Norske Taubanelag ynskjer alle med interesse for skogsdrift i bratt skogsterreng i Norge velkomne til taubanesamlinga i år.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Taubanesamlinga 2022 føregår fredag 12. august i Brumunddal. Leiar i Norske Taubanelag Torbjørn Frivik er glad for at Skogkurs har stilt sine nye lokale i Brumunddal til rådvelde. Vi vil også i starten av samlinga få ei orientering av John Are Lindstad, den nye sjefen hos Skogkurs.
Sjølvsagt er den nye taubanekalkulatoren på programmet og ikkje minst vil nokre tungvektarar innan skogsdrift i Norge innleie til utfordringane vi har i det verkeleg bratte skogsterrenget for tida.

Program her: Invitasjon til Taubaneinteresserte og planleggarar i bratt trerreng 2022
Påmelding til sekretær i Norske Taubanelag Helge Kårstad, mob. 48020261 eller epost til helge@kystskogbruket.no