Vi treng taubaner i Norge

Publisert 26.08.2022

Taubanesamlinga var første arrangement ved Skogkurs sine nye lokale i Brumunddal, her frå det flotte Allrommet. Ei særdeles smakfull innreiing.
Taubanesamlinga var første arrangement ved Skogkurs sine nye lokale i Brumunddal, her frå det flotte Allrommet. Ei særdeles smakfull innreiing.

Skogkurs sine nye flotte lokale i Brumunddal var møtestaden for Taubanesamlinga 2022.
Heile skogsnorge var representert, og kravet frå alle var eintyding: vi treng eit sterkare fokus på taubaner i norsk skogbruk framover.
Tekst og foto: Helge Kårstad

I regi av Norske Taubanelag og i samarbeid med Kystskogbruket og Skogkurs vart årets taubanesamling arrangert hos Skogkurs på Lillehammer. I samband med og i etterkant av samlinga vart det halde årsmøte i Norske Taubanelag.
Heile 35 personar med god representason frå heile skognæringa i landet deltok. Taubanemiljøet er idag på eit absolutt minimum då det berre er 3 driftslag i sving, for tida på Vestlandet. Tidleg på 1990-talet vart det drive fram opp mot 300 000 m3 tømmer med taubane. I 2021 var kvantumet berre ca. 60 000 m3. Denne utviklinga og dette lågmålet prega både innlegga og diskusjonen. – “Det er mykje bratt terreng her, vi treng taubaner men rammevilkåra må bli betre” sa m.a. skogsentreprenør Anders Råheim i Valdres Skog.
Nedanfor er ein bildereportasje med noko tekst frå samlinga.

Adm.dir. John Are Lindstad er ny sjef ved Skogkurs og yngste alle velkomne til Brummunddal. Han viste forsamlinga fram i de nye flotte lokale, sjølvsagt med bruk av tre i det aller meste av interiøret. Og vi formidlar gjerne at Lindstad inviterete skogsfolk til ein stopp ved Mjøsbrygga, også med ein muleghiet for å låne eit kontor om det skulle trengast.
Mikael Fønhus frå Skogkurs hadde ordna det praktiske til møtet. Han måtte rett nok kommentere at velkomstdrinken (til venstre i bilete) var eplsaft frå Balestrand. Fønhus er også sentral ved utforminga av taubanekalkulatoren (sjå og seinare bilete).
Så lenge det har vore taubanesamlingar har representantar frå Landbruks- og matdepartementet eller Landbruksdirektoratet delteke og gitt informasjon kring statistikk, vilkår og status for taubanedrift.
Per Odd Rygg frå Landbruksdirektoratet gav også denne gangen ei god og grundig innføring kring taubanedrift i 2021 både i fylkes- og landssamanheng. Han kunne også stadfeste nedgangen dei siste åra, og utfordra tømmeraktørane til å “utpeke en skogbruksleder som kan spesialisere seg på taubanedrifter”, sjå og plansjen ovanfor.
Korleis rekruttere mannskap til taubanemiljøet, var spørsmålet til Bjørn Lauritzen frå MEF (t.v) og skogsentreprenør Andreas Råheim i Valdres Skog AS. Begge understreka den alvorlege situasjonen fordi det er etterspørsel etter taubane fleire stader også i Innlandet. Sentralt er likevel tilbod på utdanning og lønsomheit til den enkelte entreprenør understreka Lauritzen. Råheim sa han tidlegare hadde vurdert kjøp av taubane, men rammevilkåra var for usikre.
Rolf Hatlinghus er mentor i Verdiskapingsfondet som nyleg løyvde kring ein halv million til utvikling av ein taubanekalkulator. Hatlinghus held ei god og nyttig innføring om Verdiskapingsfondet. Han understreeka at fondet også tidlegare hadde støtta taubanesektoren fordi ein såg dette som viktig i norsk skogbruk. Han såg heller ikkje bort fra at i noverande situasjon kunne det søkjast pengar til utvikling/ opplæring av mannskap.
Helmer Belboe frå NIBIO har jobba mykje siste året med å utvikle taubanekalkulatoren, eit verktøy til planleggarar og entrerepnørar for å finne kostnader og derav rett driftspris. Ved hjelp av møter (workshop) med taubanefolk, tidsstudiar og innsamling av data ved pågåande taubanedrifter og etablert norsk og utanlandsk kunnskap, har Belboe utvikla ein kalkulator på rekneark. Denne har vore testa og nærmar seg no eit endeleg produkt for utlegging i nettkalkulator, sjå neste bilete.
Endre Hofstad Hansen frå Skogkurs er mannen som skal bruke dei faglege data i reknearket til Belboe og utvikle ein nettbasert kalkulator. Hofstad Hansen kunne fortelje at kalkulatoren då vil bli gjort tilgjengeleg for smarttelefon eller nettbrett via ein nettlesar. Dette arbeidet vil etter planen bli ferdigstilt innan utgangen av dette året.
Jan Gaute Lie frå Norges Skogeierforbund held eit engasjert innlegg der han konkluderte med at relativt mykje av den hogstmodne skogen i landet ligg i bratt terreng. Som kartet i biletet over syner, ligg heile 12-13% av arealet i norske skogar i områder med terregnhelling over 50% (26-27 grader) og 42% av dette er i hogstklasse 5 (hogstmodent). Ein vesentleg del av dette må hoggast ved hjelp av taubane.
Håkon Johan Elisassen er ein kjent kar i norsk skogbruk, m.a. som instruktør og selgar i JOBU, skogbrukssleiar i Møre og Romsdal Skogeigarlag , seinare Allskog og idag sentral i Norske Taubanelag. Eliassen fekk oppdraget med å oppsummere dagen ved Taubanesamlinga 2022. Eliassen understreka klare signal som utdanning, kompetanse, lønsemd, sikre rammevilkår, god planlegging og ikkje minst at alle sentrale aktørar i norsk skogbruk må få eigarskap til “utfordringa i taubanemiljøet”, og på det viset løyse det etter beste evne.
Skogkurs sine nye lokale ligg vakkert til ved Mjøsa, naboen til Wood Hotell der dette biletet er teke.
Taubanesamlinga 2022 er over, og mykje arbeid ventar.
Vi vil avslutte med Alf Prøysen frå Rudshøgda like ved Brumunddal si vise “Du skal få ein dag i mårå“, og håpar det også vil gjelde taubanemiljøet i landet.