Krafttak for taubanemiljøet

Publisert 09.11.2022

Fylkesskogmester Torkel Hofseth tilrår kommunane i Vestland å auke driftstilskotet til taubane.
Utan norske taubaner vil mykje av skogen i det bratte terrenget bli ståande seier Hofseth.
Fylkesskogmester Torkel Hofseth tilrår kommunane i Vestland å auke driftstilskotet til taubane. Utan norske taubaner vil mykje av skogen i det bratte terrenget bli ståande seier Hofseth.

Fylkesskogmester Torkel Hofseth i Vestland tilrår i eit brev til kommunane i fylket å auke tilskotet til bruk av taubane i bratt terreng med 100 kroner per kubikkmeter. Hofseth seier at det trengs eit krafttak for taubanedrift på grunn av kostnadsauke, mangel på taubanemannskap og sterk kapasitetsnedgang for taubaner i Norge.
Tekst og foto Helge Kårstad

Klare signal under taubanesamlinga
Under taubanesamlinga i Brumunddal i august dette året vart stoda i taubanesektoren av fleire karakterisert som ei krise. Det vart samtidig uttrykt sterk trong for taubane i store deler av landet.
Jan Gaute Lie frå Norges Skogeierforbund held eit interessant innlegg der han konkluderte med at relativt mykje av den hogstmodne skogen i landet ligg i bratt terreng, og at ein vesentleg del av dette må hoggast ved hjelp av taubane.
Bjørn Lauritzen frå MEF konkluderte i sitt foredrag med at tilbod om utdanning og lønsemd til den enkelte entreprenør er heilt sentralt. Dette vart underbygd av skogsentreprenør Andreas Råheim i Valdres Skog AS som meinte at i hans distrikt kunne det gjerne gå ein taubane i kvar ein dal. Han hadde tidlegare vurdert å skaffe seg ei taubane, men meinte at rammevilkåra både var for dårlege og usikre.

Tilråding til kommunane i Vestland
Fylkesskogmester Torkel Hofseth i Vestland har nyleg sendt brev til alle kommunar i fylket og tilrådd ein auke i driftstilskotet ved bruk av taubane frå 140 til 240 kroner pr kubikkmeter og presiserer – «Kommunane kan gi driftstilskott til anna enn taubane, men taubane vil bli prioritert dersom det ikkje er tilstrekkeleg med midlar. På grunn av auke i kostnadsnivået og utfordringar med å få tak i mannskap bør satsane til taubane aukast. Vi anbefaler kr 240 per m³. Det kan også gis tilskot til framkøyring med lassberar frå taubane. Vi foreslår kr 40 per m³».

Hofseth seier til Kystskogbruket at det har vore ein sterk auke i hogsten på Vestlandet siste åra, hovudsakleg i det lette terrenget. Samtidig meiner han å ha dokumentert at auken av hogsten i det lette terrenget må reduserast fordi skogen kort sagt ikkje er gammal nok. 30% av skogen står i taubaneterreng, og det er der vi no og i mange år framover vil ha mest hogstmoden skog. Den relativt største auken i hogstkvantumet må difor framover kome i det bratte terrenget og særleg i taubaneterrenget. Det bratte terrenget på Vestlandet er blant dei høgast produserande skogareala i Nord-Europa  – «Utan norske taubaner som tener pengar vil skogen der bli ståande» seier Hofseth.
Difor hastar det med tiltak for det bratte terrenget. Hofseth trur også at med ein såpass sterk auke vil potensielle taubaneentreprenørar kome på banen. Vi treng fleire driftslag og ikkje minst utvikling av metodar og utstyr på heile Vestlandet, inkludert både Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal. Då må det også vere god økonomi i å drive som taubaneentreprenør, avlsluttar Hofseth.

Norsk Taubanelag støttar tilrådinga
Leiar i Norsk Taubanelag Torbjørn Frivik er svært glad for tilrådinga frå Statsforvaltaren i Vestland.
Sjølv har T. Frivik Taubanedrift AS halvert kapasiteten frå 6 til 2 driftslag. – Innteninga siste åra har vore dårleg. I tillegg er det jamt utfordrande å finne eigna mannskap. Ei betring av lønsemda vil også skape meir interesse for å etablere nye taubaneverksemder i landet» seier Frivik.

Det bratte terrenget på Vestlandet er blant dei høgast produserande skogareala i Nord-Europa. Vi treng fleire driftslag og ikkje minst utvikling av metodar og utstyr for taubaner seier fylkesskogmester Torkel Hofseth.