Lukkeleg som liten

Publisert 05.11.2022

Martin Braanaas og Ingunn Kjelstad har lukkast med etableringa av Fjordtømmer AS. Men dei gjev æra til dei som sit i hogstmaskin, lassberar og tømmerbil.
Martin Braanaas og Ingunn Kjelstad har lukkast med etableringa av Fjordtømmer AS. Men dei gjev æra til dei som sit i hogstmaskin, lassberar og tømmerbil.

Medan dei store virkeskjøparane i landet fusjonerte for nokre år sidan, etablerte Ingunn, Martin og Tarje eit lokalt forankra miniføretak kalla Fjordtømmer AS. Det som i mange sine auge ikkje skulle vere mogleg, har tvert imot blitt ein suksess.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Vi møter styreleiar Martin Braanaas og dagleg leiar Ingunn Kjelstad i nye kontorlokale på den gamle industristaden Øyrane, Førde i Sunnfjord. Kanskje er ringen slutta. Det var nettopp her Statens Industrivekstanlegg (SIVA) med Ankerløkken Verft etablerte seg tidleg på 1970 talet. Ein industristad ved elvemunninga til Jølstra, bokstaveleg tale bygd på lange granpelar frå skogreisingsskogen i Sunnfjord.
– «I år høgg vi, driv fram og omset kring 80 000 kubikkmeter tømmer og marknadsdelen i Sogn og Fjordane nærmar seg 40%» fortel Martin og Ingunn og legg til – «ja det har gått bra sidan vi starta for kring 3 år sidan og vi er litt stolte av det».
Fjordtømmer AS er no heileigd og drive av Martin Braanaas, Tarje Kusslid og Ingunn Kjelstad.

Utfordrande oppstart
Ingunn fortel at Fjordtømmer fekk ein utfordrande oppstart i 2019, med sterk nedgang i marknaden. Men å satse i dårlege tider er mogleg, og dei har etablert seg godt både i Sunnfjord og på Sunnmøre. – “Sidan har vi vunne fleire anbod i konkurranse med andre” fortel Martin entusiastisk. Forklaringa er dyktige entreprenørar med lokalkjennskap i heile verdikjeda. Dette gjeld både innan hogst og transport der firma Sunnfjord Skog er heilt sentral. Ingunn trekkjer også fram dyktige samarbeidspartar i firmaet. Det gjeld ikkje minst transportørane Gøran Kårstad i firma Kårstad AS i Sunnfjord og Edvin Lindset i Biofrakt AS på Møre som var med frå start. Seinare har samarbeidet blitt utvida med transportør Richard Sæle og entrerpenør Kjetil Grodås . 

Satsa på smådriftfordelar
– «Alle sa at det var umogleg å etablere eit slik lite selskap» seier Martin og legg til – «På sett og vis satsa vi på smådriftfordelar framfor stordriftsfordelelar. Det skulle i grunn ikkje gå, men i dag, 3 år etterpå  ser vi at vi har lukkast. Vi har stor etterspørsel etter oppdrag, vi har jamt nøgde skogeigarar, vi tenar pengar og vi betaler minst like godt for tømmeret til skogeigar som våre konkurrentar. Faktisk har vi jamt ligge litt over».
Martin understrekar at det er dei som sit i hogstmaskina og tømmerbilen som skal ha mykje av æra for det.

Tømmerbilsjåfør Gøran Kårstad (t.v) har drive med tømmerkøyring sidan han fekk sertifikat. Han kjenner kvar krok i fylket og stortrivst i jobben. Men både han og Tarje Kusslid seier at det er jamt utfordringar med det offentlege vegnettet. Under denne drifta kunne dei begge glede seg over at Vestland fylke nyleg har gradert opp fylkesvegen slik at det er mogleg å ha med tilhengar. Inntil nyleg var vegen berre tillate for enkel lastebil (12.4 meter lengde). Skogsdrifta ville då aldri kunne late seg gjennomføre på grunn av ekstem kipping.
Tarje Kusslid er ein av eigarane i Fjordtømmer AS. Han seier at dei heile tida prøver gjere det beste for både skogeigar og dei andre i verdikjeda. Etter ei kvar drift blir driftsvegen fiksa opp, og tilbakeført til ein minst like god standard som før skogsdrifta. I mange tilfelle gjeld det eldre traktorvegar som her på Kleppe i Sunnfjord kommune.

Kunnskap og lokalkjennskap
Kva tenkjer Fjordtømmer om framtida?
– «Målet er eit veldrive skogbruk langs kysten, der Fjordtømmer er ein sentral aktør” seier Ingunn.
Begge understrekar at framtida i skognæringa på Vestlandet først og fremst botnar i meir kunnskap hos skogeigar, og ikkje minst openheit og god informasjon i alle ledd. Skal skogbruket utvikle seg vidare, vil også god lønsemd i alle ledd vere avgjerande.
Aktørane i marknaden må ha god lokal kunnskap og lære seg til å samarbeide mot felles mål.
Betre kommunale vegar, betre logistikk ved tømmerkaiene og ikkje minst ein god marknad for tømmeret vil også avgjere framtida til Fjordtømmer.
Fjordtømmer har engasjert seg for å få etablert meir skogsindustri på Vestlandet, og har enno eit håp om å kunne medverke for å få det etablert.
I dag er marknaden til Fjordtømmer stort sett tysk skogsindustri. Dei som har lese siste nummer av bladet Norsk Skogbruk, har sikkert fått med seg at tyske sagbruk betaler best for sagtømmeret i heile Europa, også mykje betre enn svenske sagbruk.

Det mange snakkar om
I Kystskogbruket opplever vi at haldninga og visjonen til Fjordtømmer stemmer mykje med det som blir sagt på eit kvart møte i skogbruket. Det er alltid eit håp om større lokalt engasjement, nye bedrifter og nye jobbar i bygdene. Men prat er ikkje nok. Fjordtømmer har på eit vis våga å ta steget og bevist det som mange snakkar om, men som dei fleste ikkje får til.
Vi er imponerte og ynskjer Fjordtømmer lukke til i åra som kjem!

Mykje av tømmeret frå Fjordtømmer går frå Kvamen tømmerkai i Fjaler. Dette er ein nybygd tømmerkai som vart opna av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn 10. mars 2020, – 2 dagar før koronaepidemien stengde ned landet.