Midlar frå Havbruksfondet til tømmerkai

Publisert 22.12.2022

Lokale intiativ i skogbruket er sjølve grunnpilaren i nettverket Kystskogbruket. Vi vil gjerne framheve eit av desse som vi meiner har medverka til gode resultat.
F.v Ove Frotvedt, Terje Søviknes og Gustav Bahus.  
I dag gledar dei seg over at tømmerkaien i Samnøy er fullfinansert, og arbeidet starta opp denne veka.
Lokale intiativ i skogbruket er sjølve grunnpilaren i nettverket Kystskogbruket. Vi vil gjerne framheve eit av desse som vi meiner har medverka til gode resultat. F.v Ove Frotvedt, Terje Søviknes og Gustav Bahus. I dag gledar dei seg over at tømmerkaien i Samnøy er fullfinansert, og arbeidet starta opp denne veka.

Nyleg kunne Bjørnafjorden kommune skrive kontrakt for utbygging av Samnøy Tømmerkai, ein av dei største på Vestlandet. Nokre dagar før hadde politikaren Terje Søviknes (FrP) føreslege å nytte 12 millionar kroner frå Havbruksfondet for å sikre eigenkapitalen til den nye tømmerkaien.
Tekst og første foto: Helge Kårstad

Utbygging av tømmerkaiar i norsk skogbruk går mot slutten, og innan utgangen av 2025 vil arbeidet vere avslutta. Kring 35 tømmerkaier er då utbygde eller nybygde, kaier som er heilt avgjerande for å drive eit skogbruk i kystskogfylka. Det har vore ei imponerande «reise», og svært mange personar har bidrege i ulike samanhengar. Men det kan likevel vere nyttig å minne om lokale engasjement og den noko uventa støtta skogbruket fekk frå Framstegspartiet (FrP) i dette arbeidet.

Lokalt engasjement med ringverknader
Etter initiativ frå skogmannen Ove Frotvedt vedtok Os Frp i 2014 ein resolusjon som seinare vart vedteke av Hordaland FrP. Resolusjonen oppmoda til meir satsing på infrastruktur i skogbruket og  vart oversendt til det nasjonale årsmøtet i FrP. Det har blitt sagt av fleire at resolusjonen fekk verknad for partiet si satsing på skogbruket i åra som kom. Noko uventa fronta den nye landbruks- og matministeren Sylvi Listhaug skogbruket, og tala varmt for utbygging av skogbilvegar og tømmerkaiar. Dette vart vidareført under Jon Georg Dale som held fram som landbruks- og matminister til hausten 2018. Under hans tid i regjering, vart løyvingane til infrastruktur i skogbruket minst dobla med over 100 millionar kroner. Han var også mannen som i 2018 sette av pengar nettopp til tømmerkaien på Samnøy som fekk tildelt 23 millionar kroner i 2019.
Vi kan ikkje i denne samanhengen utelate å nemne mangeårig leiar i Hordaland FrP Gustav Bahus og dåverande stortingsrepresentant for FrP frå Hordaland Gjermund Hagesæter.
Gustav Bahus med bakgrunn frå skogbruket tok fleire samtalar med leiinga i Oslo om skogtiltak, og inviterte også skogbruket med i fleire samanhengar. Gjermund Hagesæter var i denne perioden finanspolitisk talsmann for FrP og framsnakka skogbruket og trongen for pengar til infrastruktur ved fleire høve.

Havbruksfondet
Det har vore ein trong fødsel for utbygginga av Samnøy tømmerkai. Eksisterande tømmerkai i Eikelandsosen vart etter kvart både for liten, og dei første planane for ny tømmerkai i regionen vart utgreidd allereie i 2015. Vi skal ikkje gå i detaljar på kva som har skjedd etterpå, men vil gjerne framheve kommunen sitt gode arbeid siste året.  
Framlegget frå Terje Søviknes om å nytte midlar frå Havbruksfondet fekk nyleg full tilslutning i kommunestyret, og saman med eit statleg tilskot på 23 millionar kroner er tømmerkaien dermed fullfinansiert.
Utbygginga er i dag tildelt Heldal AS og arbeidet skal vere ferdig i løpet av 2023. Vi vil kome tilbake med ein reportasje av sjølve byggearbeidet.

Entreprenørfirmaet Helldal As fekk nyleg oppdraget med å bygge Samnøy Tømmerkai i Fusa. Anleggsarbeidet starta frå sjøsida denne veka fordi vegen fram enno ikkje er bygd. Lekteren er 27 x 91 meter og rommar det meste av anleggsmaskiner som både skal hogge skogen, sprenge og planere. Foto: Jim Heldal.

Viktig for skogeigarane
Den nye tømmerkaien i Samnøy vil vere avgjerande viktig for skogeigarane i Fusa, Samnanger, Os, Osterøy, halve Bergen og deler av Vaksdal og Kvam. Totalt vil det årleg gå inntil 100 000 m3 tømmer over kaien. Saman med Eidsnes tømmerkai i Nordhordland vil dette vere mellom dei største og viktigaste tømmerkaiane på heile Vestlandet. Utan ein ny og moderne tømmerkai i denne regionen, vil det mange stader bli ulønsamt å drive skogbruk. Alternative kaiar/transportavstandar og medfølgjande transport- og logistikkostnader ville bli urimeleg høge, og i svært mange tilfelle ville det ikkje vere mogeleg å hogge skogen.
Den nye tømmerkaien vil ha ein kaifront på 70 meter og eit baklager på 8-10 dekar. Kaifronten vil då ha ein kapasitet på 2000-3000 m3 tømmer og saman med kort veg til baklager vil ein kunne både fullaste og sluttlaste båtar (inntil 5000m3) ved den nye tømmerkaien. Det siste er ikkje minst viktig for sjøtransportør og kjøpar av tømmeret.

Sjøvegen har alltid vore viktig i Norge og spesielt langs kysten.
For skognæringa langs kysten er sjøvegen ein føresetnad for å kunne drive eit skogbruk. Utbygginga av tømmerkaiar siste tiåra opnar marknaden for skogsvirket til både nasjonal og internasjonal skogsindustri.