Taubanekalkulatoren er ferdig

Publisert 25.12.2022

Ferdig taubanekalkulator

Norsk Taubanelag tok saman med Skognæringa Kyst initiativ til å utvikle den første norske taubanekalkulatoren våren 2021. Men det var under ei taubanesamling på Vestnes i Møre og Romsdal hausten 2020 at det kom framlegg om å utvikle ein slik kalkulator. Taubanekalkulatoren er no ferdig til bruk, og nederst i dette oppslaget finn du lenka.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Takk til mange medspelarar
Leiaren i Norsk Taubanelag Torbjør Frivik er svært nægd med at taubanekalkulatoren er ferdigstilt og i tillegg innafor planlagt tidsrom. Han vil også framheve Skogbrukets Verdiskapingsfond som har finansiert halvparten av  kostnaden. Resten av totalkostnaden på kring 1 million kroner er finansiert av Skognæringa Kyst, Skogkurs og Statsforvaltarane i landet.
Frivik rettar også ein takk til prosjektleiaren Mikael Fønhus ved Skogkurs og NIBIO som i felleskap har utvikla eit viktig reiskap for å styrke den pågåande taubanesatsinga i Norge.

Nokre av fleire sentrale medspelarar ved utvikling av taubanekalkulatoren. Fv. Mikael Fønhus (prosjektleiar frå Skogkurs), Håkon Johan Eliassen frå Norsk Taubanelag, Torkel Hofseth frå Statsforvaltaren i Vestland, Kjell Magne Åshamar frå AT Skog og Torbjørn Frivik som er leier i Norsk Taubanelag.

Målet med taubanekalkulatoren
Hovudmålet har vore å bygge ein pilot for ein nettbasert produktivitets- og kostnadskalkulator for norske taubanedrifter. Meir presist var måla følgjande:

  • Gjere det enklare for skogbruksleiarar og driftsplanleggarar å kalkulere skogsdrifter i felt.
  • Gje skogeigarane eit tidleg og godt prisestimat, som grunnlag for avtale om skogsdrift.
  • Bevisstgjere aktørene på tiltak som kan redusere driftskostnadene.
  • Redusere faren for kryssubsidiering – dvs. at godt planlagte skogsdrifter ikkje subsidiar dei dårleg planlagte driftene.
  • Forvaltninga får eit godt grunnlag for å tildele driftstilskot

Tilpassa alle plattformer
Taubanekalkulatoren er nettbasert og tilpassa alle plattformer, både PC/Mac, nettbrett og smarttelefon. Grunnlagskalkylane er laga av NIBIO og i noko grad basert på tidligere undersøkelsar og forskingsresultat. I tillegg er det i prosjektet utført daglege registreringar under taubanedrifter i felt for å justere formelverket slik at det passar til ulike driftstypar og skogtilhøve.

Lenke til Taubanekalkulator med instruksjonsvideo her: Ny taubanekalkulator • Skogkurs