Virkeskjøparane slår ring om taubanemiljøet
Publisert 26.01.2023

Med eit par unnatak var alle dei norske virkeskjøparane samla i Brumunddal førre veke.
Tema var utfordringane kring taubanemiljøet og virkeskjøparane var samstemt i at her trengs ei felles satsing. Eit historisk og viktig møte seier leiar i Norsk Taubanelag Torbjørn Frivik.
Tekst og foto 2: Helge Kårstad
Foto1: Skogkurs
Ein total og felles strategi
Norsk Taubanelag gjorde i sitt styremøte 21.11.22 følgjande vedtak:
«Norsk Taubanelag meiner at det må utviklast ein total og felles strategi for taubanedrift i norsk skogbruk, og vil medverke til å utvikle denne strategien. Med ein total strategi er meint bruk av taubaner som del av eit ordinært skogbruk, men også som del av eit beredskapsomsyn».
Som del av denne prosessen har både Statsforvaltarane og Virkeskjøparane nyleg og kvar for seg vore samla for å diskutere den noko vanskelege situasjonen.
Med eit par unntak var skogsjefane hos alle virkeskjøparane i Norge samla i Brummunddal 19. januar.
Leiar i Norsk Taubanelag Torbjørn Frivik takka i si innleiing til møtet for at virkeskjøparane i landet viste så stor interesse for å medverke i ein særs vanskeleg situasjon for norsk taubanemiljø.
Store ressursar i taubaneterreng jamført med dagens aktivitet
Som innleiar orienterte Jan Gaute Lie i Norges Skogeierforbund om ressursgrunnlaget og behovet for skogsdrift med taubane i bratt terreng. Han la fram tal frå NIBIO som viser at det står ca. 94 mill. m3 tømmer i bratt terreng i landet og som eigner seg for taubanedrift. Av dette utgjer grana ca. 50 mill. m3, furu 10 mill. m3 og lauvskogen resten. I dag blir det hogge og drive frem ca. 50 000 m3 med taubane. Uansett om ein reduserer kraftig på det tilgjengelege totalkvantumet, er det store realistiske potensial for skogsdrift med taubane i Norge i lang framtid. Lie viste også til at i dei nærmaste 20 åra er det eit «granunderskot» i det lette terrenget i tradisjonelle skogområder. Mykje av potensialet for å oppretthalde hogstkvantumet ligg såleis i det bratte terrenget. «Hogger vi oss opp i et hjørne?» spurte Lie.
Fylkesskogmester i Innlandet Carl Olav Holen orienterte om eit nylig møte mellom Statsforvaltarane i Norge med tema taubanedrift. Dette vil vi kome tilbake til i ein seinare reportasje.
Vi vil også kome tilbake med informasjon om konklusjonane frå virkeskjøparane i møtet på Brumunddal 19. januar. Men vi kan seie så mykje at frå begge hald vart det uttrykt stor interesse for å ville medverke i denne vanskelege situasjonen.
