Aukande interesse for sitkagran
Publisert 06.02.2023
Mange deltok på skogkveldar på Sunnmøre då produksjon, stell og bruk av sitkagran var tema førre veka. – «Det er ei veksande og positiv interesse for sitkagran i landet» meiner Håkon Johan Eliassen.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Det var leiar i Søre Sunnmøre Skogeigarlag Håkon Johan Eliassen som førre veke kunne ynskje velkommen til kring 20 deltakarar på skogkveld i Eidså i Vanylven kommune og kring 40 deltakarar på Ishavsmuseet i Brandal, Hareid kommune. Eliassen har lang erfaring i skogbruket i Noreg, og meiner interessa for sitkagran som produksjonstre i skog har auka siste åra. Men den er ikkje lenger aktuell til leplantingar.
Rådgjevar landbruk i Vanylven kommune Randi Aarønæs orienterte om status for skogbruket i kommunen, skogfond og ulike tilskotsordningar. Ho viste m.a. til at det er meir hogstmoden skog enn nokon gong også i Vanylven. Hogsten ber preg av kampanjar, men har likevel vore noko låg siste åra. Ho viste til at plikta til å forynge skogen etter hogst vil bli følgd opp gjennom kontrollar, og sa også at det fins gode tilskotsordningar både for etablering av ny skog og stell av ungskogen. Fordi det er ynskjeleg med tilbod om taubane i området, er det intensjon om å auke driftstilskotet.
Avdelingsleiar for landbruk i Herøy kommune Anne Kathrine Løberg fortalde at det er planta ca. 7000 daa sitkagran i kommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande i perioden 1955-2003.
Dette utgjer eit areal mellom ca. 1% (Hareid og Ulstein) og ca. 2,4% (Herøy og Sande) av landarealet. Noko av dette er leplantingar og slår nok sterkt inn både i Herøy og Sande. Likevel er det slik at sitkagrana utgjer relativt lite i det totale landskapsbiletet.
Løberg orienterte om kravet om forynging av skog etter hogst, og opplyste at det meste som var hogge dei siste åra blir forynga ved planting av gran eller naturleg forynging av sitkagran.
Skogbruksleiar i Allskog Per Gunnar Sande orienterte om prisar, leveringsvilkår og tilbod om hogst med hjulgåande hogstmaskin og lastetraktor eller ved hjelp av taubane i bratt terreng.
Helge Kårstad frå Kystskogbruket orienterte begge stader om bakgrunnen for den store sitkagransatsinga etter krigen i Noreg og fleire andre land i Europa. Fleire har ofte sagt at utan sitkagran hadde ikkje 2. verdskrig blitt vunne av dei allierte, og viser til den store produksjonen av bombeflya Mosquitos utanfor London. Sitkagran (Picea sitchensis) frå «the sitka belt», hovudsakleg i British Columbia og Alaska er blitt rekna som eit av verdas beste treslag og eit av det viktigaste og beste materialet til militær flybygging. I åra 1939-1944 vart det frakta store mengder plank av sitkagran frå desse områda till London. Det var vel såleis ikkje til å undrast over at sitkagran vart planta i mange land etter krigen.
I foredraget som også handla om notida, vart det opplyst at hogst av små flater av sitkagran vil gi rikeleg naturleg forynging. Ei avstandsregulering innan 6-7 år eller innan høgda er 1 meter vil gi ein kulturkostnad for skogeigar mellom 3 og 400 kroner pr. daa etter tilskot. Samanlikna med planting av gran er dette berre tredjeparten av kostnaden pluss at ein slepp supplerings planting.
Mykje av foredraget kan lesast i dette tidlegare oppslaget: http://gammel.kystskogbruket.no/artikkel.cfm?ID_art=16094 (Nyheitsarkivet på www.kystskogbruket.no)