Politikarane støttar innspel om flaskehalsar

Publisert 10.02.2023

FrP er positiv til innspelet frå Skognæringa Kyst. Bilete er frå møte på Stortinget denne veka. F.v. 2. nestleier i FrP og kommunestyrerepresentant i Bjørnafjorden kommune Terje Søviknes, Helge Kårstad frå Skognæringa Kyst, Ole Bakke frå Skognæringa Kyst, Ove Frotvedt frå planfirma FanAgro i Vestland, stortingsrepresentant (FrP) frå Vestland Helge Andre Njåstad, leiar i FrP Sylvi Listhaug og fylkesleiar i Vestland FrP Gustav Bahus. 
Stortingspolitiker (FrP) Bård Andre Hoksrud var ikkje tilstades då biletet vart teke.
FrP er positiv til innspelet frå Skognæringa Kyst. Bilete er frå møte på Stortinget denne veka. F.v. 2. nestleier i FrP og kommunestyrerepresentant i Bjørnafjorden kommune Terje Søviknes, Helge Kårstad frå Skognæringa Kyst, Ole Bakke frå Skognæringa Kyst, Ove Frotvedt frå planfirma FanAgro i Vestland, stortingsrepresentant (FrP) frå Vestland Helge Andre Njåstad, leiar i FrP Sylvi Listhaug og fylkesleiar i Vestland FrP Gustav Bahus. Stortingspolitiker (FrP) Bård Andre Hoksrud var ikkje tilstades då biletet vart teke.

Skognæringa Kyst leverte før jul eit innspel til Landbruks- og matdepartementet som vedkjem statsbudsjettet 2024. Innspelet gjeld eit ynskje om å setje av 20 millionar kroner til utbetring av prioriterte flaskehalsar på kommunale næringsvegar. – Vi opplever ei stor støtte til innspelet vårt både frå politikarar, skog-, jord-, og transportnæringa seier leiar i Skognæringa Kyst Ole Bakke.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Skognæringa Kyst i samarbeid med bondelaga
Skognæringa Kyst har siste åra og i samarbeid med Vestland Bondelag informert mange politikarar frå ulike parti både i kommunar, fylke og Storting om dei ekstremt dårlege kommunevegane. Tilbakemeldingane har vore samstemte; «dette må løysast raskt».
Leiar i Skognæringa Kyst Ole Bakke seier at det i samband med innspelet er sendt svært mange støtteskriv frå både jord-, skog-, og transportnæringa til landbruks- og matminister Sandra Borch. Meir om dette skal vi kome tilbake til i ein seinare reportasje.

FrP støttar innspelet
Denne veka møtte Skognæringa Kyst leiinga i Frp på Stortinget. Som kjent var det FrP som medverka sterkt for å auke løyvinga til infrastruktur i skogbruket under førre regjering og i denne perioden der dei 3 gonger hadde landbruks- og matministeren.
Leiinga i Frp sa på møtet denne veka at dei vil støtte dette innspelet, og håpar at regjeringa set av 20 millionar kroner i statsbudsjettet (LMD) 2024. Dei meiner også det vil vere naturleg å legge det innafor same ordninga som for tømmerkaiar. Partileiinga ser det som viktig at den vellukka ordninga kring tømmerkaisatsinga i Norge kan vidareførast til også å fjerne dei fleste flaskehalsane som m.a. fører fram til dei kring 35 tømmerterminalane som no er utbygde.

Vi opplever ei stor støtte til innspelet vårt både frå politikarar og skognæringa seier leiar i Skognæringa Kyst, Ole Bakke.

Alle ristar på hovudet
Som kjent er ein av dei største utfordringa i kystskogfylka å få betre kommunale vegar, slik at det er mogeleg å transportere ut tømmeret med bil og tilhengar. Både veglister og analyser frå Transportøkonomisk Institutt (TØI) fortel om eit kommunalt vegnett i landet der berre 14% tilfredsstiller køyring med vanlege vogntog (24 meter lengde, totalvekt 60 tonn og akseltrykk 10 tonn).
Vestlandsfylka er verst stilt der kring 75% av dei kommunale vegane ikkje ein gong er tillate å køyre med tilhengar og der 50% av vegane berre tillèt 4 tonn på enkel bil. Dette krev 7 kippeturar både av tømmer, dyrefor, slaktedyr og mjølk. Alle ristar på hovudet når vi legg fram desse tala.
Heretter trengs fysiske investeringar av ulik grad. Samfunnsøkonomiske nytteanalyser over kommunale vegar som nyleg er utført av TØI, er eit godt verktøy som kan nyttast for å prioritere investeringane.