Endeleg er arbeidet igang

Publisert 05.03.2023

Full fart på Samnøy om dagen. F.v. skogsentreprenør Terje Austestad, Arne og Steffen Kvamsdal i Helldal AS og til høgre sjefen sjølv i entrepernørfirmaet Helldal AS Jim Heldal.
Legg merke til lekteren med tømmeret i bakgrunnen. Jim Heldal har mykje erfaring med kaibygging, og seier at bruk av lekteren har gitt ei rasjonell totalløysing i dette tilfellet.
Foto: Helge Kårstad
Full fart på Samnøy om dagen. F.v. skogsentreprenør Terje Austestad, Arne og Steffen Kvamsdal i Helldal AS og til høgre sjefen sjølv i entrepernørfirmaet Helldal AS Jim Heldal. Legg merke til lekteren med tømmeret i bakgrunnen. Jim Heldal har mykje erfaring med kaibygging, og seier at bruk av lekteren har gitt ei rasjonell totalløysing i dette tilfellet. Foto: Helge Kårstad

Etter korona har utbygging av nye tømmerkaier teke seg kraftig opp.
Samnøy tømmerkai, Bjørnafjorden kommune i Vestland blei starta opp ved årsskifte og skal bli ferdig i løpet av dette året. – Det har vore ein lang veg fram til realisering,  men desto meir gledeleg at arbeidet no er godt i gang, seier leiar i Midthordland Skogeigarlag Jørgen Frønsdal.

Årleg kring 100 000 m3 tømmer
Dekningsområdet for tømmerkaien er forutan Bjørnafjorden kommune også kommunane Samnanger, Osterøy, Vaksdal, halve Bergen og deler av Kvam. Med eit granareal på mellom 80 000 og 90 000 dekar vil årleg transportvolum over Samnøy tømmerkai bli kring 100 000 kubikkmeter tømmer. Leiar i Midthordland Skogeigarlag Jørgen Frønsdal seier at denne tømmerkaien vil bety mykje for utviklinga av skognæringa i denne delen av fylket. Dette er eit område med viktige framtidige skogområder og tømmerkaien ligg i tillegg strategisk plassert.

Tømmerkai i nytt industriområde
Frønsdal fortel at eksisterande tømmerkai i Eikelandsosen har fungert tilfredsstillande i mange tiår. Men i dei siste åra har tømmerkvantumet auka, det har blitt fleire virkeskjøparar og ikkje minst er plassen sentralt i det gamle kommunesenteret i Eikelandsosen både for liten og noko uheldig plassert i høve andre funksjonar. Det var difor ei stor interesse frå dåverande Fusa kommune å finne ein ny stad til ein ny tømmerkai. Området som til slutt vart funne eigne til ny kai heiter Samnøy i Holmefjord, og vil ha status som eit nytt industriområde med relativt store areal som kan byggjast ut til andre føremål over tid. 

Flyfoto over det nye industriområdet på Samnøy i Holmefjord med tømmerkaien til venstre i biletet. Til høgre i biletet ligg VESTLANDSKE LIMTREINDUSTRI som vart etablert i 1975. Ved sida av limtrefabrikken og utanfor biletet ligg BOGELIST med eit stort varespekter innafor listverk og det meste av byggervarer. Verksemda var opprinneleg ein tønnefabrikk som vart etablert kring 1940.
Foto: Helldal AS
Entreprenørfirmaet Helldal AS starta arbeidet frå sjøsida ved hjelp av ein lekter. Alt av anleggsutstryr vart transportert fram til området på lekteren. Lekteren fungerar samtidig som tømmerkai fordi det blir hogge mykje tømmer i det nye jomfruelege industriområdet.
Foto: Helldal AS

Ein lang veg fram
Mykje har endra seg etter at det vart reist spørsmål om ny tømmerkai i regionen allereie i 2017. Skogeigarlaget og virkeskjøpar Vestskog søkte om statstilskot i 2018. Men anlegget vart ikkje prioritert for statstilskot før i 2019, og det vart då løyvd 23 millionar kroner. I denne perioden vart det også fusjonar både av Fusa kommune til Bjørnafjorden kommune og skogeigarlaget Vestskog til AT Skog. Til slutt trekte AT Skog seg frå prosjektet. Kommunen etablerte deretter eit kommunalt selskap kalla Bjørnafjorden Utviklingsselskap (BUS AS) som etter søknad til Landbruksdirektoratet fekk overta statstilskotet, og som no byggjer ny tømmerkai.

Starta opp frå sjøsida
Det er entreprenørfirmaet Helldal AS frå Bergen som har fått tildelt arbeidet med å bygge tømmerkaien. Tømmerkaien skal vere 70 meter lang med eit 8-10 daa stort baklager for tømmer. Kontraktsummen er ca. 34 millionar kroner inkludert mva.  Arbeidet starta opp frå sjøsida ved hjelp av ein lekter fordi vegen fram til området enno ikkje er bygd. I påventa av oppstart av ny veg inn til tømmerkaien, blir ein tidlegare skogsbilveg rusta opp og ført fram til tømmerkaien. Dette som ei midlertidig løysing. Den nye vegen som skal byggjast, vil ha ein rimeleg høg standard fordi den skal løyse ut det nye industriområdet på Samnøy der tømmerkaien er første tiltak. Det er venta at arbeidet med den nye tilkomstvegen vil bli lyst ut og starta opp med det første.

Det er store maskiner som er i sving for å bygge den nye tømmerkaien.
Foto: Helge Kårstad