Skog på dagsorden for kommunepolitikarar på Voss

Publisert 10.03.2023

Utval for kultur og næring, Voss 8. mars. F.v. Stig Frode Soltvedt Støle, Kaia Sudmann Mandelid, Benedicte Kragh, Anita Haugen Gjerme, Nina Jakobsen Bakketun, Lars Haukom, Endre Evensen, Helena Elvatun, Vidar Skeie og til høgre skogbruksjef Vidar Jørdre.
Utval for kultur og næring, Voss 8. mars. F.v. Stig Frode Soltvedt Støle, Kaia Sudmann Mandelid, Benedicte Kragh, Anita Haugen Gjerme, Nina Jakobsen Bakketun, Lars Haukom, Endre Evensen, Helena Elvatun, Vidar Skeie og til høgre skogbruksjef Vidar Jørdre.

Skogen på Voss kan binde alle CO2 utsleppa i Voss herad kunne skogbruksjef Vidar Jørdre fortelje kommunepolitikarar på Voss denne veka. Saman med Helge Kårstad i Kystskogbruket var Jørdre invitert til Utval for kultur og næring for å snakke om skog og skogen sine mulegheiter framover.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Ein skogbastion
Det var ei lydhøyr og særs interessert forsamling som fekk høyre om Kystskogbruket, om opphavet til nettverket, om dei tre kystskogmeldingane, om dei fylkesvise skognæringsforum og om målsetjingar, tiltak og resultat.
Skogbruksjef Vidar Jørdre orienterte om skogen sin plass i nye Voss herad, etter underteikna si meining ein av dei viktige skogbastionane i kystskogfylka både i dag, og under skogreisinga etter krigen.
Helge Kårstad fortalde m.a. om eit møte i 1978 med tidlegare skogbruksjef Ingvald Trøen. Ein markant mann i skogbruket den gongen på Vestlandet. Ein særdeles engasjerande skogbruksjef som med armane utslegne kunne fortelje at det hadde vore så stor planteaktivitet på Voss, at dei måtte leige heile jernbanevogner for dagleg å frakte ut planter til dei snaue skogliene langs Bergensbanen.

Det blir planta etter hogst
Gjennomsnittleg (økonomisk drivbart) skogareal på gardsbruka på Voss er ca 300 daa.
Årleg tilvekst er nærare 90 000 m3 fordelt på 59% gran, 26% furu og 16% lauvskog.
Hogsten har jamt auka dei siste tiåra, og er i dag årleg kring 40 000 m3. Hogstkvantumet i granskogen vil jamt auke framover. Så vel produsjon som kvalitet på grana er svært god på Voss kunne Vidar Jørdre fortelje, som i ei årrekkje var skogsjef i Vestskog. I dag er som kjent Vestskog fusjonert med AT Skog.
Skogeigarane på Voss har jamt vore flinke til å plante etter hogst. Vidar Jørdre kunne fortelje at statistikken viser at det i dag blir planta ca. 4 granplanter pr. kubikkmeter som er hogge. Dette må seiast å vere svært bra. Han understreka samtidig at kanskje ikkje alle plantene overlever, og at hjorteskader diverre har vore aukande.

Skogbruksjef Vidar Jørdre fortalde om ein kommune med mykje skog. Han var også glad for at statistikken syner at det jamt blir planta etter hogst.

Skog og tre kan binde alle utsleppa
Til slutt kunne skogbruksjefen fortelje at ved å bruke Skogkurs sin klimakalkulator, hadde han rekna ut at dagens tilvekst i skogen bind kring halvparten av alle CO2 utsleppa i Voss herad. Ved ein fortsatt satsing og utvikling av skogen, saman med å utnytte restprodukt til bioenergi og i større grad bruke trevirke i bygningar i heradet, vil ein kunne doble CO2 bindinga til kring 100 000 tonn CO2. Følgjeleg vil fortsatt satsing på skogen og bruk av trevirke frå skogen langt på veg binde alle CO2 utsleppa i Voss herad.

Skogen på Voss bind mykje karbondioksyd og lagrar følgjeleg mykje karbon i jorda.