Eit klimanøytralt næringsbygg
Publisert 05.05.2023
Eit nytt trebygg i regi av GC Rieber Eiendom reiser seg i Bergen by i desse dagar. Krohnen heiter bygget og Solheimsviken heiter staden. Så vel bygget som staden er unik i byen si historie.
Tekst og bilde (minus siste biletet): Helge Kårstad
Tekst
Frå Treet til Skipet
Den gamle og sentrale industristaden Solheimsviken i Bergen er i dag blitt til ein stor og viktig næringspark i Vestland. Nye innovative verksemder kjem stadig på plass.
Men ikkje minst er det blitt eit av byen sine mest spennande byrom for sosiale samankomstar. Eit populært område i sterk utvikling vil mange seie.
Bruk av tre i nybygg er stadig blitt meir aktuelt i denne delen av byen, mest kjent i dag er kanskje Treet ved brua over Puddefjorden (i 2015 verdas høgaste trehus) og Skipet innerst i Solheimsviken.
Krohnen på verket
Det var også selskapet GC Rieber Eiendom AS som bygde Skipet i 2020, byen sitt første og største næringsbygg i massivtre. Storleiken var heile 14 000 kvadratmeter over 5 etasjar.
For tida pågår bygging av næringsbygget Krohnen, eit par steinkast frå Skipet. – « Der vil vi strekke oss endå lenger når det gjeld bruk tre og skape eit klimanøytralt hus» fortel prosjektsjef Ingunn Gjermundnes.
– «Bruk av treverk er viktig for klima men gir også eit godt innemiljø for brukarane» understrekar ho.
Dette bygget blir totalt på 6130 kvm. Kanskje blir dette Krohnen på verket spør vi?
Prosjektsjefen fortel entusiastisk vidare at det er valgt massivtre og betong i berekonstruksjonen. Gjenbruk av noko material frå bygget som stod der frå før, er også planlagt å nytte. Dette gjeld teglstein og takbjelkar. Takbjelkane skal sagast opp til innvendig kledning. Bygget har som mål å oppnå både Breeam-nor sertifisering og «NollCO2» sertifisering. NollCO2 er utvikla av Sweden Green Building Council. Det er i hovudsak 3 krav for å oppnå denne sertifiseringa; 1) Redusere energibruken og bruk fornybar energi. 2) Val av material med lågast mogleg CO2 avtrykk. 3) Kompensere for CO2 utsleppet med f.eks solceller på tak.
Gjermundnes fortel at det er firmaet Splitkon, Åmot i Modum kommune som leverer alt av massivtre elementa. Splitkon er i dag den einaste norske leverandøren av massivtre i stor skala. Det er byggmester Øystein Henriksen på vegne av Splitkon som monterer massivtre elementa, og bygget skal stå ferdig mai 2024.
– Innvendig i bygget vil deler av massivtre bli synleg, kombinert med treullsementplater og gips. Denne kombinasjonen av material bidreg til å overhalde strenge lydkrav. I tillegg vil vi bruke kledning rundt ventilasjonssjakter frå dei saga takbjelkane, avsluttar Gjermundnes.
Eit sentralt område i byen sidan 1855
Bergen Mekaniske Verksted (BMV) vart grunnlagt i Solheimsviken i 1855. Den gongen var det nok vanskeleg å førestille seg kor stor innverknad denne verksemda ville ha dei neste 130 åra. BMV var også ein del av ein større tankegang om å etablere nasjonale føretak for å gjere Norge meir uavhengig sidan vi var ein del av Sverige den gongen. Ein sentral forretningsmann i Bergen ved namn Michael Krohn (1793-1878) var mannen som starta BMV. Han etablerte også andre føretak i Bergen, mest kjende er nok Det Bergenske Dampskipsselskap. BMV som opprinneleg fokuserte på maskin og skipsreparasjon, vart etter kvart leiande innanfor sitt område. Men det stoppa ikkje der. Frå midten av 1850-talet starta ein å byggje skip og frå midten av 1860-talet vart skipsbygging det viktigaste satsingsområdet til BMV.
Allereie i 1875 arbeidde det ca. 400 menneske på verftet i Solheimsviken. Dei fleste av desse var menn under 35 år. Fram til 1960-tallet hadde skipa vorte meir moderne, arbeidsmetodane forbetra og BMV hadde vokse til å bli eit av Bergen sine største arbeidsplassar med meir enn 1200 tilsette. Totalt vart det bygd 317 skip i Solheimsviken.