Sterkare fokus på vernskog

Publisert 18.05.2023

Skogen kom først og deretter har utbygging av bustader krype oppover i lia, her frå Førde i Vestland. 
I slike tilfelle trengs meir kunnskap og fleire avklaringar om skogen sin funksjon framover.
Skogen kom først og deretter har utbygging av bustader krype oppover i lia, her frå Førde i Vestland. I slike tilfelle trengs meir kunnskap og fleire avklaringar om skogen sin funksjon framover.

Vi opplever eit stadig sterkare fokus på vernskog i landet. Bakgrunnen er meir skog i bratte lier, eit klima i endring og ikkje minst betre skredkartleggingar. Landbruksdirektoratet har nyleg fått i oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet (LMD) å utarbeide ein “veiledar” for forvaltning a vernskog.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Veiledar under arbeid
Rådgiver Baro Moslet frå Landbruksdirektoratet kalla førre veke saman representantar for skognæringa i landet for å få innspel til arbeidet med ein “veiledar” for vernskog. Denne veiledaren skal handle om forvaltning av vernskog og rettar seg i hovudsak mot Statsforvaltaren sitt arbeid med å fastsette nye vernskoggrensar og føreskrift. Arbeidet skal vere ferdig i løpet av denne året.

Rapporter frå NVE og Landbruksdirektoratet
Veiledaren skal m.a. byggje på ein nyleg rapport frå Landbruksdirektoratet kalla «Forvaltningsmodeller for sikringstiltak mot naturfarer», vedlagt under. Rapporten er utarbeidd med grunnlag i ei prosjektgruppe frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Landbruksdirektoratet, og vart ferdigstilt 23.05.22. I rapporten heiter det m.a.
«Skog kan fungere som sikringstiltak mot naturfarer, men effekten varierer med skogtilstand og type naturfare. Skogsdrift kan både bidra positivt og negativt. Dette har konsekvenser både for de samfunnsinteressene som skal beskyttes, for den enkelte skogeier og for næringen som helhet» heter det m.a. i rapporten.

Veiledaren vil også byggje på ein sentral rapport som er utgitt av NVE i 2020 og heiter «Skog som vern mot naturfarer – Kunnskapssammenstilling og tilpasning til Natur i Norge (NIN)». Denne rapporten er eit resultat av ei arbeidgruppe med representantar frå NVE, Landbruksdirektoratet og Artsdatabanken. Denne rapporten er også vedlagt under.

Kystskogfylka er sentrale
I denne siste rapporten (2022) frå Landbruksdirektoratet og NVE er det peika på at det er særleg i tidligere skogreisingsstrøk at skredrisikoen er størst. – «Her står det etter hvert store skogarealer i skredterreng klar for avvirkning. Den plantede granskogen har gitt sikring mot skred i mange år, selv om det ikke var målsettingen». Rapporten viser også til at i ein del tilfelle må det utførast fysiske tiltak mot skred, og det er ikkje utan vidare klart kven som har eit ansvar, og kven som skal betale for tiltaka. Trongen for avklaringar og kunnskap kring dette er stor.

Stadig nye område etter skogreisinga blir hogstmodne, her frå Kvinnherad i Vestland.
Dette er eit bilete og ein situasjon der omsyn til skredfare blir vurdert. Bygging av felles skogsbilvegar kan løyse, men også skape nye spørsmål som trengs avklaring dersom skred kan oppstå.

6 ulike områder må betrast
Rapporten frå 2022 peiker på 6 område som må betrast:
1. Lovanvendelse. Her går det fram av rapporten (2022) at skogbrukslova er best eigna til å gi reglar om skog. Vernskogbestemmelsane i §12 må kunne brukast meiner prosjektgruppa.
2. Metoder for å kartlegge sikringsskog. Vedlagde rapport (2020) om «kunnskapssammenstilling» fra NVE omtalar m.a. metodar, kriteriar og utfordringer ved vurdering av skog som vernskog mot naturfarer. Nokså detaljert blir ulike spesifikasjonar, kartleggingsobjekt og kodar omtala.
3. Oppfølging. Det er føreslege (rapport 2022) at sjølve forvaltninga av ordning i framtida skal utøvast av Landbruksdirektoratet medan NVE skal sikre dei økonomiske ordningane.
4. Retningslinjer for forvaltning av skogen. Her går det fram av rapporten (2022) at vernskogføreskrifta kan nytte meldeplikt for å følge opp hogsten.
5. Digitale kartløsninger kombinert med forvaltningsregler. Dette tema er mykje omtala i rapporten frå NVE (2020). Det er ynskjeleg å integrere kartinformasjon om naturfarer og skogen sine eigenskapar som vern mot desse i eksisterande kartsystem , som for eksempel Skogportalen (Kilden).
6. Økonomiske insitamenter. Her går det fram av rapporten (2022) at ei tilskotsordning som dekkjer meirkostnader skogeigar har med å ta omsyn til sikkerheit ved innskrenking av råderett, er ein føresetnad.

Også ei stortingsmelding
Baro Moslet i Landbruksdirektoratet sa m.a. under møtet førre veke at skogeigar er ansvarleg for aktiviteten i eigen skog. Samtidig er eigar av sikringsobjekt (eks boligar) ansvarleg for å sikre det mot naturskader. Kommunen har m.a. ansvar for lokal beredskap, arealplanlegging og godkjenning av byggesaker.
Moslet sa også at veiledaren i hovudsak skal byggje på den tverrfaglege rapporten frå 2022. Men han understreka at næringa skal bli høyrd og inkludert i prosessen.
Samtidig kunne Moslet opplyse at Landbruks- og matdepartementet vil utarbeide ei eiga stortingsmelding om klimatilpasning, venteleg i løpet av 2024.

Under møtet i Oslo vart det frå næringa peika på at ei tydeleggjering av både ansvar og ikkje minst korleis og kven som skal betale for tiltak og/ eller ulike typar innskrenkingar av råderett i skogen.

Rapport 2022: Forvaltningsmodeller for sikringsskog mot naturfarer – Landbruksdirektoratet
Rapport 2020: NVE Rapport

For nokre år sidan gjekk det fleire ras i Jølster i Vestland. Dette skjedde etter ein varm sommardag med påfølgjande styrtregn. På vegen langs stranda vart ein bil teken av raset og ein person omkom.
Som vi ser har ikkje skogen hatt nokon særleg verknad for sjølve raset i dette tilfelle.
I andre tilfelle kan vi sjå at skogen har hatt ein dempande verknad på ras, ja også retninga på ras.