Uroa over flaskehalsane

Publisert 15.07.2023

F.v kommunepolitikar Tove Halse Digernes, ordførar Stein Aam, stortingspolitiker og leiar i samferdeselskomiteen på Stortinget Erling Sande (Sp), fylkespolitikar Per Ivar Lied (Sp), stortingspolitikar og medlem av samferdselskomiteen Geir Inge Lien (Sp).
På teams deltok også fylkesvaraordførar og leiar av samferdselsutvalet i Møre og Romsdal Kristin Sørheim.
F.v kommunepolitikar Tove Halse Digernes, ordførar Stein Aam, stortingspolitiker og leiar i samferdeselskomiteen på Stortinget Erling Sande (Sp), fylkespolitikar Per Ivar Lied (Sp), stortingspolitikar og medlem av samferdselskomiteen Geir Inge Lien (Sp). På teams deltok også fylkesvaraordførar og leiar av samferdselsutvalet i Møre og Romsdal Kristin Sørheim.

Ordførar Stein Aam (Sp), Ørsta i Møre og Romsdal ligg ikkje på latsida. Han er med rette uroa over ein kraftig auke i hogsten og samtidig mykje flaskehalsar på kommune- og fylkesveger. Difor hadde han invitert tyngda av sentrale samferdselspolitikarar til eit møte i Ørsta denne veka.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Som dei fleste kommunar i kystskogfylka opplever Ørsta og Volda ein kraftig auke i hogsten. Auka tømmerprisar har medverka til ei mykje meir positiv haldning i skogbruket. Det kunne ordførar Stein Aam fortelje då han yngste sentrale samferselspolitikarar velkommen til møte i Ørsta denne veka.

Stein Aam har lang fartstid som ordførar i Ørsta, og rosa m.a. utbygginga av tømmerkaien ved Ørstaterminalen som vart bygd med statlege tilskot og ferdigstilt i 2018. Men flaskehalsar på kommune- og fylkesvegar fører til kipping og øydelegg vegane våre, og vi må i fellesskap raskt gjerast noko med dette» sa Aam med klar beskjed til samferselspolitikarane.

Ordførar Stein Aam under opninga av Ørsta tømmerkai i 2018. T.v. dåverande landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Ein føregangskommune
Det var igrunn i Ørsta skogreisinga “starta” for eit godt halvt hundre år sidan. Biletet under er frå Barstadvika i Ørsta, og er eit eksempel på den imponerande innsatsen som er gjort nettopp i denne kommunen. Under leiing av eldsjela og skogreisingsleiar Hans Berg vart den første skogreisingsplanen i Norge vedtekten i Ørsta i 1960, og vart like etter modellen for kring 250 kommunar i landet.
Det var skapt ei fornybar, grøn næring som kvar einaste dag, også i dag, gjev arbeid til mange.

Kystskogbruket ved underteikna fekk under møtet i Ørsta denne veka høve til å fortelje om arbeidet for å fjerne flaskehalsar for kommunale næringsvegar, og ein rykande fersk rapport frå Transportøkonomisk Institutt. Den fortel m.a. at berre i Møre og Romsdal er registrert 531 kommunale- og fylkesvegar med flaskehalsar for tømmertransporten.

Stortingspolitikarane Sande og Lien lova følgje opp innspelet frå Skognæringa Kyst om å løyve 20 millionar kroner over LMD sitt budsjett for 2024, som spleisemidlar for å løyse dei viktigaste flaskehalsane på det kommunale vegnettet.

Vil ha meir fokus på kvardagsvegane
Både Avisa Møre og Møre- Nytt var tilstades og har hatt fleire reportasjar frå møtet.
Ein særs god artikkel i Avisa Møre «Vi må ha meir fokus på kvardagsvegane» ligg vedlagt Avisartikkel fra møtet

Barstadvika i Ørsa kommune er berre eit av fleire eksempel i denne regionen som har satsa svært mykje på skogbruk.