Vestland: Stort engasjement under skogseminar og skogdebatt på Voss måndag 28. august

Publisert 30.08.2023

20230828_120610
Kystskogbruket, ved Vestland Skognettverk, inviterte til skogdag på Gjernesmoen på Voss måndag 28. august 2023. Tema for skogseminaret var skogplanting, med innlegg frå blant anna Statsforvaltaren i Vestland Liv Signe Navarsete, divisjonsdirektør i NIBIO Bjørn Håvard Evjen og faggruppeleiar i Skogkurs Bjørn Helge Bjørnstad.

Tekst og foto: Ruben Bøtun, Vestland Skognettverk

Sekretær for Vestland Skognettverk, Ruben R. Bøtun, leia skogseminaret, og deretter debatten med 8 fylkespolitikarar frå Vestland for å diskutere skogpolitikk. Politikarane som deltok var Aleksander Øren Heen (SP), Per Jarle K. Valvatne (AP), Sindre T. Måge (R), Arne Normann (KRF), Noralv Distad (H), Gustav Bahus (FRP), Hege Lothe (SV) og Åsta Årøen (V).

Under debatten kom det fleire spørsmål frå dei 100 oppmøtte og det vart disktuert bl.a. manglande skogplanting på Vestlandet, lokal vidareforedling av trevirke, flaskehalsar på offentleg vegnett, midlar til skogsbilvegbygging og hjorteproblematikken. Alle partia sa seg einig at dei ynskjer å auke ressursane innan skognæringa i kommunane i Vestland fylke.

Les mer om dagen her!