Et armt land og bare sjeldent ses en busk

Publisert 23.02.2024

Bakgrunnsbiletet viser eit areal med aktiv torvtaking på Radøy utanfor Bergen i 1921. Ordbruk som stygt og hæslig, er armt land, nakne og grå fjell og knapt ein grøn busk vart den gongen skildra av Welhaven og Gløersen (sjå meir i teksten). 
Biletet syner resultat av torvtaking, ei heilt vesentleg handling for å skaffe brenneved for å overleve i kystskogfylka fram til slutten av 2. verdskrig. For skog fanst jo knapt. Her ser vi også restar av røter frå tidlegare tider då skogen dekka landskapet. Røtene var sjølvsagt viktg brensel, og vart saman med torva tørka og lagra i dei mange steinhusa vi enno kan sjå.
Biletet som er innlagt viser tømmer som nyleg er hogge i desse områda på Radøy og frå tilsvarande områder på Strilelandet.
Bakgrunnsfoto: Hanna Resvoll-Holmsen (1921), Nasjonalbiblioteket.
Innfelt foto: Helge Kårstad
Bakgrunnsbiletet viser eit areal med aktiv torvtaking på Radøy utanfor Bergen i 1921. Ordbruk som stygt og hæslig, er armt land, nakne og grå fjell og knapt ein grøn busk vart den gongen skildra av Welhaven og Gløersen (sjå meir i teksten). Biletet syner resultat av torvtaking, ei heilt vesentleg handling for å skaffe brenneved for å overleve i kystskogfylka fram til slutten av 2. verdskrig. For skog fanst jo knapt. Her ser vi også restar av røter frå tidlegare tider då skogen dekka landskapet. Røtene var sjølvsagt viktg brensel, og vart saman med torva tørka og lagra i dei mange steinhusa vi enno kan sjå. Biletet som er innlagt viser tømmer som nyleg er hogge i desse områda på Radøy og frå tilsvarande områder på Strilelandet. Bakgrunnsfoto: Hanna Resvoll-Holmsen (1921), Nasjonalbiblioteket. Innfelt foto: Helge Kårstad

Johan Sebastian Welhaven skildra i 1842 eit bilete av Strilelandet (områda kring Bergen) som et grått og fattigslig landskap. – «Det er et armt land. Fjeldene er nakne og grå. Bare sjeldent ses en grøn busk». I dag blir det hausta skogsvirke og skapt verdiar for milliardar av kroner nettopp i dette området. Korleis kunne det skje?
Tekst og foto: Helge Kårtad

Jo Gjerstad, forlagsredaktør ved Bodoni Forlag i Bergen, har nyleg skrive boka «Skape, verne og forvalte» eller historia til Bergens Skog- og Træplantningsselskap. Gjerstad refererar til Johan Sebastian Welhaven som omtala Strilelandet (områda kring Bergen by) som grått og fattigsleg, nakne fjell, torvmyr og lyngsletter der ein knapt kunne sjå ein grøn busk.
Gjerstad skriv grundig og godt om korleis kystområda i Hordaland og på Vestlandet vart avskoga utover 1800-talet. For det var nettopp i denne tida at modernisering, industrialisering og folkevekst tok skikkeleg av. Han viser også til forstassistent Hans Andreas Tandberg Gløersen som etter ei reise på Vestlandet skriv om eit samanhengande avskoga belte langs heile kysten. – I utmarken fantes trær bare i de bratteste og mest utilgjengelige partier, der sauer ikke nådde opp ved sin beiting».
Denne avskoginga vart den gongen oppfatta som  menneskeskapt, og var eit resultat av stor eksport av tømmer på 1700-talet og utover 1800-talet. Jo Gjerstad skriv at «mangelen på trær ble beskrevet som stygt og hæslig».

Dette er bakgrunnen for at det nettopp i Bergen og omegn voks fram ei interesse for å plante tre. Det resulterte i første omgang i etableringa av Bergens Skog- og Træplantningsselskap i 1868. Selskapet vart stifta av «byens fremste menn» og den første leiaren var Hans Thomas Meinich, amtmann i Søndre Bergenhus Amt. Selskapet fekk stor innverknad på skog- og naturbruk både kring byen og på Vestlandet, og er faktisk i beste velgåande den dag i dag.

Skuleplanting i ytre strok på Vestlandet (År 1901, Billedsamlingen Universitetet i Bergen).

Fana og Ørsta
Det er dokumentert at miljøet kring dette skogselskapet skapte grobotn for vitenskapeleg interesse for skogsaka. Dette førte m.a. til at Vestlandets Forstlege Forsøksstasjon (VFF) vart etablert i 1916, som den første i landet. Stasjonen held først til i lokala til Bergen museum, frå 1956 i eit flott nybygg i Fana.

Etter 2. verdskrig skulle landet «byggjast opp» igjen. Interesse for å plante skog, for å skaffe virke til hus og brensel hadde nok jamt auka i mellomkrigstida, men ikkje minst etter siste verdskrig. Dei tilsette ved skogforskinga i Fana  fekk etter kvart  mykje å seie for skogsatsinga i kystskogfylka frå Agder til Finnmark etter krigen. Men både kommunar og staten følgde også opp.
Den første skogreisingsplanen vart lagt fram i Ørsta, Møre og Romsdal hausten 1950 av heradskogmeister Hans Berg. Denne vart ein modell og ein inspirasjon for ei lang rekkje skogreisingsplanar i kystskogfylka. Kring 200 kommunar tilsette skogreisingsleiarar, den gongen eit av dei mest populære yrka i bygdene langs kysten. I dag kan vi hauste resultata, ikkje minst på Strilelandet kring Bergen by.

Kanskje det siste skogmøtet i huset til Vestlandets Forstlige Forsøksstasjon (no NIBIO), våren 2019.
Alle desse er sentrale i oppbyggina av skognæringa i kyststroka. Vi beklager at vi ikkje har namn på alle. Men frå venstre ser vi i alle fall Jan Ivar Rødland i AT Skog, bak i blå genser tidlegarar skogforskar ved NIBIO Bernt Håvard Øyen. Ved døra står tidlegare skogreisingsleiar Nils Kaalaas, til høgre for døra står tidlegare skogsvegplanleggar i Hordaland Tormod Jacobsen, fylkesskogmeister i Vestland Torleiv Skage, skogeigar Paul Særvold og tidlegare dagleg leiar i Bergens Skog- og Træplantningsselskap Jørgen Frønsdal.
Legg merke til teksten over døra: “Nullus sine cognitione preogressus” som betyr “Utan forsking – Ingen framgang”

Skogreisingsleiaren
Ein av desse skogreisingsleiarane var Nils Kaalaas i Lindås like nord for Bergen. Han vart tilsett i 1977, og fekk med seg slutten på den store skogreisingsperioden. Nils nemner i farten tidlegare skogreisingsleiarar i kommunen; Sverre Tveiten, Trygve Stordal og Leif Rygg frå Voss som i tillegg var ein av landets beste felespelarar.
Nils hugsar at det vart planta mykje skog i kommunen, gjerne 200 000 planter kvart år og stort sett alle plantene overlevde. I dag har hogsten auka og plantetalet har nok gått noko ned.

Sagbruksplanar
Nils fortel om den store satsinga utover 1970-talet med å etablere sentralsagbruk, og eit av desse var på Eidsnes der tømmerkaien i dag ligg. Andre slike stader var i Sunnfjord i Sogn og Fjordane, Granvin i Hordaland og Bjoa i Rogaland. Som vi veit eksisterar berre saga i Granvin i dag.
Eigedomen på Eidsnes på totalt 60 daa vart seld frå Bergen og Hordaland Skogselskap til Nordhordland Skogeigarlag tidleg på 1980 talet. Overskotsmasser frå riksvegen like ved (E39) resulterte i ny veg fram til den første kaiutbygginga på slutten av 1980-talet. I etterkant har det vore fleire utbyggingar, i dag er Eidsnes tømmerkai kanskje det beste anlegget langs heile kysten med ein kaifront på 135 meter og eit bakareal på ca. 15 daa. Nils Kaalaas har vore sentral i dette arbeidet i alle åra.

Det er jamt stor aktivitet på Eidsnes tømmerkai i Alver kommune (tidlegare Lindås). Etter den siste utbygginga i 2015/16 framstår den idag som ein av dei beste tømmerkaiane langs kysten. Skogeigarane i dekningsområdet nyttar virkeskjøparane Nortømmer, AT Skog og Fjordtømmer.

Tømmer nok til alle einebustader
Leiar i Nordhordland Skogeigarlag Sveinung Toft fortel at utskipa kvantum over Eidsnes tømmerkai har auka jamt, og er i dag årleg kring 90 000 kubikkmeter. Tømmeret kjem frå skogeigarar i kommunane Austrheim, Masfjorden, Alver, Osterøy og Bergen. Dette tømmeret gir ein førstehandsverdi kring 40 millionar kroner eller ei årleg verdiskaping kring ein halv millard kroner.

Det er nærast utrulege tal når vi tenkjer på utgangspunktet, jfr. Welhaven og Gløersen ovanfor.
For å forstå det betre: Kor mange hus eller einebustader kunne vore bygd for dette tømmeret som kvart år går over Eidnes tømmerkai?
Ein gjennomsnittleg einebustad (ikkje leilegheit) treng 20 kubikkmeter tømmer. Dersom vi legg til grunn at skurtømmerdelen over Eidsnes tømmerkai er minimum 50%, vil det vere nok skurtømmer til minst 2000 einebustader.
Når vi då veit at det i Bergen og omegn årleg blir bygd kring 2000 nye einebustader (Statistisk sentralbyrå 2021) vil skurtømmeret over Eidsnes kai vere omlag nok til å dekke trongen for trevirke til all bygging av einebustader i Bergen og omegn.
Dette skjer kvart einaste år! – Kven kunne trudd det då skogreisinga starta? undrar noverande leiar i Nordhordland Skogeigarlag Sveinung Toft. Og Sveinung legg til at kring halvparten av tømmeret som går via Eidsnes tømmerkai blir nytta i ulike produkt som for eksempel enkelte matvarer, maling, kosmetikk, ulike tekstilar, papir, papp, kartong, sukkerstoff, plater, ulike bindemiddel, biogass og biobrensel.

Tomas Lerøy frå Austreim kommune i Nordhordland har drive med tømmerhogst i mange år. I dag har han 2 driftslag igang, ein times køyretur nord for tømmerkaien. Tomas fortel at han har 6 faste tilsette, alle lokale, og han sel tømmeret gjennom virkeskjøparen Nortømmer.
Det er ein eventyrleg vekst i skognæringa i kystskogfylka, her representert ved deler av styret i Nordhordland Skogeigarlag på tømmerkaien i Eidsnes.
F.v. tidlegare skogreisingsleiar og skogbrukssjef Nils Kaalaas, Nils Markus Bakke (nestleiar) og Sveinung Toft (leiar).

Ringen er slutta
Det er mange meiningar om skog- og naturbruk i desse «nye» skogområda på Strilelandet og elles langs kysten. Det har vore sagt og skrive mykje positivt, men også negativt. Av og til vart det tidlegare planta skog på stader der det ikkje burde, sett med dagens auge. Dette blir stort sett fjerna i dag. Men i dag blir det både sagt og dokumentert at gjenplantinga etter hogst av og til er for dårleg.

Vi har kontakta fylkesskogmeister Torleiv Skage hos Statsforvaltaren i Vestland. Torleiv seier at det rett nok har vore ein kraftig auke i hogsten siste tiåra og dette vil venteleg bli slik framover.
Han understrekar at det også har vore ein del avskoging til by- og bygdeutvikling i sentrale område i Vestland, men meiner at plantinga i viktige skogområde har auka radikalt dei siste åra. Han viser til at skogfolka i Alver kommune gjer ein kjempejobb kring dette. Utfordringa i dag er nok heller at ein del planter ikkje overlever, og den aukande hjortestamma får nok ta den største skulda. Men også her meiner Torleiv at auka fokus og kunnskap gir von om betre tider.
Kanskje ringen er slutta. For det er ingen tvil om at skogreisinga også i Norge har vore ein suksess. Ein suksess større enn nokon skulle tru.

Statsforvaltaren, her representert ve Torleiv Skage let seg også imponere når han ser kva for verdiar som er blitt skapt på Strilalandet etter krigen.
Dette gjev samfunnsnyttige, fornybare, miljøvenlege og klimavenlege produkt. Ja det er blitt ein større suksess enn knapt nokon skulle tru her på Strilalandet, meiner Torleiv.