Stor interesse i Kvæfjord

Publisert 20.03.2024

Svært positive representantar frå Kvæfjord kommune og skognæringa stilte sterkt på møte om ny tømmerkai. F.v. tidlegare skogbrukssjef i kommunen Gyrd Harstad, teknisk sjef Ole Øystein Lindebø, leiar i Skognæringa i Troms Frode Vik, samfunnsplanleggar Ellen Ervik, varaordførar Ola A Danielsen og rådgiver i kommunen Merete Halvorsen.
Svært positive representantar frå Kvæfjord kommune og skognæringa stilte sterkt på møte om ny tømmerkai. F.v. tidlegare skogbrukssjef i kommunen Gyrd Harstad, teknisk sjef Ole Øystein Lindebø, leiar i Skognæringa i Troms Frode Vik, samfunnsplanleggar Ellen Ervik, varaordførar Ola A Danielsen og rådgiver i kommunen Merete Halvorsen.

Det er stor interesser for å få etablert ein tømmerkai i Kvæfjord kommune i Troms. Førre veke stilte representantar for kommunen saman med skognæringa  for å drøfte vidare arbeid med saka.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Ein av dei siste
Det er utbetra og nybygd kring 35 tømmerkaiar i landet. Etter det vi kjenner til gjenstår 2-3 anlegg langs kysten, og anlegget i Kvæfjord er såleis eit av desse. Neste søknadsfrist for statstilskot er 15. august 2024.

Troms: eit viktig skogfylke
Det er satsa mykje på skogreising i denne regionen, skogen veks noko seinare enn lenger sør i landet, men både kvalitet og driftstilhøve er dokumentert å vere minst like gode. Særleg vil vi framheve gunstige driftstilhøve med knapt trong for å nytte taubane. Det er også påpeika at det vart planta svært tett under skogreisinga, gjerne under meteren mellom granplantene. Bruk av barrotsplanter gav også nærast 100% tilslag etter plantinga. Noko tynning er difor aktuell i ein del område.
Samtidig registrerar vi store utmarksareal av god, djup jord med mogleik for å utvide skogarealet med gran. Svært mykje lauvskog av bjørk og ikkje minst furuskog av høg kvalitet høyrer også med i biletet frå Troms.

Eit storslagent landskap i Kvæfjord og Harstad. Som vi ser er granplantingane tydelege i terrenget. Gode driftstilhøve vil bety mykje for framtidige inntekter frå skogbruket i desse kommunane.
Det er nyleg hogge ein del tømmer i Kvæfjord og Harstad. Både Nortømmer og Allskog er etablert som virkeskjøparar i det aktuelle dekningsområdet til tømmerkaien.

God plassering av tømmerkaien
Dekningsområdet for ein tømmerkai i Kvæfjord er i tillegg til eigen kommune tømmer frå skogane i  kommunane Tjeldsund og Harstad. Totalt gjeld dette eit granskog-areal på kring 115 000 daa og eit venta hogstkvantum inntil 55 000 kubikkmeter i perioden fram til 2050. Det er særleg etter 2035 at vi vil få den største auken i hogstkvantumet.
Tømmerkaien er planlagt bygd i eit regulert område som heiter Lamhagan i Vik, ca. 5 km frå kommunesenteret Borkenes. Kvæfjord kommune eig deler av det regulerte området på 20 daa og vil stå som søkjar, eigar og driftar av tømmerkaien. Tømmerkaien vil bli bygd som ein fleirbrukskai der størstedelen av kaien er prioritert til tømmer.
Plasseringa av kaien er god, både i høve til tømmertilgangen og ikkje minst i høve til at kaien vil ligge i le for herskande vindretning og samtidig gunstig plassert i skipsleia.

Her skal den nye tømmerkaien i Kvæfjord ligge. Biletet er teke under ei synfaring i fjor sommar. F.v. dåverande skogbrukssjef i Kvæfjord Gyrd Harstad, skogbruksleiar i Allskog Magnus Haugen, Elisabeth Hansen frå Landbruksdirektoratet, entreprenørane Fred Hugo Pettersen og Tore Killi og fylkesskogmeister i Troms og Finnmark Helge Molvig.

Søknad vil bli sendt
Under møtet i Borkenes førre veke vart det uttrykt stor interesse frå kommune til å få etablert denne fleirbrukskaien der tømmerdelen vil vere heilt sentral. Det vil difor bli sendt ein søknad om tilskot til Landbruksdirektoratet innan 15. august i år.

Vi tek med nokre bilete frå det einaste sagbruket i regionen; Sæteråsen Sag & Høvleri. På sett og vis eit av mange prov på at skogreisinga i området har lukkast ved at tømmeret er ettertrakta i marknaden.

Sæteråsen Sag & Høvleri i Harstad, også kalla “Sagbruket nord for polarsirkelen” med ei nydeleg utsikt til granskoglier i bakgrunnen.
Sæteråsen Sag & Høvleri foredlar virke av osp, bjørk, or, sibirsk lerk, gran og furu frå nærområdet. Leveranser skjer oftast på bestilling fortel dagleg leiar Torgeir Hjalte (t.h). Sentralt i produkta er varmebehandla trevirke (vakum-metoden) som fasade element eller ytterkledning. Det er også Hjalte som eig sagbruket saman med Arild Kulseng-Hansen. Til venstre står tidlegare skogbrukssjef i Kvæfjord Gyrd Harstad.