Er regjeringa måtehalden med skogbruket?
Publisert 24.06.2024
I jordbruksavtalen for 2025 er pengar til skogtiltak auka med 1,9% eller 5 millionar kroner til totalt 275 millionar kroner. Dette er pengar som i hovudsak går til skogsvegar og skogkultur.
Tek vi omsyn til prisstigninga, kan det reelt sett bli ein nedgang for den statlege satsinga på skogbruket i eit år med store planer for eit grønt skifte.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Ein reell nedgang over jordbruksavtalen for 2025
Løyvinga til skogtiltak over Jordbruksavtalen i 2024 var på 270 millionar kroner og fordelar seg slik:
- Veg, taubane: 117 mill. kr
- Skogkultur: 95 mill. kr
- Øyremerka miljøtiltak: 5 mill. kr
- Kystskogbruket: 6 mill. kr
- Skogbruksplanlegging med miljøregistreringar: 30 mill. kr
- Kompetansetiltak: 17 mill. kr.
- Skogkurs: 15 mill. kr
- Velg Skog: 2 mill. kr
Det er ein noko svak jordbruksavtale for skogbruket i 2025 som Norges Bondelag, Norsk Bonde og Småbrukarlag vart einige med Staten om 16. mai. Denne avtalen som også er ein del av statsbudsjettet 2025, blir vanlegvis ikkje endra av Stortinget i si ordinære slutthandsaming av statsbudsjettet før jul.
Ein auke på berre 1,9% (5 mill, kr) i 2025 er som vi alle forstår mindre enn prisstigninga, og slik sett ein reell nedgang i satsinga på skogbruket i jordbruksavtalen. For skogkulturen som er så sentral i det grøne skiftet, er dette også i realiteten einaste kjelda til statstilskot.
Pengar utanfor jordbruksavtalen
For tiltak kring infrastruktur (skogsvegar, taubane og tømmerkaiar) er det enno eit håp for ein auke sidan desse tema også har henta statlege pengar utanfor jordbruksavtalen og innafor kapittel 1149, post 71 i det ordinære statsbudsjettet hos LMD (Landbruks- og matdepartementet) .
Innafor dette kapitelet har midlar til tømmerkaiar lege sidan 2013. Noko i overkant av 100 mill. kroner vart løyvd over dette kapitelet i toppåret 2018, deretter har det jamt gått nedover. Pengar frå denne potten har også vore nytta til skogsvegbygging. I 2024 var det sett av 54, 2 millionar kroner til desse tiltaka. 20 millionar kroner går i 2024 til tømmerkaier og resten venteleg til skogsvegar.
Det er enno eit håp
Vona er at regjeringa med statsråd Pollestad i spissen aukar denne potten utanfor jordbruksavtalen, primært fordi det er eit skrikande trong for pengar til nye skogsbilvegar i kystskogfylka. Det trengs også ekstra pengar til bruk av taubane. Vi er også kjent med at det er stor trong for slike midlar i store deler av landet.
Det er innafor denne potten utanfor jordbruksavtalen at Skognæringa Kyst har spelt inn trong for midlar til å fjerne prioriterte flaskehalsar for tømmertransport på kommunevegar.
Men dette får vi ikkje vite meir om før det ordinære statsbudsjettet blir langt fram 7. oktober. Det er difor enno eit håp.
3 gangar meir til skogvern
Pengar til ordinære skogtiltak over LMD sitt budsjett er i 2024 på 270 mill. kr over jordbruksavtalen (kap. 1150, post 50) og 54, 2 mill. kr over kapittel 1149, post 71 som ligg utanfor jordbruksavtalen, – til saman kring 325 millionar kroner.
I inneverande år er det sett av 1000 millionar kroner til skogvern over Klima- og Miljødepartementet sitt budsjett, med andre ord ca. 3 gangar meir enn til ordinære skogtiltak. Her lyt vi også vente til hausten med å få vite kva som ligg i vernepotten for 2025.