Taubanesamling i Telemark
Publisert 18.06.2024
17. og 18. oktober blir det arrangert taubanesamling i Telemark. Det var i dette fylket taubanesatsinga i skogbruket skaut fart etter krigen. Bruk av taubaner, tilrettelegging og produksjon av taubaner var sentralt i Telemark, og fekk mykje å seie for skognæringa i resten av landet.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Norsk Taubanelag er arrangør for denne taubanesamlinga. Dette skjer i nært samarbeid med fylkesskogmeister Per Kristoffersen hos Statsforvalteren i Vestfold og Telemark og skogbrukssjef Kristoffer Vatnar i Nome og Midt-Telemark.
Arangementet startar torsdag 17. oktober kl. 15.00 på Bø Hotell. Det blir skogfaglege innslag fram til kl. 18.00, litt historie, litt notid og litt framtid. Før middagen kl. 20.00 vil det også bli gjennomført eit årsmøte i Norsk Taubanelag.
Arrangementet på fredag 18. oktober vil det etter planen bli gjennomført ved ei pågåande taubanedrift i Nordagutu, ein halvtime frå Bø. Også her vil det bli ein del skog- og taubanefaglege innslag og godt høve til å treffe likesinna over ein kopp kaffi.
Arrangementa er begge dagane opne for ALLE!
Eit meir detaljert program vil kome i slutten av august.
For dei som treng overnatting er prisen på Bø hotell kr 1495.
Middag om kvelden kostar kr 445.
Påmelding til Helge Kårstad, helge@kystskogbruket.no eller mobil 48020261.
Du må oppgi, – ja eller nei, på alle 4 punkt:
1. Deltaking torsdag? (denne er gratis)
2. Middag torsdag kveld?
3. Overnatting torsdag til fredag på Bø hotell?
4. Deltaking fredag? (denne er gratis)