Taubana på frammarsj i fransk skogbruk
Publisert 18.12.2024
Klimaendringar fører til meir bruk av taubane på flat mark i fransk skogbruk.
Didier Pischedda ved Office National des Forets (ONF) fortel at målet er ei tredobling av tal taubane føretak innan nokre år.
Tekst: Helge Kårstad
Skogareal, eigarskap og skogproduksjon
Frankrike har ca. 17 millionar ha skog som utgjer 31% av landarealet. I Norge er tilsvarande tal i 14 millionar ha som utgjer 44% av landarealet. Mykje er difor likt når det gjeld skogareal i dei to landa.
Med unntak av ein del skog i dei franske Alpane, Pyrineene og Vosges er skogsterrenget rimeleg flatt og jordsmonnet er stort sett silt og leire. Meir spesielt er det at 66% av skogen i Frankrike er lauvskog, resten barskog.
Hogsten er ca. 40 millionar m3 pr. år, nærast det doble av i Norge. I tillegg reknar ein med at 23 millionar m3 virke blir hogge til ved, – hovudsakleg frå dei private skogane.
Kommune-, fylke-og statsskogen utgjer 25% av skogarealet, resten er private skogar. Dette er også omlag som i Norge. Men heile 40% av hogstvolumet i Frankrike kjem likevel frå dei offentlege skogane.
Mange likskapar ved taubanesatsinga i Norge og Frankrike
Det er i desse offentlege skogane (kommune, fylke og stat) at Office National des Forets (ONF) har ansvar for drifta. Eg møter Didier Pischedda i fantastisk flotte, nye kontorlokale like utanfor sentrum av Paris. Didier er utdanna forstkandidat i Norge (NMBU på ÅS). Han har ansvar for utvikling, organisering og etablering av kontraktssystem for ca. 1500 skogsentreprenør føretak innafor ONF, derav også fleire taubane føretak.
Didier har delteke på fleire taubane samlingar i Norge, og har uttala at vi har veldig mykje til felles. Han har også arbeidd i Norge, m.a. på jordbruksskulen på Stend ved Bergen og snakkar flytande norsk . Det var mykje av grunnen til at sekretæren i Norsk Taubanelag tok imot invitasjonen til eit besøk hos Didier.
Under møtet i ONF sine nye trebaserte kontorlokale, fekk eg ei grundig og god orientering av Didier om skogbruk i Frankrike, om eit taubanemiljø som har vore i ferd med å forsvinne, om klimaendringar som i mange tilfelle prioritera bruk av taubane og at det no blir jobba med å utvikle og ta vare på denne tradisjonelt viktige driftsforma.
Mange små skogeigedomar i Frankrike
Office National des Forets (ONF) forvaltar alle offentlege (kommune, fylke og stat) skogar på fastlandet i Frankrike (4,3 mill. ha), men har også ansvaret for forvaltninga av totalt 6,4 millionar ha skog i Guyana (Sør Amerika), Martinique og Guadeloupe i Karibien. Det er ca. 8000 personar tilsett i ONF som altså står for 40% av avverkinga i Frankrike, dvs. ca. 16 millionar m3. Didier fortel at alt tømmer som blir omsett via ONF går til nasjonal skogindustri. Sjølv om det er ein del skilnader, kan vi vil seie at ONF har mange likskapar med norske virkeskjøparar.
Tømmeret frå dei totalt 3 millionar private skogeigarane i landet står for kring 24 millionar m3 kubikkmeter tømmer. I motsetning til tømmeret som ONF omset innanlands, går mykje av tømmeret frå private skogar til eksport. I Norge er det registrert ca. 120 000 skogeigarar/ skogeigedomar. Det betyr at det er svært mange små skogeigedomar i Frankrike, mange fleire enn i Norge.
Klimaendringar og bruk av taubane
Didier fortel at det er mykje bratt skogsterreng i dei franske Alpane. Der har det historisk sett vore brukt mykje taubane, dei siste åra noko mindre. Taubanemiljøet i Frankrike har på same måte som i Norge stadig blitt mindre og mindre. Inntil for nokre år sidan.
Klimaendringane er mykje av grunnen til denne endringa ein nokan sjå. Mesteparten av den franske skogen står i det flate silt- og leirehaldige terrenget. Aukande og intens, periodevis nedbør har ført til at hjulgåande hogstmaskiner stadig må innstille drifta. Løysinga er rett og slett bruk av taubane, også i det flate terrenget.
Eikeskogar er vanleg i Frankrike, sjå eigen reportasje etter denne: «Planta eiketre til skipsbygging»
Det har samtidig vore ein auka etterspørsel etter eiketømmer til produksjon av vintønner. Dette er gamle tre med stor vekt, stort sett på flate skogareal. Her kjem vanleg hjulgåande hogstmaskiner til kort. Bruk av taubane i denne type skog og skogsterreng har vist seg å vere løysinga. Det er sjølvsagt ein ekstra god grunn for bruk av taubane at eiketømmer til vinproduksjon betalar seg godt. Men taubana blir også brukt til framdrift av andre treslag i det flate terrenget.
Taubanekvantumet som i Norge
Didier fortel at det i dag er 12 taubane føretak i Frankrike og det blir hogge og drive fram med desse ca. 100 000 kubikkmeter. Treslaga er mest gran, edelgran og bøk, dei siste åra meir og meir eik. Totalkvantumet framdrive med taubane er pr. i dag mykje likt kvantumet i Norge. Produksjonen pr. driftslag er noko mindre. Hovudgrunnen er at berre 4 av desse 12 entreprenørane driv på full tid. Det er også ein grunn at det aldri blir føreteke snauhogst i det bratte terrenget i Frankrike, heller ein skjermstillingshogst/ foryngingshogst med naturleg forynging og noko planting.
Det blir gitt driftstilskot til bruk av taubane bratt terreng i dei franske Alpane, men ikkje på flatlandet. Det blir likeins gjeve statstilskot til bruk av taubanar i rasutsette områder i Alpane. I ONF er det ei eiga avdeling som arbeider med rassikring.
Ei terrengklassifisering er nøkkelen
Didier har eit mål om å tredoble tal taubane entreprenørar innan nokre år, dvs. frå 12 i dag til minst 30 om nokre år. Behovet er der, men her trengs meir informasjon, kunnskap, opplæring og tilrettelegging. Dette har det vore arbeidd mykje med dei siste åra.
Sentralt i dette har vore å terrengklassifisere skogsterrenget i Frankrike. Didier fortel at det er nytta eit GIS program (geografisk informasjonssystem) som er kalla Sylvacess. Programmet er utvikla hos ONF og INRAE (Nasjonalt forskingsinstitutt for landbruk, mat og miljø i Frankrike) og kan m.a. definere topografi, jordsmonn, tømmermengder, nedbørsmengder og kome med forslag om kva driftsutstyr som eignar seg best i ulike områder. M.a. ved hjelp av dette verktøyet er det skissert eit framlegg til kor mange baner som trengs i åra som kjem og kvar desse må vere plasserte.
Didier fortel også at programmet lett kan oversetjast til norsk og brukast i Norge, – venteleg trengs berre oversetjing til ein overkomeleg pris! Det er noko som bør vurderast.
Eit samarbeid over landegrenser
Sekretæren i Norsk Taubanelag takkar Didier for invitasjonen og besøket. Eg er overbevist om at taubanemiljøet treng eit nærare samarbeide over landegrenser. Det er ikkje utan grunn at utvikling av taubaneutstyr har stått sterkt i landa kring Alpane. Didier sin kompetanse og si interesse for eit samarbeid kring bruk av taubane i skogbruket set vi stor pris på. Eit slikt samarbeid trengs nok dersom vi skal kunne utvikle denne driftsforma i eit framtidig skogbruk også i Norge.