Ekstremt kult
Publisert 02.03.2025

Siste veka var 17 år gamle Ludvik Gaupen praktikant hos T. Frivik Taubanedrift på Osterøy ved Bergen.
Ekstremt kult og lærerikt seier Ludvik frå Sandessjøen som til dagleg er elev ved Mosjøen Vidergående skole, avd. Marka.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Vi møter Ludvik under ei taubanedrift ved Valestrandsfossen på Osterøy like utanfor Bergen.
Praksisveka er snart over og sola kryp så vidt fram gjennom tjukke regntunge skyer. Men humøret er på topp og både Ludvik med resten av mannskapet er godt nøgd med resultata denne veka. – “Vi ligg faktisk litt over snittet, kring 60 kubikkmeter i dagleg snitt har vi teke fram denne veka” fortel lagsjefen sjølv Ricardas Meizys frå Litauen. Vi anar at Ludvik har litt av æra for det😊
Kult og lærerikt
Ludvik er 17 år, og går andre året (Vg2 skogbruk) ved Mosjøen Vidaregåande skole avdeling Marka. Han fortel at han liker å arbeide med andre, også fordi ein då kan dele kunnskap.
Bakgrunnen for at han søkte seg til ei taubane var at han ville lære meir om manuell hogst og spesielt bruk av ei taubane. For hogst og framdrift med taubane hadde han berre sett på youtube og TV. – “Det såg så ekstremt kult og lærerikt ut” seier Ludvik med eit smil.
Frå før har han noko erfaring med bruk av motorsag og felling, både gjennom privat bruk og gjennom praksistimar på skulen. Ludvik fortel vidare at dagane har gått fort, og at arbeidet har vore svært lærerikt. Terrenget har vore bratt, det har regna mykje, men humøret har vore på topp. Han set stor pris på opphaldet og den ekstra servicen som er levert frå entreprenør og mannskap!

Læraren har trua
Lærar til Ludvik heiter Bjørn Borgan. Han fortel at det er 11 elevar på VG2, skogbruk dette året. Desse kjem frå heile Nordland, frå Salten i nord til Hattfjelldal i sør. Bjørn legg entusiastisk til at prognosane så lagt tilseier at det vil bli fleire elevar som søkjer seg inn på Vg2 skogbruk til neste år.
Denne veka har dei fleste elevane vore utplasserte hos skogsentreprenørar i Nordland. Med unntak av Ludvik har alle desse fått plass hos ordinære entreprenørar med hjulgåande hogstmaskiner. Bjørn understrekar at det er fint at også nokon frå Nordland skaffar seg meir kunnskap om bruk av taubane, og legg til at om ein ser litt framover så vil det utvilsamt bli trong for bruk taubane enkelte stader i skogen både i Nordland og Troms.

Vil gjerne ha fleire praktikantar
Det er Torbjørn Frivik frå Høyanger i Sogn som er eigar av T. Frivik Taubanedrift AS. Han er også leiar i Norsk Taubanelag og har alltid vore oppteken av rekrutteringa til denne bransjen. For det er ei kjent sak at det har vore nokså lite rekruttering frå norske ungdomar til taubanelaga dei siste åra. Torbjørn er jamt å sjå på yrkesrettleiande informasjonsmøte for studentar som blir halde i Vestland. Han var difor svært glad då Ludvik saman med læraren sin kontakt han etter jul. Torbjørn henta han sjølv på Flesland og fiksa overnatting på Osterøy saman med dei andre i driftslaget.
Då vi spør Torbjørn om kva han meiner om dette så er det kontante svaret: – Det gjekk knallbra, dette er ein dyktig elev og eg vil gjerne ta mot fleire slike framover. Vi har plass!
Ein nøgd skogeigar
Skogeigaren heiter Eirik Edvardsdal, og det er AT Skog ved skogbruksleiar Kevin Sinclair som har ansvaret for å skaffe entreprenør til drifta og omsetje tømmeret.
Eirik er svært nøgd med denne skogsdrifta, og meiner at det blir eit greitt økonomisk utbyte. Han er kjent med at driftstilskotet er redusert den siste tida på grunn av auka i tømmerpris. Han legg til at han kjem mykje betre ut økonomisk no enn for nokre år sidan.
Kevin seier at det er god kvalitet på skogen og knapt med hjorteskader i feltet som er hogge. Det er ofte hjorteskader i mange hogstfelt i Vestland, og det slår relativt kraftig ut på økonomien fordi første stokken blir massevirke og ikkje skurtømmer.
Ein del av skurtømmeret frå dette feltet går med bil til Moelven Granvin Bruk fortel Kevin. Massevirket går ca. 5 mil med bil til Eidsnes tømmerkai i Alver og derifrå med båt både til Skogn i Trøndelag og eksport til Sverige, Danmark eller Tyskland.
