Ein av dei siste på Vestlandet

Publisert 16.12.2025

Sentrale personar ved Utbjoa Tømmerkai.
F.v. entreprenør Johs Røgelstad, Magnus Frøyland og Harald Hetland frå Vindafjord Skogeigarlag.
Til høgre ligg lekteren til Røgelstad som har vore ein viktig reiskap under arbeidet med tømmerkaien.
Sentrale personar ved Utbjoa Tømmerkai. F.v. entreprenør Johs Røgelstad, Magnus Frøyland og Harald Hetland frå Vindafjord Skogeigarlag. Til høgre ligg lekteren til Røgelstad som har vore ein viktig reiskap under arbeidet med tømmerkaien.

Ein av dei siste tømmerkaiane på Vestlandet blir ferdigstilt ved årsskiftet. Det gjeld Utbjoa tømmerkai,  Vindafjord kommune i Rogaland.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Leiar i Vindafjord Skogeigarlag Magnus Frøyland ser fram til at den nye tømmerkaien snart kan takast i bruk. Det har utan tvil vore ein lang veg fram. Men så vel Frøyland sjølv som heile skognæringa i regionen har stått på i åravis for å få dette gjort.
I ei nettsak dagsett 15.09.25 skreiv vi om entreprenør Johs Røgelstad som i tillegg til utbetring av ein tømmerkai i Ullensvang i Hardanger også fekk det utlyste oppdraget ved Utbjoa.

Opning på nyåret
Eksisterande kaifront var berre 25 meter, og er no forlenga med 35 meter. Over denne kaien vil det i framtida årleg gå inntil 50 000 kubikkmeter tømmer. Forlenginga av tømmerkaien vil gjere det mogeleg å auke tømmerkapasiteten på kaifront frå 800 m3 til 2500 m3. Det vil også gje betre stabilitet ved lessing av dagens tømmerbåtar.
Den totale kostnadsramma er ca. 12 millionar kroner. Det er gjeve eit statstilskot inntil 9,4 millionar kroner. Landbruksdirektoratet har sett ein frist til 15.10.26 for bruk av statstilskotet.  Røgelstad fortel at arbeidet har gått etter planen, og vil vere ferdig tidleg på nyåret, i god tid innan fristen for bruk av statstilskot.
Vi kan nok glede oss til ei opning av kaien, –  ikkje så lenge etterpå.

Mange maskiner under arbeid på Utbjoa forrige veke. I tillegg til forlenga kaifront, vil også bakarealet bli både større, sterkare og sikre ein betre logistikk for fleire brukarar.
Ein våt dag i desember 2025, kring 10 varmegrader og vakkert blålys over Etnesundet og Ølsfjorden i nærleiken av Utbjoa, og som sidefjordar til Hardangerfjorden. I dette lange fjordbassenget ligg det 7 tømmerkaiar som er i bruk idag. Mykje friskt og flott tømmer i produktive skoglier, og kort veg til sjøtransport, legg eit godt gunnlag for ei lønsam og berekraftig skognæring i framtida.