Det stri mot all fornuft
Publisert 14.05.2017
Mange er uroa over hogst av ung skog, aukande eksport av tømmer til utlandet og manglande skogplanting etter hogst. Med utgangspunkt i dette tema, hadde familieverksemda Solberg Sag invitert til skogdag på Osterøy i går. «Vi vil gjerne engasjere oss i dette fordi det er hakkande gale og stri imot all sunn fornuft» sa Pål og Monica på sagbruket.
Kring 50 skoginteresserte personar hadde funne vegen til Solberg Sag på Osterøy i går.
Tema var ein sterk frustrasjon over at grana blir hogge for tidleg, eksport av tømmer ut av kommunen og landet og i tillegg blir ikkje hogstflatene tilfredstillande forynga. Skogeigaren seier ofte at han får lite betalt, og at han like gjerne kunne gi bort skogen sin. – “Kva er det som er gale” spør mange.
– “Er det noko gale med virket, med haldningane, med planlegginga eller systemet” spør andre.
Minst 70 år og gjerne eldre
Solberg Sag på Osterøy har i alle fall betre kunnskap om skur og kvalitetar av ulike treslag enn dei fleste. Som leverandør av trelast til kresne bergensarar der m.a. Stiftelsen Bryggen i Bergen er fast kunde, har dei betre kunnskap enn mange om at grana, sitkagrana, furua, sypressen, douglasgrana og ospa får fram dei gode eigenskapane berre trea blir gamle nok. Og svaret er eintydig; utvoksen norsk gran (Picea Abies), minst 70 år og gjerne eldre som har vakse opp i bestand på Vestlandet er eit glimrande virke, – sannsynlegvis mellom det beste i marknaden i Europa. Det er fleire grunnar til dette; relativt jamne årringar i heile livsløpet, lite indre spenningar, knapt rote, liten avsmaling, jamt gode dimensjonar og stort sett frisk kvist av grei storleik.
Ein myte at grana blir for grov
Og det er ein myte at grana i bestand blir for grov for marknaden og at det hastar å hogge den. Etter 50 år i bestand utviklar grana (Picea Abiea) den viktige sylinderforma og legg på seg oppover i stammen og vi får lange rette stokkar. Enkeltståande tre og kantre legg gjerne på seg i nedre del av stammen heile livsløpet , men desse utgjer lite volummessig i eit større bestand.
Fleire spennande innlegg
Det var innlegg frå vegplanleggar i Skogselskapet Bergen og Hordaland Tormod Jacobsen, direktør ved Bergen Brygge Bernt Håvard Øyen, tidlegare skogbruksjef i Kvam i Hardanger Erling Skiple og Helge Kårstad frå Kystskogbruket (sjå litt omtale av innlegga under bileta, over og under).
Det er svært gledeleg
Det er svært gledeleg at representantar frå den utøvande næringa i bygdene tek initiativ til å arrangere slike skogdagar. Vi vil gjerne sterkt oppmode andre skogforetak i kystskogfylka til å gjere nettopp det. Det er dykk som kjenner utfordringane på kroppen og samtidig kan medverke til å spreie informasjon og entusiasme for dette fantastiske fornybare rådstoffet som trevirke er. All ære til Solberg Sag !
Sjå ei heilt fersk nettside frå Solberg Sag her: http://monica229.wixsite.com/solbergsagbrukda