Gryteklare flaskehalsar
Publisert 02.03.2026
I statsbudsjettet for 2026 er det for første gang i historia sett av statlege spleisemidler til fjerning av flaskehalsar for tømmertransport på kommunale veger.
Såvel trongen for tiltak som interessa for å gjere noko er stor, f.eks. her i Bjørnafjorden kommune i Vestland.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Stor takk til SP og Bjørn Arild Gram
Vi vil starte denne reportasjen med å takke Senterpartiet og forhandlingsleiar Bjørn Arild Gram som hausten 2025 fekk sett av 25 millionar kroner på statsbudsjettet 2026 til å fjerne flaskehalsar på kommunevegar. Gram har også uttalt at han ser på dette som ei viktig sak, og partiet vil difor prøve få denne ordninga inn på ordinært statsbudsjett i 2027.

Bakgrunnen
Det har vore kjent i mange tiår at det kommunale vegnettet i kystskogfylka er særs dårleg. I mange kommunar er det så gale at lovleg tømmertransport ikkje er mogeleg å gjennomføre. Dette distriktsvegnettet er mellom det dårlegaste i Europa har det blitt sagt.
Kystskogbruket vart etablert for nærare 20 år sidan, nettopp for å medverke til ei meir framtidsretta og konkurransedyktig skognæring i kystskogfylka. Drift- og transportkostnader frå stubbe til skogindustri var relativt store samanlikna med andre stader i landet. Dette blei ei prioritert sak i fleire Meldingar om Kystskogbruket. Utbygging av tømmerkaiar vart ei slik sak som i løpet av dei siste 13 åra og innan 2026/27 er løyst, ein suksess vil mange meine. Flaskehalsar for tømmertransporten fram til tømmerkaiane er derimot ei uløyst og prioritert sak framover.
Skognæringa Kyst har arbeidd mykje med tema flaskehalsar på kommunevegar dei siste 3 åra. Transportøkonomisk Institutt (TØI) vart tidleg engasjert. Innan utgangen av dette året vil TØI ha levert analysar og prioriteringar av kommunale- og fylkesvegar til opprusting/ oppskriving i alle kystskogfylka med unntak av Agder.
Gryteklare prosjekt
I påvente av at Landbruks- og matdepartementet skal lyse ut flaskehals midlane (25 mill. kr) om ikkje så lenge, vil vi gjerne bringe vidare den store interessa som er tilstades i mange kommunar for å fjerne flaskehalsar. Difor tek vi med dette eksempelet:
På Gåssand i Bjørnafjorden kommune i Vestland er det planta svært mykje gran. Basert på planteareal og alder er det oppgitt eit potensiale på hogst av inntil 60 000 kubikkmeter tømmer. Det er planlagt å bygge ca. 5 km skogsbilvegar i området. Men den kommunale vegen fram til skogsområdet (Gåssandvegen) er berre godkjent for 12,4 meter vogntoglengde, 8 tonn akseltrykk og 32 tonn totalvekt. I praksis betyr det at det ikkje er lovleg å nytte tilhengar og berre lovleg å lesse ca.10 tømmerstokkar (4 tonn) på enkel bil. Ja du har lese rett!
Difor kan det ikkje drivast skogsdrift i området før flaskehalsane på Gåssandvegen er fjerna og vegen oppskriven til å kunne nytte vogntog med fulle lass.


Ei skikkeleg oppskriving
Vi har saman med fagansvarleg for samferdsel i Bjørnafjorden kommune Per Atle Arefjord og skogsvegplanleggar Ove Frotvedt i FanAgro nyleg besøkt Gåssandvegen.
Frotvedt har gjennom planselskapet FanAgro planlagt skogsbilvegane i området i enden av Gåssandvegen, dette for å kunne få tilgang til 60 000 kubikkmeter tømmer.
Han har også føreteke ei vurdering av kva som må gjerast med den kommunale vegen for å kunne skrive den opp til ein akseptabel standard. I dette tilfelle gjeld det særleg møteplassar for passering med vogntog, nokre punktvise breiddeutvidingar og forsterking av ei bru. Det er enno ikkje føreteke ei kalkulering av kva det vil koste. Likevel meiner både Frotvedt og Arefjord at totalkostnaden ligg i storleiksorden inntil 5 millionar kroner.
Arefjord peikar på at Bjørnafjorden kommune har mange slike kommunale vegar, og det er ikkje sett av midlar til ei generell opprusting. Men ei statleg spleising vil vere svært interessant. Han legg til at ved eit tiltak som ovanfor skissert, vil Gåssandvegen kunne oppskrivast til 10 tonn akseltrykk, 19,5 meter vogntoglengde og 60 tonn totalvekt.
Vi kan også legge til at i TØI rapporten for Vestland, ligg Gåssandvegen som nr. 2 av dei prioriterte kommunale vegane i Bjørnafjorden kommune.

Innfelt er ei teikning med planlagde møteplassar, utarbeidd av FanAgro. Her må leggast til at det ofte er ein del personbiltrafikk på denne kommunale vegen