Ei risikabel haldning

Publisert 25.09.2015

«Er vi for lite opne for bruk av utanlandske treslag når klimaet endrar seg, og er dette ei risikabel haldning» spør professor Palle Madsen frå København Universitet. Mange skog- og klimainteresserte deltakarar frå heile landet deltok denne veka på den siste Enerwood-konferansen med tittelen «Økt biomasseproduksjon som klimatiltak – muligheter og utfordringer på Vestlandet»

Sentrale personar på konferansen i Bergen. F.v professor og prosjektleiar Palle Madsen frå København Universitet, seniorforskar Kjell Andreassen frå Nibio, prosjektleiar for klimaplantingar i Rogaland Ingeborg Anker-Rasch og norsk deltakar i Enerwood-prosjektet seniorforskar Bruce Talbot frå NIBIO.

Avdelingsingeniør Hans Nyeggen frå NIBIO si avdeling i Fana leia synfaringa i forsøksfelta. Nyeggen har lang erfaring og stor kunnskap om norske og utanlandske treslag og skogforsøksfelt, – her ved eit stormfelt grantre ved flate 70 som pr. i dag er det høgast produserande og blant dei eldste granforsøksfelta i Norge.
Alle foto. Helge Kårstad

Enerwood prosjektet
Med eit klart definert mål om å vere CO2 nøytrale (C-utsleppa like store som C-bindinga) innen 2050 gjekk alle dei nordiske landa i 2012 saman om prosjektet ENERWOODS. Deltakande land i dette prosjektet er Norge, Sverige, Finland, Estland, Latvia og Danmark. Føremålet var i fellesskap å forske seg frem til tiltak som kunne betre skogene som kjelde for bioenergi. Som kjent har Norge eit mål om å doble bruken av bioenergi innen 2020. NIBIO har vore representert ved seniorforskar Bruce Talbot i prosjektet.
Professor Palle Madsen ved København Universitet er prosjektleiar i Enerwood, og konferansen i Bergen representerte også avslutninga i prosjektet. Madsen orienterte om bakgrunnen for forskingsprosjektet, gjennomføring og resultat. Konklusjonar frå prosjektet var m.a.:

  • Sunne og høgt produktive skogkulturbestand har eit stort potensiale for å føre oss mot CO2 nøytralitet og motverke klimaforandringar.
  • Det er viktig at vi kan forynge og etablere eit breidt spekter av produktive og sunne treslag og utvalgt genetisk materiale.
  • Av tilveksten på bestandsnivå (50-100 år) vil 30% skuldast klimaendringar (varmare og våtare) og opptil 50% eller meir ved endra treslagssval. Det er også interessant at planteforedling kan bistå med mellom 8 og 50 % av tilvekstauken på bestandsnivå.

Ei risikabel haldning
Til Kystskogbruket seier professor Palle Madsen at «den norske holdning om bare stedegne treslag i de dyrkede produktive skove må anses for at være risikabel».

Professor Madsen underbyggjer dette med at dei boreale nordiske skogane er dominert av berre to treslag, gran og furu. Og det er ein heilt naturleg situasjon i Europa, og særleg i det nordvestlege Europa at vi har så få naturlege treslag. Dette skuldast istidene sin påverknad som også har begrensa både artsdiversiteten og den genetiske diversitet i naturen seier Madsen og legg til «Det stiller os relativt svagt i forhold til de drastiske klimaændringer, som man forventer kommer. Dertil kommer risikoen for adskillige nye sygdomme og skadedyrsangreb. Vi er afhængige af at vore skove er sunde og produktive, hvis de skal kunne modvirke de klimaforandringer, som vort voldsomme forbrug af fossile energikilder medfører. Samtidig skal skovene være tilpasningsdygtige. En spredning af risikoen på flere treslag og flere dyrkningssystemer og strategier (portfolie strategi) må anses for at det bedste vi kan gøre for at ruste os og minimere risikoen for større katastrofer i fremtiden».

Kulturskog og naturskog og greneområda mellom
Palle Madsen seier også at det sjølvsagt vil vere viktig å ta vare på «betydelige» områder i ein «naturlig» tilstand og med stadeigne artar av hensyn til å bevare og beskytte den naturlege biodiversitet og natur. Og dette kan ein gjere ved å klart skilje bruk og driftsføremål i landskapet. Vi må ha både naturskogar som blir forvalta med ei målsetjing om naturinnhald og biodiversitet og kulturskog som blir forvalta med føremål skogproduksjon. 
Også kulturskogen bør innehalde fleire tresalg presiserar Madsen: ”De forskellige driftsformål kan sagtens integreres på landskabsniveau, og produktionsskoven vil også bidrage til biodiversitet og naturindhold – ikke mindst grænsefladerne mellem produktions- og naturskov.” ”Husk, at produktionsskoven også bør omfatte 5-10 træarter, som kan blandes i forskellige mønstre og systemer.” 
Når det gjeld kulturskogen vil det vere viktig at den både tilpassar seg og motverkar klimaforandringar, det siste ved å bruke tre som alternativ til fossil energi og fossile materialar kommenterar professor Madsen tilslutt.

Fleire svært interessante føredrag.
Plansjef Jan Ivar Rødland i Vestskog SA orienterte om utfordringar og potensialar i skognæringa på Vestlandet og i Kystskogbruket. Han understreka ein sterk vilje til å utvikle næringa og stå saman innanfor heile verdikjeden frå stubbe til industri.
Forskar Stein Tomter frå NIBIO viste til ferske tal for skogressursar og tilvekst for ulike treslag i alle Vestlandsfylka. Svært interessante tal som vi vil kome tilbake til ved eit seinare høve.
Seniorforskar Kjell Andreassen frå NIBIO viste spennande og nye tal for biomasseproduksjon i sitkagran. På utferden etter lunsj vart dette vist fram i forsøksfelta på ein glimrande måte av Hans Nyeggen frå NIBIO sitt kontor i Fana.
Til slutt orienterte seniorforskar Tor Myking frå NIBIO om kva skogtreforedling kan bidra med og viste spesielt til planane for ein ny frøavlsplantasje for gran i Granvin. Også dette viktige tiltaket vil bli nærmare omtala på denne nettsida seinare.

F.v. Gitte Halvorsen, skogbruksjef i Vindafjord, Gerd Inger Aarnes frå Skogselskapet i Rogaland og for tida også journalist i Norsk Skogbruk, Reidun Gomo, fylkesskogmeister i Nord- Trøndelag og Palle Madsen, professor ved København Universitet.

F.v. Stein Michael Tomter, forskar frå Nibio og Magnus Vaktskjold som er rektor ved Stend vidaregåande skule. I bakgrunnen planta sommareik (Quercus rorbur) med bra kvalitet, noko innblanda med vanleg gran. Sommareika veks naturleg nordover til Nordfjord men fins som hagetre til Troms fylke.
Alle foto: Helge Kårstad