Infrastrukturprogrammet overlevert statssekretær Blåfjelldal

Publisert 27.10.2015

«Vi har prioritert skogsvegar og tømmerkaiar og vil gjere det vidare” sa statssekretær i Landbruks- og matdepartementet Hanne Maren Blåfjelldal då ho i dag mottok INFRASTRUKTURPROGRAMMET frå Skognæringa Kyst.

Leiar i Skognæringa Kyst Jan Ivar Rødland (nr. 2 fra venstre) overleverte i dag Infrastrukturprogrammet til statssekretær i Landbruks- og matdepartementet Hanne Maren Blåfjelldal.
Vidare f.v. Knut Dreier (dagleg leiar Moelven Van Severen i Namsos og styremedlem i Skognæringa Kyst) og Alf Daniel Moen (leiar felles Fylkeskommunalt oppfølgingsprogram)
Foto: Helge Kårstad

I vakkert haustveir stilte Skognæringa Kyst opp i Landbruks- og matdepartementet i dag for overlevere Infrastrukturprogrammet til den politiske leinga. Statssekretær Hanna Maren Blåfjelldal takka for oppmøtet frå skognæringa og viste til at denne regjeringa har satsa sterkt på utbygging av infrastruktur i skogbruket og har m.a. dobla løyvingane til skogsvegar. Ho takka for Infrastrukturprogrammet og understreka kor viktig ei slik synleggjering av verdiskapingspotensialet er. «Og ikkje minst er denne dokumentasjon av trongen for investeringar i infrastruktur og prioriteringa av dette også viktig for oss» sa Blåfjelldal. Ho lova ta signala i Infrastrukturprogrammet med i den planlagte Stortingsmeldinga om skog og tre og oppmoda skognæringa til å stå på i det vidare og informere om denne gode saka på breidt plan, i kommunar og fylker.

Ei ekstraordinær satsing
Infrastrukturprogrammet er utarbeidd av SINTEF og NIBIO og gir ein periodisert (5 års bolkar) oversikt over nødvendige investeringar i skogsvegar og tømmerkaier fram til 2040. Det er også utarbeidd ein oversikt over dei viktigaste flaskehalsane for tømmertransporten på det offentlege vegnettet.
Om ein legg føresetnadane i SKOG22 til grunn, vil ein kunne oppnå eit årleg økonomisk omsetningspotensial på 60 milliardar kroner innan 2040. Og Infrastrukturprogrammet skisserar ein potensiell auke i hogsten frå ca. 2 mill m3 i 2014 til 5,5 mill m3 i 2040. Men dette føreset ei forsert utbygging av skogsvegar på tilsaman ca. 3500 km i same periode. I praksis vil dette seie ei årleg 4-dobling av vegbygginga samanlikna med aktiviteten inntil 2011 og i 20 år framover. Totalkostnaden er her ca. 2,7 milliardar kroner for heile perioden. Likeeins må det prioriterast utbygging ved 26 tømmerkaier til ein kalkulert total kostnad på ca. 650 millionar kroner.
Skognæringa Kyst understreka på møtet at dette materialet viser at det trengs ei ekstraordinær satsing på infrastruktur for å oppnå verdiskapingsmåla i SKOG22, og mykje av dette er altså basert på dei gode resultata frå skogreisinga etter krigen.

Frå Kystskognbruket stilte Alf Daniel Moen (leiar felles Fylkeskommunalt oppfølgingsprogram), Jan Ivar Rødland (leiar Skognæringa Kyst), Knut Dreier (styremedlem Skognæringa Kyst), Kjersti Kinderås (dagleg leiar Skognæringa Kyst, Jan Olsen (Skogkurs og prosjektansvarleg for Infrastrukturprogrammet) og Helge Kårstad (ansvarleg infrastruktur i Skognæringa Kyst)