Hjemdal og Grøvan i KrF sikra tømmerkaiane
Publisert 23.11.2015
Hans Fr. Grøvan og Line Henriette Hjemdal (begge Kristeleg Folkeparti) har fått fullt gjennomslag for ei auka satsing på tømmerkaiutbygging. I statsbudsjettet 2016 som no er forhandla ferdig, er det sett av heile 22.5 millionar kroner ekstra til utbygging av tømmerkaier
Line Henriette Hjemdal og Hans Fr. Grøvan (begge Kristeleg Folkeparti) har fått fullt gjennomslag for ei auka satsing på tømmerkaiutbygging. I statsbudsjettet 2016 som no er forhandla ferdig, er det sett av heile 22.5 millionar kroner ekstra til utbygging av tømmerkaier. Begge har vore heilt sentrale for å få fram m.a. denne saka i budsjettforhandlingane på Stortinget i haust.
Ei næring med stor verdiskaping seier Grøvan og Hjemdal
Hans Fr. Grøvan (KrF Vest-Agder) sit i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget og sier at tømmerkaiane representerar skjeringspunktet mellom næring og transport.
«Dette er ei viktig satsing fordi skognæringa bidreg sterkt til auka verdiskaping i landet og sjøtransporten av skogsvirket er både miljøvenleg og relativt rimelegare enn transport på veg» legg Grøvan til. Sjølv kjem Grøvan frå Vest-Agder og håpar også at hamne i Mandal no kan byggast ut for å sikre skogeigarane i regionen betre rammevilkår.
Line Henriette Hjemdal (KrF Østfold) sit i Næringskomiteen på Stortinget og seier at skognæringa i landet er viktig for Kristeleg Folkeparti, ja næringa har ikkje minst store utviklingspotensialar. KrF ser det difor som sentralt å betre rammevilkåra for næringa og følgjeleg medverke for å redusere transportkostnadane ved å kanalisere meir av denne tungtransporten sjøvegen.
«Vi håpar dette tiltaket også vil gi raske resultat» seier Hjemdal.
Totalt ca. 46 millionar kroner til tømmerkaier i 2016
Frå før ligg det etter det vi kjenner til ca. 23.5 millionar kroner til tømmerkaiutbygging i statsbudsjettet (kapittel 1149, post 71). Ekstraløyvinga som no Kristeleg Folkeparti har fått gjennomslag for er på heile 22.5 millionar kroner og gjeld spesifikt tømmerkaier. Det betyr at det ligg totalt ca. 46 millionar kroner i statlege tilskot til utbygging av tømmerkaier i 2016.
«Me er jublande glade»
«Me er jublande glade» seier leiar i Skognæringa Kyst Jan Ivar Rødland.
«Ja det er er svært gledeleg at Kristeleg Folkeparti har engasjert seg så sterkt for å betre infrastrukturen i skognæringa» legg Rødland til. Og han viser til at Melding om Kystskogbruket ( 2015) har prioritert arbeidet med å bygge ut ein betre infrastruktur. Næringa sjølv har fått utarbeidd eit Infrastrukturprogram i 2015 som viser ei periodevis prioritering av utbygginga av infrastrukturen frå stubbe til industri. Her er effektive tømmerkaier sentrale og vil medføre ein reduksjon i transportkostnader, som oftast mellom 15 og 50 kroner pr. kubikkmeter.
«Det er ikkje minst gledeleg at politikarar så raskt følgjer opp klare signal frå ei einstemmig næring» avsluttar Rødland.