Partiet Venstre vil halvere skogsvegløyvinga
Publisert 05.11.2015
I sitt alternative statsbudsjett for 2016 føreslår partiet Venstre å kutte 65 millionar kroner i statstilskot til skogsvegar. Dette er om lag halve skogsvegløyvinga som regjeringa har føreslege.
I sitt alternative statsbudsjett for 2016 føreslår partiet Venstre å kutte 65 millionar kroner i statstilskot til skogsvegar. Dette er om lag halve skogsvegløyvinga som regjeringa har føreslege for 2016.
Dei kuttar 20 millionar kroner i regjeringa sitt framlegg over kapittel 1149, post 73 i statsbudsjettet (er sannsynlegvis post 71 fordi den m.a. gjeld løyving til skogsvegar). Så føreslår dei å kutte 45 millionar kroner som er sett av i jordbruksavtalen (LUF, kapittel 1150, post 50) som allereie er vedteke av Stortinget (17 juni, prop. 127 S, 2015-16).
Venstre vil ikkje bidra
Av historiske grunnar har kystskogfylka om lag halve skogsvegdekninga samanlikna med innlandet. Mange stader er anlegg av ny skogsveg ein føresetnad for i det heile å få fram skogen.
Skognæringa Kyst har nyleg lagt fram eit Infrastrukturprogram som viser eit behov for ei ekstraordinær satsing på infrastruktur for å oppnå målsetjinga i SKOG22 om auka verdiskaping. Mykje av bakgrunnen for dette er den suksessrike skogplantinga for å byggje landet etter krigen.
Likeeins har Skognæringa Kyst lagt fram sine ynskjer til alle politiske parti om å auke løyvingane til skogsvegar med 50 millionar kroner for 2016.
Venstre sitt alternative budsjett for 2016 viser at partiet ikkje vil bidra til å fremje den fornybare, vekstkraftige og distriktsvenlege skognæringa i kystskogfylka.
Les meir om Venstre sitt alternative statsbudsjett for 2016 her:
https://www.venstre.no/assets/Venstres-statsbudsjett-2016-endelig-021115.pdf
Les avisa Hordaland sitt oppslag om denne saka i dag, her