Egersund Tømmerkai under utbygging

Publisert 13.02.2019

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 13.02.2019

Eigersund kommune byggjer no ein ny tømmerkai sentralt i hamne i Egersund. Heile anlegget til ein totalkostnad kring 25 millionar kroner skal etter planen stå ferdig ca. 1. september.
 

Oversiktsbilde som viser oppstarta peling. Vidare ser vi at sjølve kaifronten vil bli trekt lenger ut enn dagens fylling. Stort bakareal og god tilgang frå offentleg veg, vil gi skogeigarane i regionen ein svært god sjøtilkomst sentralt i hamna i Egersund.
Foto: Vest Betong

Ei tømmerkai for mange kommunar
Tømmeret til den nye kaien i Egersund vil kome frå kommunane Rennesøy, Randaberg, Stavanger, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time, Hå, Bjerkreim, Eigersund, Sokndal, Lund, deler av Finnøy og i tillegg kommunane Sirdal, Flekkefjord og Kvinesdal i Agder. Dei viktigaste skogområda ligg innafor ein radius på 60 km, og det er venta eit årleg utskipingskvantum inntil 50 000 kubikkmeter tømmer.

Lokale firma utfører arbeidet
Det er firma Vest Betong frå Sandnes som er ansvarleg entreprenør. Under ei synfaring til anlegget i går opplyste Rikard Vinningland frå Vest Betong at arbeidet går etter planen, og det er venta ei ferdigstilling seinast 1. september 2019. Anlegget er prosjektert av Multiconsult Egersund v/Leif Arne Hellvik som også har byggeleiing.

Øverst: Under befaringa igår deltok f.v. havneinspektør Kjetil Lycke Bodal, skogbruksjef Hans Petter Tønnesen, Lars Slåttå frå Rogaland Skognæringsforum, havneinspektør Ove Romslo, Leif Arne Hellvik frå Multiconsult, Lloyd Gundersen frå Nortømmer, Elisabeth Smith frå fylkesmannen i Rogaland, Inga Apeland frå Vestskog, skogeigar Roar Apeland og lengst til høgre Rikard Vinningland frå entreprenørfirma Vest Betong.
Nederst: Pelinga er snart ferdig, og plastring med stor stein pågår.
Foto: Helge Kårstad

Bruksavtale sikrar skogeigarane
Det skal byggast ny 70 meter kaifront og eit baklager kring 2 dekar. Heile området vil bli asfaltert. Det vil også bli sett opp ISPS gjerde med brei port for gjennomkøyring med vogntog. Etter søknad er det gitt eit statleg tilskot på 19 millionar kroner til tømmerkaien i Egersund.
Det skal tinglysast ein bruksavtale, der eigaren av kaien gir ein framtidig bruksrett til skogeigarane i dekningsområdet (jfr. kommunane ovanfor). I dag er det Nortømmer og Vestskog som omset tømmer for skogeigarane og vil nytte tømmerkaien.

Opning i september
Ei offisiell opning vil finne stad i løpet av september månad. Landbruks- og matminister Olaug Bollestad vil bli invitert. Dette vil det bli orientert meir om seinare.

Den alltid blide og aktive skogbruksjefen i Eigersund, Hans Petter Tønnesen (t.h) set stor pris på at tømmerkaien no blir bygd. Av den grunn overrekte han sjølvlaga honning til anleggsleiar Rikard Vinningland i Vest Betong.
Foto: Helge Kårstad