Rogaland Senterparti vil ha sitkagran

Publisert 17.02.2019

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 17.02.2019

Rogaland Senterparti hadde årsmøte denne helga. Ein resolusjon om sitkagran frå Vindafjord Senterparti vart vedteke på årsmøtet. I resolusjonen heiter det m.a. at regjeringa ikkje bør forby planting av sitkagran.

Tommel Opp ! Delgatar frå Vindafjord SP framfor ei sitkagran i Rogaland.
F.v. Siv Bente Stople, Inga Apeland, Norleif Fjelland, Olaug Mari Øen, Ingvild Skare og Jone Skartland
Foto: Privat

90% stemde for resolusjonen om sitkagran
Inga Apeland i Vindafjord SP la fram resolusjonen på årsmøtet til Rogaland SP, og understreka at sitkagrana produsera mykje og gir god kvalitet om trea får bli gamle nok. Ho sa også at sitkagrana sitt store opptak av karbondioksid gjer den til det beste klimatreslaget i landet.
I debatten kom det innlegg både for og imot resolusjonen. Men under avstemminga stemde ca. 90% av dei 150 delegatane for framlegget frå Vindafjord SP.

Dette er resolusjonen:
Sitkagran i framtidsklimaet
«Auka karbonbinding gjennom fotosyntese i skog er nødvendig for å bremse oppvarminga av jorda. Sitkagran er det bartreslaget som klarer seg best langs norskekysten, og kan tole godt klimaendringane som kjem. I store delar av kystfylka har vi ikkje alternativ til sitkagran viss vi vil ha veksterleg skog og ressursar å hauste av. Rogaland SP meiner derfor at regjeringa ikkje bør forby planting av sitkagran, slik dei no vurderer. I dag har vi ei forskrift som regulerer planting av utanlandske treslag, noko som bør gjera eit forbod unødvendig»

Sitkagran – eit unikt treslag i norsk skogproduksjon; 87 år gammal sitkagran i Fana ved Bergen, ca 150 m3 pr. dekar.
Foto; Helge Kårstad