Nordland vil byggje 4 nye tømmerkaier
Publisert 09.03.2019
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 09.03.2019
Denne veka samlast skognæring, skogforvaltning og interesserte utbyggjarar av tømmerkaier i Nordland. Møtet var lagt til fylkesmannen sine lokaler i Bodø. Stor oppslutnad frå interesserte skogbrukarar og kaibyggarar frå Brønnøysund, Salten, Steigen og Stokmarknes resulterte i «stinn brakke».
Stor trong for betre infrastruktur i Nordland
Avdelingsdirektør John Kosmo opna møtet, og viste til stor trong for betre infrastruktur i skogbruket i Nordland. Han sa m.a. at investeringane ved tømmerkaiane på Drag (Tysfjord) og i Mosjøen hadde vore viktige både for å få ned transportkostnader, men også for i det heile å kunne drive eit rasjonelt skogbruk. Kampanjehogstar er blitt vanlege, også dette stiller store krav til effektiv transport og logistikk sa Kosmo mellom anna.
Modellen frå Drag
Helge Kårstad frå Kystskogbruket orienterte om status kring tømmerkaiutbygginga i Norge, og vilkåra for statlege tilskot. Han minna om at investeringa ved tømmerkaien på Drag i i Tysfjord (2012/13) kom i stand før staten si store satsing på tømmerkaiar. Bruksavtalen som vart utforma den gongen, har seinare blitt ein mal for alle 25 tømmerkaiane som hittil er bygd/utbetra langs kysten. Avtalane er tinglyste og sikrar skogeigarane tilgang til sjø, nær sagt for all framtid.
4 planar for tømmerkai presenterte
Under leiing av Torgunn Sollid og Kurt Jessen Johansson i Nordland Skognæringsforum, presenterte så 4 potensielle tømmerkaiutbyggjarar planane sine.
1. Brønnøysund. Her føreligg planer for ein tømmerkai på 50 meter med kommunen som eigar og framtidig driftar. Kommunen har tidlegare søkt statstilskot, men er enno ikkje prioritert.
Prognoser viser at det årleg kan hoggast inntil 35 000 m3 sitkagran og gran i dekningsområdet til kaien.
2. Salten. Siste året er det jobba med ei ny tømmerkai ved Elkem sitt anlegg i Sørfold. Det er nyleg uttalt frå leiinga i Elkem at det ikkje vart aktuelt med nokon ny tømmerkai. Av denne grunn vart Fauske kommune invitert til møtet i Bodø fordi der føreligg relativt konkrete planer for ei eigna tømmerkai. Siste dagane har leiinga ved Elkem uttalt at dei på nytt vil vurdere ei tømmerkai i Sørfold.
Saman med Sørfold kommune vil skognæringa raskt få avklara interesse og vilkår ved Elkem Salten.
Dekningsområdet for ein ny tømmerkai i Salten er kommunane Beiarn, Saltdal, Bodø, Fauske og Sørfold. Det må presiserast at skogbruket, skogforvaltninga i kommunane og dei som omset tømmer i området, hittil har vore samla om å satse på ei utbygging ved Elkem i Sørfold. Dersom ikkje det blir ei rask avklaring på dette no, vil ein tømmerkai i Fauske bli vurdert.
3. Steigen. Her føreligg nokså detaljerte planer for ein tømmerkai på 60 meter. Det er også ein føresetnad at kommunen blir eigar og framtidig driftar av ein eventuell ny kai. Det er tidlegare søkt Landbruksdirektoratet om tilskot, men anlegget vart då ikkje prioritert. Prognosar viser at det årleg kan hoggast inntil 40 000 kubikkmeter tømmer, hovudsakleg gran, i dekningsområdet. Skogbruksjef i Steigen Gjermund Laxaa understrekar at ein tømmerkai i Stegen vil vere heitl avgjerande for å kunne drive eit rasjonelt skogbruk i kommunne. Å trasnportere tømmeret til Drag vil vere for langt.
4. Stokmarknes i Hadsel. Det føreligg planer om eit nytt industriområde utanfor Stokmarknes
Tømmervikgruppen som produserar trepallar til fiskeindustrien (sjå oppslag her 05.04.18) skal etablere seg på dette industriområdet. Dei vurder ar samtidig å etablere ei saglinje for skur av sitkagran til palleproduksjon. Kommuneleiinga har planer om å bygge kai i området, og har stilt seg positiv til ein fleirbrukskai også for tømmer. Det er ikkje søkt om statstilskot til dette anlegget frå før. Dekningsområde vil vere Vesterålen og Lofoten og årleg tømmerkvantum er inntil 60 000 kubikkmeter.
Nordland Skognæringsforum vil engasjere deg
Det var ei engasjert forsamling i Bodø som til slutt konkluderte med at alle desse 4 kaiprosjekta burde etablerast. Men det er likevel klart at utan statleg støtte er det ikkje realistisk. Dei vil venteleg søkje om statstilskot til tømmerkaiar innan fristen 15. april. Som kjent er det sett av ca. 45 millionar kroner til tømmerkaiutbygging i Norge i 2019, – sjå meir info frå Landbruksdirektoratet i linken under.
Nordland Skognæringsforum vil engasjere seg vidare i denne saka som gjeld tømmerkaiutbygging i Nordland.
Info frå Landbruksdirektoratet: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/eiendom-og-skog/infrastruktur/tommerkaier